– No kan eg redde folk viss dei hamnar i ein sånn situasjon, seier Isabell Strømland og smiler.
Redningsselskapet arrangerer «Trygg i vatn», som er eit nasjonalt program.
Målet er å auke kunnskapane og ferdigheitene blant ungdom, både i livredning, førstehjelp og ulike øvingar for å gjere dei nettopp trygge i vatn.
Hittil i år har 75 menneske drukna i Noreg. Fire norske statsborgarar har drukna utanlands, ifølgje Redningsselskapet.
Viktig, men også gøy
– Det er viktig å lære om dette, i tilfelle du hamnar i ein situasjon der du må redde nokon, seier Isabell Strømland, som er ein av elevane ved Sula ungdomsskule som har vore med på programmet.
Isabell Strømland, elev ved Sula ungdomsskule, seier det er viktig at alle lærer seg å symje.
Foto: Remi Sagen / NRKEtter denne dagen, har ho lært seg korleis ho reddar folk, korleis ein sym ordentleg, og ikkje minst hatt det gøy med vennene sine.
– Ein kystnasjon
– Noreg ligg på botnen i Norden når det gjeld ferdigheiter, både blant eldre og ungdommen. Også i Europa ligg vi på eit lågt nivå. Det jobbar vi i Redningsselskapet med å auke.
Det seier Jan Petter Ytreberg, som er hovudinstruktør for programmet i Møre og Romsdal.
Jan Petter Ytreberg, hovudinstruktør for Trygg i vatn i Møre og Romsdal seier ungdommane storkosar seg med opplegget.
Foto: Remi Sagen / NRKAv dei 79 personane som har drukna mellom januar og oktober i år, er 86 prosent menn og 14 prosent kvinner. 42 prosent har vore frå 60 år og oppover, ifølgje Redningsselskapet.
– Eg synest det er rart at vi ligg så dårleg an når vi er ein kystnasjon.
Han meiner at politikarane må ta grep.
– Vi blir nøydde å fylle bassenga i langt større grad – at politikarane tek ansvar for det, seier Ytreberg.
– Det er veldig mykje du kan lære av å bli redda, hoppe ut i vatnet og kjenne kor kaldt det kan vere, seier Ausrine Gecaite, elev ved Sula ungdomsskule.
Foto: Remi Sagen / NRK– Eg klarer det
Ausrine Gecaite er ein av dei som ikkje har tenkt særleg på tryggleiken i vatn tidlegare.
– Eg har eigentleg ikkje tenkt over det tidlegare, fordi eg har brukt redningsvest og eg trudde at det heldt. Men no har skjønt at det ikkje er godt nok.
– No har vi akkurat lært korleis vi skal redde ein kamerat i vatn, seier Matheo Edvardsen medan han flyt i sjøen.
Foto: Remi Sagen / NRK1 av 3 personar kan ikkje symje lengre enn 200 meter. Men Matheo Edvardsen er heldigvis ikkje ein av dei:
– Det er ganske rart at ikkje alle klarer det, men folk er jo ulike.
– Men du klarer det?
– Ja, eg klarer det, seier Edvardsen og smiler.
Her øver niandeklassingane ved Sula ungdomsskule på å bli betre og tryggare i vatn med Redningsselskapet.
Foto: Remi Sagen / NRK