Hopp til innhold

Nytt krav frå neste år: Tusenvis av båtar kan bli liggjande i ro

Høghastigheitsbeviset til sjøs vert innført frå neste år. Det kan gjera at mange ikkje får bruka båtane sine.

Båt i høg fart, Stordabrua.

HØG FART: Frå neste år må båtførarar ha ekstra kurs om dei skal køyre båt over 50 knop. Her kan ein sjå ein båt ved Stordabrua.

Foto: Olav Røli / NRK

– I verste fall risikerer ein å få bøter om ein køyrer i over 50 knop utan beviset. Det kan også få store konsekvensar i eit forsikringsoppgjer dersom ein ikkje har dei naudsynte papira, åtvarar overingeniør Ole-Andreas Stræte i Sjøfartsdirektoratet.

Frå og med 1. juni 2023 må alle som skal køyra båt eller vasscooter som har eit fartspotensial på over 50 knop ha eiga bevis.

50 knop svarar til cirka 93 kilometer i timen.

Liten interesse i vest

Anslag tyder på at det finst om lag over 7.500 båtar og vasscooterar som har dette fartspotensialet. I mange tilfelle vert også kvart fartøy brukt av mange i familien, og talet på slike fartøy er venta å auka i åra framover.

NRK forklarer

Hva er høyhastighetsbeviset?

Hva er høyhastighetsbeviset?

Alle som skal føre fritidsbåt (inkludert vannskuter) som kan oppnå en hastighet på 50 knop eller mer, må ta høyhastighetsbevis.

Hva er høyhastighetsbeviset?

50 knop tilsvarer 92,6 km/t.

Hva er høyhastighetsbeviset?

Kravet om høyhastighetsbevis innføres 1. juni 2023.

Hva er høyhastighetsbeviset?

Dette er uavhengig av om du for eksempel har båtførerbevis eller fritidsskippersertifikat fra før.

Hva er høyhastighetsbeviset?

Høyhastighetskurs består av en teoretisk del, en praktisk del og en teoretisk prøve.

Hva er høyhastighetsbeviset?

Høyhastighetsbeviset i seg selv gir ikke rettigheter til å føre fritidsbåt, dette fordi høyhastighetskurset ikke vil gi grunnleggende opplæring i det å føre fritidsbåt.

Talet på personar som vil trenga bevis er dermed langt høgare enn talet på fartøy.

– Førebels går det treigt med interessa, i alle fall her på Vestlandet, seier Willie Wågen, instruktør i selskapet Sjøkompetanse på Leirvik på Stord.

– Men når me rundar nyttår vil det nok ta seg opp. Det er kjedeleg å ha ein båt som du plutseleg ikkje kan bruka, legg han til.

Willie Wågen, instruktør i Sjøkompetanse, Leirvik Stord.

Willie Wågen er ein av dei som har teke utdanning for å vera instruktør for folk som vil ta høghastigheitsbevis.

Foto: Olav Røli / NRK

Mannskapet må sjå

For å få beviset må du både ta eit teorikurs, men også gjennomføra eit praktisk kurs med båt.

På kurset får du mellom anna læra om alle faremomenta som kan oppstå i høg fart, korleis du brukar blikket, og korleis eventuelle passasjerar kan bli involvert.

– Når du køyrer fort med båt er det viktig å oppdaga farane tidleg, og å involvera dei i båten. Undersøkingar av fleire ulukker har vist at dei i båten såg kva som kunne skje, men så trudde dei sjåføren hadde kontroll, understrekar Wågen.

Båt som kan gå raskare enn 50 knop.

Anslag tydar på at det kan vera over 3.500 båtar i Noreg som kan gå fortare enn 50 knop.

Foto: Olav Røli / NRK

Bakgrunnen for innføringa av beviset var mellom anna mange ulukker til sjøs. Seinast 11. september skjedde ei fatal båtulukke i Bergen, der høg fart kan ha vore ein medverkande faktor.

I 2019 gav ut Statens havarikommisjon for transport ein rapport, der dei kartla ulukker med fritidsbåt i perioden 2008 til 2017.

I fleire av ulukkene var høg fart ein medverkande årsak. Samstundes var også promille og mørke ein gjengangar i årsakene bak, og farta var sjeldan over 50 knop.

Båtvelt Bergen byfjorden katring båtulykke

Tidlegare i september skjedde det ei alvorleg båtulukke i Bergen. Vitne har fortalt at båten hadde stor fart før ulukka.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Om lag

«Neste år kommer nytt sertifikat til sjøs. Det vil ikke redde et eneste liv», skreiv Bergens Tidende-kommentator Stig Arild Pettersen i sommar.

Avisen viste til at fleire instansar ville setja kravet til bevis allereie ved båtar som gjekk i 40 knop, ikkje 50 som det vart i dag.

– Eg vil oppmoda fleire til å ta kurset, også om du berre skal køyra i 35 knop, seier instruktøren Wågen.

Ifølgje Sjøfartsdirektoratet er det mange som allereie har teke den teoretiske delen av kurset for å få bevis.

– Det er gjennomført om lag 1.000 kurs teorikurs i heile Noreg, og mange er også i gang med dei praktiske kursa. Tilbakemeldingane me har fått så langt er gode, seier Stræte i Sjøfartsdirektoratet.

50 knop svarar til omlag 93 kilometer i timen.

Når ein passerer 50 knop nærmar ein seg 100 kilometer i timen med båten.

Foto: Olav Røli / NRK

Så langt er til saman ni verksemder godkjende for å halda kurs.

– Om kort tid startar me å skriva ut bevis til dei som har teke kurset, seier han.