Hopp til innhold

Raude tal set fødetilbod i spel: – Ein sjokkarta beskjed, seier jordmora

Milliardunderskot i helseføretaka gjer at sjukehusa vurderer dramatiske sparetiltak.

Hovudtillitsvald Britt Heidi Tefre for Norsk Sjukepleierforbund på Voss sjukehus

SOMMARSTENGING: Voss sjukehus må spare 27 millionar kroner. Blant tiltaka som vert vurdert er sommarstenging av fødetilbodet.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ein køyretur inn i landet frå Bergen, halvannan time på «Noregs verste veg», ligg fødeavdelinga på Voss.

Hit kjem svangre kvinner frå Sogn, Hardanger og Nerøyfjorden når dei kjenner at tida er inne. Kvart år kjem det om lag 500 born til verda på lokalsjukehuset.

Men no er «Føden» i spel.

Voss sjukehus er nøydde til å spare 27 millionar kroner, og blant tiltaka som vert vurdert er sommarstenging av fødetilbodet.

– Det var ein sjokkarta beskjed, og eg vil helst tru at det ikkje er sant, seier Britt Heidi Tefre, som er jordmor og hovudtillitsvalt på Voss sjukehus.

På mødretreff i Eidfjord, endå ein time unna Bergen, sit Anette Hereid Olaussen og Kari Lægreid med kvart sitt juni-born på fanget.

– Det handlar om tryggleik. Det er nok med fødselen om du ikkje skal uroe deg for lang reiseveg òg, seier Anette.

– Om vi skal bu i distriktet, er det synd om dei fjernar eit så viktig tilbod, seier Kari.

Anette Hereid Olaussen saman med dottera Thea som vart fødd 5. juni 2022.

Anette Hereid Olaussen saman med dottera Thea som vart fødd 5. juni 2022.

Kari Lægreid saman med sonen Per fødd 27.juni i 2022.

Kari Lægreid saman med sonen Per fødd 27.juni i 2022.

Hovudtillitsvald Britt Heidi Tefre for Norsk Sjukepleierforbund på Voss sjukehus viser oversikta over fødslar ved sjukehuset.

– Det var ein sjokkarta beskjed, og eg vil helst tru at det ikkje er sant, seier Britt Heidi Tefre, som er jordmor og hovudtillitsvalt på Voss sjukehus.

Fødselsoversikt på Voss sjukehus

Fødselsoversikt på Voss sjukehus.

1,7 milliardar kroner i minus

Bakgrunnen for sparetiltaket er «blodraude tal» på sjukehus i heile landet.

Ein gjennomgang i Dagens Medisin viser at dei regionale helseføretaka ligg 1.709.600.000 kroner «bak skjema».

Eller litt enklare: Dei har så langt i år brukt 1,7 milliardar kroner meir enn dei skulle.

  • Helse Vest (som Voss sjukehus sorterer under): minus 335 millionar kroner
  • Helse Sør-Aust: minus 730 millionar kroner
  • Helse Nord: minus 628 millionar kroner
  • Helse Midt-Noreg: minus 16 millionar kroner (utan eit eigedomssal på 95 millionar kroner ville dei ha vore 111 millionar kroner i minus)

Til NRK seier Helse Bergen at det er «krevjande tider» og at «ingenting er avgjort», men at summen av lang reisetid og det som er «ei svært velfungerande avdeling» gjer at det skal «tunge argument» til for å sommerstenge fødeavdelinga på Voss.

Kjerkol på besøk Kristiansund sjukehus

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) på besøk i episenteret for «bunadsgeriljaen» – Kristiansund sjukehus.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Vi må bruke ordet krise

Forklaringa på underskota er covid-etterslep, auka sjukefråvær og galopperande lønns- og innleigekostnader.

I eit avisinnlegg skriv sju sjukehusdirektørar at dei er fanga i ein situasjon der dei må kaste pengar etter vikarbyrå.

– For få år sidan var det eit titals søkjarar på ei ledig sjukepleiarstilling, i dag er vi heldige om det er ein eller to. Stadig oftare er det ingen, skriv dei.

