Hopp til innhold

Rapport: Flytrafikken tilbake på normalt nivå allereie i 2023

Allereie om to år vil flytrafikken vere tilbake på normalt nivå. – Klimapolitisk galimatias, seier MDG.

Widerøe-fly i ferd med å lette frå Førde Lufthamn

MEIR TRAFIKK: Flytrafikken vil ta seg kraftig opp etter koronaen, spår forskarar ved Transportøkonomisk Institutt.

Foto: Martha Linnea Pukallus / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Den digitale revolusjonen til trass – flytrafikken vil vere tilbake på pre-pandemisk nivå innan to år. Det er hovudkonklusjonen i ein omfattande rapport utarbeidd av Transportøkonomisk institutt (TØI).

– Når alle er vaksinerte og folk føler seg trygge på å fly igjen, vil trafikken kome tilbake, seier seniorrådgjevar Lars Draagen i Avinor.

I rapporten heiter det mellom anna: «For fritidsreiser kan vi sjå for oss at eitt til to års reiserestriksjonar alternativt vil medføre fleire flyreiser, i kvart fall på kort sikt, når de som har økonomi til det endeleg får mogelegheit til å fly igjen».

Sidan 1980-talet har flytrafikken hatt ein jamn årleg vekst på nesten 4 prosent, men i fjor var nedgangen på heile 63 prosent.

For Avinor tydde dei ein inntektssvikt på 7,2 milliardar kroner.

– Musikk i mine øyrer

Rapporten legg til grunn ein årleg vekst i det private konsumet i Noreg på 2,2 prosent fram mot 2050. Låg kronekurs og BNP-vekst i Europa vert også lagt til grunn når det blir spådd fleire utanlandske flypassasjerar.

– Dette er «som musikk i mine øyrer» og veldig positivt for reiselivsnæringa, seier Sigurd Kvikne, hotelldirektør ved Kviknes Hotell i Balestrand i Vestland.

Før korona var 60 prosent av gjestane hans utanlandske. Omsetninga vart i fjor halvert.

– Signala om at vi er tilbake på vanleg nivå allereie i 2023, er meir enn eg kan håpe på, seier han.

LES OGSÅ: «Noreg mot 2025»-utvalet anbefaler regjeringa å skrote taxfree-ordninga.

Widerøe-fly i ferd med å lette frå Førde Lufthamn

DOBBELTE: I perioden 2023 til 2030 vil innanlandstrafikken auke med 2 prosent. Utanlandstrafikken vil auke det dobbelte, trur forskarar ved TØI.

Foto: Martha Linnea Pukallus / NRK

Teams-møtet tok livet av jobbreisene?

Før jul meldte NHO Luftfart at «marknaden for flyreiser interkontinentalt er nesten borte», og tidlegare denne veka melde NRK om bedrifter som «nesten har slutta å fly».

– Vi har lært oss å bruke nye elektroniske hjelpemiddel som har skapt varige endringar, sa Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde.

Også TØI-rapporten legg til grunn at epidemien har kasta om på vante førestillingar knytt til møter og arbeidsreiser.

Men sjølv om arbeidsreisene vert redusert med mellom 10 og 20 prosent på grunn av digital kommunikasjon, vil denne effekten «gradvis halverast dei neste fem åra», heiter det i rapporten.

– Dei viktigaste drivarane for flytrafikken er den økonomiske utviklinga og innbyggartalet. Når det veks, veks også flytrafikken, seier Draagen.

– Klimapolitisk galimatias

Førre veke la regjeringa fram Nasjonal transportplan 2022-2033, som slo fast at norsk luftfart skal vere «konkurransedyktig også etter korona».

– Koronapandemien har ført til et dramatisk fall i talet på flyreiser, og det er usikkert når situasjonen vil normalisere seg, sa samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Han la til at regjeringa «vil styrke arbeidet med å utvikle luftfarten i utsleppsfri retning».

– Veien ut av koronakrisa må bli vegen ut av klimakrisa, seier nestleiar i MDG, Arild Hermstad.

Han kallar det «klimapolitisk galimatias» å jobbe for at flytrafikken skal opp igjen på tidlegare nivå.

– Det er å kaste på båten all den kunnskapen vi har fått om korleis digitale møter kan erstatte ein stor del av flytrafikken.

Widerøe-fly i ferd med å lette frå Førde Lufthamn

TRUMFAR DET MESTE: – Dei viktigaste drivarane for flytrafikken er den økonomiske utviklinga og innbyggartalet, seier seniorrådgjevar Lars Draagen i Avinor.

Foto: Martha Linnea Pukallus / NRK