Totalt gjennomførte Redningsselskapet 8207 oppdrag gjennom 2022.
Det er 8 prosent færre oppdrag enn året i førevegen.
Typiske oppdrag er framdriftshavari, grunnstøyting og lekkasje – nokre gonger med liv på spel.
Oversikta til Redningsselskapet viser at dei i fjor redda 22 liv på sjøen.
– I fjor hadde vi ein liten nedgang etter ein rekordsommar i 2021, seier Tobias Bang-Hansen, som er direktør for avdeling sjø i Redningsselskapet.
Vaksne over 40 år er mest utsett
Bakom statistikken peikar overordna trendar mot fleire drukningsulykker.
Forklaringa er generell befolkningsvekst, auken i talet på fritidsbåtar og ei stadig meir aktiv gruppe eldre.
Redningsselskapets drukningsstatistikk viser at det i fjor drukna 86 personer. I 2012 drukna 61.
Aldersgruppa som er mest utsett for å drukne er vaksne over 40 år.
84 prosent av dei omkomne er menn.
For 20 år sidan vedtok Stortinget ein nullvisjon for drepne og hardt skadde i trafikken.
I Hurdalsplattforma har regjeringa signalisert ein tilsvarande ambisjon for sjøen: «Nullvisjon for ulykker bør også gjelde på sjøen, og regjeringa vil prioritere det ulykkesførebyggjande arbeidet for å hindre drukning.»
Frå og med 1. juni må alle som skal køyra båt eller vasscooter som har eit fartspotensial på over 50 knop ha eit eiga bevis.
Det nye kravet kjem etter ynskje frå Sjøfartsdirektoratet.
NRK forklarer
Hva er høyhastighetsbeviset?
Alle som skal føre fritidsbåt (inkludert vannskuter) som kan oppnå en hastighet på 50 knop eller mer, må ta høyhastighetsbevis.
50 knop tilsvarer 92,6 km/t.
Kravet om høyhastighetsbevis innføres 1. juni 2023.
Dette er uavhengig av om du for eksempel har båtførerbevis eller fritidsskippersertifikat fra før.
Høyhastighetskurs består av en teoretisk del, en praktisk del og en teoretisk prøve.
Høyhastighetsbeviset i seg selv gir ikke rettigheter til å føre fritidsbåt, dette fordi høyhastighetskurset ikke vil gi grunnleggende opplæring i det å føre fritidsbåt.
I ein kronikk hos NRK Ytring skriv dagleg leiar i Flyte, Siv Jensen, at det er behov for ein samlande institusjon tilsvarande Trygg Trafikk:
– Det er mange aktørar som jobbar kvar for seg, men vi jobbar ikkje koordinert og målretta nok. Krafta og kompetansen finst, men dei førebyggjande kreftene må finne kvarandre.
– Det er mange aktørar som jobbar kvar for seg, men vi jobbar ikkje koordinert og målretta nok, seier dagleg leiar i Flyte, Siv Jensen.
Foto: Gorm Kallestad / NTBStortinget vedtok nullvisjon
Talet på drukningsulykker var utgangspunktet for ein «nullvisjon» som i fjor vår var oppe til votering på Stortinget.
Alle partia stilte seg bak visjonen om at ingen fiskarar skal omkomme på sjøen.
Saka starta med eit innlegg og eit representantforslag signert Olve Grotle (H).
– Det rører meg personleg at Stortinget gjer eit samrøystes vedtak om ein nullvisjon. Det vil auke sjansane for at vi greier å redusere dødsfall og alvorlege ulykker, sa han i etterkant av vedtaket.
På norske vegar har dødstala gått ned frå rundt 500 til under 100 etter at Staten etablerte ein nullvisjon for omkomne i trafikken.
Framdriftshavari er den største enkeltårsaka til at folk og fartøy treng assistanse og hjelp på sjøen. I tillegg har det vore dei siste åra har det vore ein auke i talet på brannrelaterte oppdrag på sjøen.