På toppen kjem høgare utgifter knytt til straum, utstyr og medikament.

I budsjettet tok Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN) høgd for ein prisvekst på 1,5 prosent. I realiteten har veksten vore på 6,5 prosent, det høgaste sidan 80-talet.

– Vi må ta i bruk ordet krise, seier Roald Linaker, som er styreleiar ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN).

Tidlegare i haust avlyste sjukehuset turen til 40 medarbeidarar som skulle på konferanse om framtida til sjukehusa. Forklaringa var at det ganske enkelt ikkje var pengar til å sende dei.

OuKky4Swqmw

Hanne Smedal Tenggren sykla med bunad i fem dagar frå Kristiansund til Oslo for å overlevere ein analyse som viser at det er betre å behalde føde og akutt i kvar by kontra å byggje eitt fellessjukehus i Molde.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Kjerkol: – Kan ikkje kommentere kvart enkelt forslag

Også andre sparetiltak har skapt merksemd, blant dei full stans av «ikkje-kritiske innkjøp», «interne ombyggingar» og forslaget om ambulansekutt i Vestland.

– Det er fleire forslag i omløp, som eg skjønar vekkjer oppsikt. Men å kommentere kvart enkelt forslag gir ikkje meining for meg å gjere no, seier helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).

I oktober la ho fram det hø sjølv kallar «eit stramt budsjett» for 2023.

I byte mot auka grunnfinansiering og meir pengar til aktivitetsvekst, blir helseføretaka pålagde å effektivisere drifta med 263 millionar kroner.

For å sikre at helseføretaka «får betre kontroll over ressursbruken» vedtok regjeringa same månad å avvikle fritt behandlingsval.

– Ordninga har i lita grad oppnådd formålet med å gjere helsetenesta meir effektiv, sa Kjerkol, med referanse til ein evaluering frå 2021.

eVmpI_EG4ds

Ved omorganiseringa i 2002 vart det etablert fem regionale helseføretak i Noreg. Frå 2007 vart to av føretaka Helse Sør og Helse Aust, slått saman. I dag er det dermed fire slike føretak.

Foto: Lise Åserud / NTB

Har vorte 3800 færre sjukehussenger

Bakom syng det som vert kalla eit helseøkonomisk paradoks.

Noreg er blant landa i verda som bruker størst del av bruttonasjonalproduktet på helsevesenet, og sidan 2005 har spesialisthelsetenesta vorte styrkt med 80 milliardar kroner (40 milliardar justert for prisvekst).

I løpet av same periode har det vorte 3800 færre sjukehussenger.

Korleis kan det ha seg?

Blant dei som skal rekne på det er Nasjonal helse- og samhandlingsplan, Sjukehusutvalet, Helsepersonellkommisjonen, Helseberedskapsmeldinga, Folkehelsemeldinga og Ekspertutvalet for fastlegeordninga.

Svar og tilrådingar vil kome i løpet av det neste året.

– Dersom det kjem strukturelle endringar, så må dei greiast ut godt og grundig, seier Per Karlsen, som er finansdirektør i Helse Vest.

Han legg til:

– Det kjem ny saldering før nyttår, og då kan det kome litt meir pengar. Eg kryssar fingrane for det. Og at det kjem meir i statsbudsjettet.

Fødeavdeling ved Stavanger universitetssjukehus

Ein gjennomgang i Dagens Medisin viser at dei regionale helseføretaka i år ligg 1.709.600.000 kroner «bak skjema».

Foto: Carina Johansen / Carina Johansen

Måndag denne veka starta budsjettforhandlingane mellom regjeringa og SV, tre dagar etter at SV-leiar Audun Lysbakken la fram deira alternative statsbudsjett.

Der foreslår SV å styrke sjukehusa med éin milliard kroner. Til gjengjeld foreslår dei to store kutt:

  • Kutt i investeringslånet til det nye universitetssjukehuset i Oslo, og i staden prioritere trinnvis utbygging av Aker framfor Rikshospitalet (655 millionar kroner).
  • Kutt i bruk av bemanningsselskap i helseføretaka (150 millionar kroner).