Hopp til innhold

Rygga først frå kontrolløren på E16 - så prøvde sjåføren seg på ein sideveg...

Då den tsjekkiske sjåføren såg skiltet om kontroll bråbremsa han og sette bilen i revers på E16. Morgonen etter prøvde han å snike seg forbi.

Denne semitraileren vart stogga på ein omkøyringsveg - kontrollen viste fleire brot og manglar

HER BLIR HAN STOPPA: Den tsjekkiske sjåføren måtte pent bli med til kontrollstasjonen på Håbakken etter at han var stogga. Det skjedde her på fylkesvegen som går på andre sida av Lærdalsdalen enn E16.

Den tsjekkiske sjåføren har truleg fått seg ein lærepenge. Det er nemleg ikkje så lett å lure Statens vegvesen sine utekontrollørar i Lærdal.

– Det var heilt tydeleg at denne sjåføren ikkje hadde noko interesse av å kome innom oss til kontroll. Men han greidde ikkje snike seg unna, seier utekontrollør Jan Ove Bjørgum i Statens vegvesen.

Rygga frå kontrolløren på E16

Med si plassering like ved tunnelmunningen til Lærdalstunnelen ligg Statens vegvesen sin kontrollstasjon på Håbakken midt i smørauget mellom aust og vest. Hundrevis av vogntog og semitrailerar passerer kvar dag gjennom rundkøyringa på E16 i Lærdal.

Ein som hadde tenkt seg gjennom denne rundkøyringa onsdag kveld var ein tsjekkisk lastebilsjåfør som kom frå aust. Problemet hans var berre at kontrollørane til Vegvesenet ville sjå nærare på han før han kom så langt.

– I 23-tida onsdag kveld såg kontrollørane på Håbakken eit køyretøy som kom frå aust og inn mot kontrollplassen. Men i det sjåføren ser skiltet om kontroll, stogga han og byrja rygge tilbake, fortel Jan Ove Bjørgum.

Ein av kontrollørane tok beina fatt, men den tsjekkiske sjåføren var raskare. Etter å ha rygga så best han kunne på europavegen fekk han snudd på ein terminal eit lite stykke frå kontrollstasjonen.

– Så forsvann han oppover dalen att.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Ove Bjørgum

LET SEG IKKJE LURE: Jan Ove Bjørgum har mange års erfaring som utekontrollør i Statens vegvesen. (biletet er frå ein tidlegare kontroll).

Foto: Anna Gytri / NRK

Vart oppdaga på smal sideveg

Kontrolløren var så nære semitraileren at han meir eller mindre hadde augekontakt med sjåføren, som heilt tydeleg ikkje hadde lyst å ha noko med folk frå Vegvesenet å gjere, fortel Bjørgum. Biltype og logonamn på bilen vart notert, og dei andre kontrollørane vart informert og bedne om å halde ekstra utkikk.

I løpet av natta såg ikkje kontrollørane noko til bilen, og då Jan Ove Bjørgum og eit nytt skift kom på jobb klokka 06 fekk dei beskjed om å halde eit vake auge etter bilen.

– I det folka frå nattskiftet skulle gå såg dei eit større køyretøy på fylkesvegen som går på andre sida av dalen. Då vi såg litt nærare på det, såg vi at det stemte ganske godt med dei kjennemerka vi hadde fått om bilen som snudde kvelden før, fortel Bjørgum.

Sidan bilen berre timar før altså like ved kontrollplassen, ante kontrollørane ugler i mosen då bilen var på veg vestover på sidevegen gjennom Lærdal. Dette er ein veg som i hovudsak ikkje eignar seg for større køyretøy.

– Vi er alltid litt interessert når det køyrer større køyretøy på denne vegen medan vi har kontroll. Spesielt når vi har lengre kontrollar, og folk kan prøve snike seg forbi på den sida, seier Bjørgum.

– Eg mistenkte at han hadde noko å skjule

Han heiv seg i bilen og køyrde ned til sjukehuset i Lærdal, og etter nokre minutt kom den kvite semitraileren sigande.

– Eg fekk stoppa han, og fekk han med meg tilbake til kontrollstasjonen på Håbakken. Han protesterte ikkje og la fram papira eg bad om, seier Bjørgum.

Tilbake på kontrollstasjonen vart den tsjekkiske semitraileren køyrt inn på vekta. Men der var alt i orden.

– Men eg hadde mistanke om at han hadde noko å skjule. Når nokon stikk frå kontroll eller prøver unngå kontroll, så køyrer vi alltid full pakke.

(Artikkelen held fram under)

Fleire vogntog har blitt ståande på Håbakken etter kontrollar dei siste dagane

BLIR STÅANDE: Den tsjekkiske sjåføren er berre ein av fleire som har måtte bli ståande på Håbakken etter kontrollar dei siste dagane.

– Hadde nok litt panikk for å bli stogga

Ein nærare sjekk av køyre- og kviletida gav resultat. I tillegg til fleire brot på reglane fann Bjørgum det han trur er hovudårsaka til at sjåføren ikkje hadde lyst innom kontrollstasjonen.

– Det viste seg at kvelden før, altså onsdag kveld då bilen hadde vore ned til kontrollstasjonen og rygga vekk, så var det sjåførkortet til ein annan sjåfør som hadde stått i.

– Det var berre ein person som var i køyretøyet då vi stogga det i dag tidleg, og vi har lite trua på at ein tsjekkisk sjåfør har forlate køyretøyet oppe i dalen i løpet av natta, seier Bjørgum.

– Sjåføren køyrde nok på kortet til ein annan, og dermed hadde han litt panikk for å bli stogga.

NRK har tidlegare fortalt at Norges Lastebileigarforbund meiner utanlandske sjåførar bevisst bruker fleire sjåførkort for å unngå å kvile.

Kan vente seg bot

I tillegg til dette hadde ikkje den tsjekkiske sjåføren med seg ein einaste kjetting. Fram til over påske er det framleis krav om sju kjettingar på eit vogntog, og dette må sjåføren få på plass før han får køyre vidare.

Torsdag kveld står den tsjekkiske sjåføren framleis på kontrollstasjonen på Håbakken.

Han kan no vente seg ei klekkeleg bot, etter at han har blitt politimeld for å prøve å unndra seg kontroll og brot på køyre- og kviletida. I tillegg er han altså mistenkt for å ha brukt sjåførkortet til ein annan sjåfør.