– Vi har lært oss å bruke nye elektroniske hjelpemiddel som har skapt varige endringar, seier Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde.
I 2019 gjennomførte helseføretaket 1965 flyreiser. I fjor var talet nede 731.
Helse Førde er ikkje dei einaste som har «slutta å fly». Ein ny rapport utarbeidd av Transportøkonomisk Institutt (TØI) viser at seks av ti flypassasjerar forsvann i 2020.
I fjor reiste 20 millionar passasjerar gjennom norske lufthamner. I 2019 var det fleire enn 30 millionar passasjerar som gjorde det same.
For Avinor betydde det ein inntektssvikt på 7,2 milliardar kroner. Konsekvensen er at selskapet no må spare 2 milliardar kroner.
Berre ved Oslo Lufthamn var resultatet 668 millionar i minus.
– Luftfarten er ein av dei som er hardast ramma av pandemien, seier divisjonsdirektør i Avinor, Thorgeir Landevaag.
Han legg til:
– Pandemien har lamma heile landet, mest merka er utanlandstrafikken, men det påverkar også regional- og lokalnettet.
I mai i fjor fekk selskapet ei krisepakke på 5 milliardar.
– Vil vere borte etter korona
NHO Luftfart teikna eit dystert bilete for bransjen før jul:
Svein Bråthen er professor i transportøkonomi ved Høgskulen i Molde. Han er ikkje sikker på at talet på flyreiser vil «sprette tilbake» til normalen.
– Vi ser føre oss at mellom fem og 10 prosent av flyreisene på kortbanenettet vil vere borte etter korona. Men det heile er veldig usikkert, for vi har ikkje fasiten, seier han.
Widerøe-fly i ferd med å lette frå Førde lufthamn
Foto: Martha Linnea Pukallus / NRK– Eit velfungerande flytilbod er viktig for folk
Førre veke la regjeringa fram Nasjonal transportplan 2022-2033, som slo fast at norsk luftfart skal vere «konkurransedyktig også etter korona».
Samferdselsminister Knut Arild Hareide seier til NRK at det er viktig å halde oppe eit godt flytilbod også i framtida.
– Eit velfungerande flytilbod er viktig for folk og næringsliv i heile landet, seier han.
Statsråden fortel at han følgjer situasjonen tett, og at han ønskjer ein konkurransedyktig norsk luftfartsbransje også etter korona.
– Framover vil vi styrkje arbeidet med å utvikle luftfarten i utsleppsfri retning, seier Hareide.
Meiner kortbanenettet er viktig
Frank Kristiansen i Båtsfjord næringsforeining i Troms og Finnmark påpeikar kor viktig småflyplassane er.
– Det vil vere historielaust å redusere flytilbodet fordi langt færre har floge det siste året, seier han.
Han trur behovet for å fly vil ta seg opp igjen nesten til normalt nivå når pandemien er over.
– Vi som driv bedrifter i små lokalsamfunn er avhengige av å få personell raskt inn og ut. Det kan vere mannskapsbytte på båtar eller sesongarbeidarar i industrien, seier han.
AVHENGIG AV FLYPLASSEN: Frank Kristiansen i Båtsfjord næringsforeining i Troms og Finnmark fortel at småflyplassane er heilt avgjerande for næringslivet i Nord-Noreg.
Foto: Stian Strøm / NRK– Avhengige av å hente helsepersonell
Sjølv om Helse Førde vil flyge mindre i åra som kjem, legg sjukehusdirektør Varden likevel vekt på at flytilbodet er viktig for helseføretaket.
– Vi vil mellom anna vere avhengige av å hente helsepersonell til og frå som bur langt vekke, seier han.
VIL FLY MINDRE: Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, fortel at overgang til digitale løysingar gjer at helseføretaket kjem til å flyge mindre i åra som kjem.
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK