Hopp til innhold

Ny måling viser rekordmykje metan over Noreg

Miljødirektoratet slår alarm om metan-mengdene etter ny måling. Auken har aldri vore høgare frå eit år til eit anna.

Simulering av metan over Norge etter gasslekkasjen.

METAN-REKORD: Den nye årsrapporten for Miljødirektoratet sitt overvakingsprogram for klimagassar vart lansert denne veka. Den viser rekordhøge nivå for 21. gang på rad.

Illustrasjon: NILU

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

På oppdrag frå Miljødirektoratet har NILU (Norsk institutt for luftforsking) målt kor mykje klimagassar det er i atmosfæren.

Målingane viser høgare konsentrasjonar av metan og lystgass enn nokon gong tidlegare. «Skyhøgt nivå av metan i atmosfæren», konkluderer Miljødirektoratet.

– At metanmengda aukar er ikkje så overraskande. Det som forundrar oss er farten. Vi er usikre på kvifor mengda metan plutseleg aukar så raskt, seier Stephen Platt, som er seniorforskar ved NILU.

Han legg til at endringa «i hovudsak ser ut til å komme av auka utslepp frå våtmarker».

I eit oktober-brev til Klima- og miljødepartementet tilrår Miljødirektoratet å forby all uttak av torv frå myr.

Grøfting og øydelegging av myr er ei like stor kjelde til klimagassutslepp frå norsk landbruk som utsleppa frå drøvtyggjarar («ku-promp», sjå video i botn av saka).

Årsrapporten gjeld for 2021, og har ikkje rekna inn gassrøyrlekkasjen.

Metan frå gassrøyrlekkasjen blåste nordover

I september i år gjorde vindretninga at store mengder metan frå gassrøyrlekkasjen på Nord Stream blåste inn over Noreg.

Klimaforskarane på NILU har berekna at opptil 155.000 tonn metan slapp ut etter eksplosjonen. Desse verdiane blir først registrerte på neste års rapport.

Det årlege metanutsleppet frå den norske olje- og gassindustrien er til samanlikning 20.000 tonn.

Vi treng å snu metankurva raskt for å nå Parismålet, seier direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Parisavtalen forpliktar landa i verda til å avgrense temperaturstigninga på jorda til mindre enn 2 grader – aller helst 1,5 grad. Målet er å hindre at oppvarminga gjer uoppretteleg skade.

Miljødirektøren, som bestilte rapporten, samanliknar klimagassane i atmosfæren med ei «dyne rundt jorda».

Du kan seie at vi trivst med sommardyne. Men når det blir meir og meir klimagassar, byter vi til vinterdyne. Det blir for varmt, seier ho.

Ho legg til:

Det er godt å sjå at gassar som er regulerte under Montreal-protokollen går tydeleg ned. For dei viktigaste klimagassane derimot, går pilene i feil retning.

Såkalla KFK-gassar, som tidlegare vart brukt i sprayboksar og som drivgass i kjøleskap, har vore strengt regulert under Montrealprotokollen sidan 1989.

Viser at ting er verre enn vi trudde

På Stortinget og blant norske miljøorganisasjonar vert metan-målinga motteke med stor uro (sjå sitatboks).

  • Une Bastholm, MDG: Desse målingane viser at ting er verre enn anteke. Det er openbert at politikarane no må ta metanutslepp meir alvorleg enn før
  • Alfred Bjørlo, Venstre: Det som kjem fram her er svært alvorleg. Skal vi klare å nå klimamålet, må vi byrje å tenkje radikalt annleis om arealbruk.

Metan gir kraftigare oppvarming enn CO₂, men har til gjengjeld kortare levetid og vert brote ned raskare.

CO₂ i atmosfæren målt i deler per million partikler (ppm)
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus

Ubehageleg at vi ikkje veit kvar det kjem frå

Under klimatoppmøtet i Glasgow i 2021 lanserte USA og EU «Global metrane pledge». Løftet er eit mål om å redusere dei globale metanutsleppa med 30 prosent frå 2020 til 2030.

Bjørn Hallvard Samset er seniorforskar ved CICERO Senter for klimaforsking. Han karakteriserer målinga som «dramatisk».

Det er også ubehageleg at vi framleis ikkje heilt veit kvar all metanet kjem frå. Om det stemmer at stadig meir siv ut av våtmarker, kan det vere ein type utslepp det er veldig vanskeleg å gjere noko med. Verda vil halde fram med å bli varmare i fleire tiår endå, og det kan få slike sjølvforsterkande utslepp av metan til å berre auke endå meir.

Han legg til, litt håpefullt:

Denne målinga er ubehageleg lesnad, men det er trass alt betre å kjenne til situasjonen – så vi kan gjere noko med han.