Hopp til innhold

Pussa opp politi­kontor til ein halv million – står stort sett tomt

Politiet vil ikkje ha det nyoppussa politikontoret, men kan ikkje kvitte seg med det.

Christian Sønstlien, ordførar i Årdal, framfor politistasjonen i kommunen.

STENGT: Ordførar Christian Sønstlien (Ap) framfor politistasjonen i Årdal. Stasjonen er berre open etter avtale.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det er ingen som er tent med å ha eit kontor som ikkje er bemanna, seier ordførar Christian Sønstlien i Årdal i Sogn.

Det er sjeldan lys på det nyoppussa politikontor i industribygda.

Politiet brukte over ein halv million kroner på å pusse opp kontoret.

Kontoret sto klart i mai i fjor og skulle halde ope to gonger i veka.

Etter ti veker blei det likevel klart at politiet ikkje hadde ressursar til å halde på opningstidene, skriv Sogn Avis.

Årdalstangen, Årdal kommune

Politiet tilrådde å ikkje ha politikontor i Årdal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Lokalpolitikarane i Årdal kjempa hardt for å halde på kontoret då nærpolitireforma reduserte talet på lensmannskontor og politistasjonar i Noreg.

Men både Årdal og nabokommunen Aurland mista det sjølvstendige lensmannskontoret sitt i 2020. Dei blei likevel kompenserte med kvar sitt avdelingskontor.

No står begge kontora utan faste opningstider.

Det finst inga oversikt over kor ofte kontora faktisk er opne.

Ordførar i Aurland, Kjell Bøe Bjørgum (Ap), er oppgitt over situasjonen.

Det er tragisk at vi har komme dit at vi har tomme politikontor, seier han.

Politiet ville i utgangspunktet ikkje ha kontora.

– Vi ønsker ikkje å bruke ressursane våre på lokasjonar, men å vere tilgjengelege og synlege, seier leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Dag Fiske.

Det var Sogn Avis som først skreiv om saka.

Dag Fiske foran kart av Sogn og Fjordane

Dag Fiske er leiar for politiet i Sogn og Fjordane

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Les også Denne splitter nye politistasjonen kan bli tømt for politifolk

Det nye politikontoret på Innhavet i Hamarøy

Opnar kontor mot politiet sin vilje

Over heile landet skal det poppe opp nye politikontor som politiet ikkje vil ha.

Regjeringa skal opne 20 nye polititenestestader innan utgangen av 2024. Argumentet er å styrke det lokale politiet.

Ni nye polititenestestader har allereie blitt opna. Fem av dei mot det lokale politiet si vilje.

Forbundsleiar Unn Alma Skatvold i Politiets Fellesforbund karakteriserer opninga som symbolpolitikk.

Ho viser til at det allereie finst rundt 19 politikontor som står heilt tomme, og rundt 30 kontor der det jobbar éin eller to.

– Eg synest det er heilt bakvendt at vi skal bruke tid og ressursar på å opprette kontor mot alle politifaglege råd, med tanke på den budsjettsituasjonen vi er i.

Ifølgje Nettavisen fekk politileiarar på ei samling førre veke beskjed av politidirektør Benedicte Bjørnland om å roe ned retorikken mot justisminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Politifolk har dei siste månadene kritisert Mehl for gjenopning av politikontor i meir eller mindre grisgrendte strøk.

Unn Alma Skatvold

Unn Alma Skatvold i Politiets Fellesforbund synest opninga av nye politikontor er symbolpolitikk.

Foto: Politiets Fellesforbund

Politiet sjølv meiner at dei treng 1600 nye politibetjentar for å nå kravet til bemanning.

Samtidig står over halvparten av nyutdanna politifolk utan jobb.

Statssekretær Sigve Bolstad (Sp) skriv i ein e-post til NRK at det for regjeringa er viktig å prioritere politiet i heile landet.

– Politiet skal ha eit nærvær der folk bur for å førebyggje og skape tryggleik. Dette er ei politisk prioritering, samtidig blir ressursane disponerte i kvart politidistrikt av kvar enkelt politimeister.

Ønsker å behalde kontoret

Årsaka til at politikontora i Årdal og Aurland ikkje er bemanna, er at politiet heller vil vere synleg i gatene enn å ha dei på eit kontor.

I bygdene har dei no såkalla fleksible opningstider på politistasjonane, for ikkje binde personalet fast til kontoret.

Det betyr at innbyggarane kan gjere ein avtale med politiet for eit møte på politikontoret. Stort sett får innbyggarane eit møte i løpet av ei veke.

Kostnadar knytt til politiavdeling i Aurland og Årdal

Årdal

Aurland



Etableringskostnadar

535.252

368.834

av dette: avviklingskostnadar

27.030

11.634

Årleg husleige

306.000

200.000

Budsjett 2023

Månadleg utgifter

6.750

5.583

Budsjett 2023

Og politikontora i nabobygdene ser ut til å halde fram.

– Vi er låst opp i leigeavtale og det er politisk styrt at vi skal ha kontora, så det blir ingen endring per dags dato, seier Fiske.

Les også Politiet mener de ikke får gjort jobben sin: – Min plikt å si ifra

Hilde ved t-bane