Hopp til innhold

– Politiet får ikkje nok pengar til å oppfylle politikarane sine ambisjonar

Politiet får ikkje nok pengar til å unngå at neste år blir eit svært trongt år for politidistrikta, seier avdelingsdirektør Frede Hermansen i Politidirektoratet.

Avskilta og gjennomrusta politibil i Sogn

FORELDING: Denne svartemarja i Sogndal er ein av svært mange gamle politibilar i Sogn og Fjordane. Politidirektoratet slår fast at politiet ikkje får nok pengar til å oppfylle ambisjonsnivået.

Foto: Stine Kyrkjebø Johannessen / NRK

Dette skjer trass i at Framstegspartiet i regjering har lova å styrke politiet. Hermansen seier politidistrikta må bu seg på å ha mindre pengar enn i fjor.

Frede Hermansen

IKKJE NOK PENGAR: Avdelingsdirektør Frede Hermansen i Politidirektoratet seier politiet neste år må bu seg på budsjettkutt.

Foto: Politidirektoratet

– Vi har for låge løyvingar i forhold til ambisjonsnivået. Ikkje minst i forhold til det lange etterslepet vi har, spesielt på investeringar i materiell og IKT. Dette er krevjande, og det krev meir midlar, seier han.

Må kutte i allereie tronge budsjett

Politiet bur seg no på at 2016 kan bli eit år med kutt og nedskjeringar. Ifølgje Politiforum må politimeistrane bu seg på å gjere kutt på to prosent av budsjetta.

For sjølv om regjeringa har lova å ruste opp politiet, vil mesteparten av budsjettauken gå med til å dekke inn store planlagde investeringar i til dømes nye datasystem.

Alt no merkast det at politidistrikta har dårleg råd. I Selje i Nordfjord må lensmannen ta drosje om han skal rykkje ut. Politiet i Sogn og Fjordane har rett og slett ikkje råd til nok politibilar.

I Selje må politiet ringje etter taxi, dersom dei må rykke ut.
Lensmannskontoret har nemleg ikkje tilgang på politibil.

Må snu alle steinar

Politidirektoratet skal snu alle steinar før dei avgjer endeleg om det blir kutt i politidistrikta. Uansett kan ein alt no slå fast at det ikkje er nok pengar, seier Hermansen.

– Heller ikkje på kort sikt er det økonomi i norsk politi til å snu den utviklinga vi har sett med stadig forelding, både i bilparken og på IKT-området.

– Vi har signalisert eit behov for ganske store investeringar på kort sikt for å snu trenden.

Vidar Brein-Karlsen

NOK: Vidar Brein-Karlsen, statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet står fast på at politiet får tilført nok midlar.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Får nok pengar

Statssekretær i Justisdepartementet, Vidar Brein-Karlsen frå FrP, har ikkje villa kommentere Politidirektoratet sine opplysningar direkte, men sa i går til NRK at dei meiner politiet får nok pengar.

– Politiet er tilført 1,5 milliardar kroner sidan vi tok over regjeringsmakta, og får 2,7 milliardar kroner over budsjettet neste år.

– Eg føreset at politimeistrar og Politidirektoratet er i stand til å utstyre politiet med nødvendige verktøy med dei løyvingane som er, var beskjeden frå Brein-Karlsen.

– Eit spørsmål om ambisjonar

Men når politiet skal prioritere mellom oppgåvene betyr det trongare budsjett for politifolka på bakkeplan, stadfestar Politidirektoratet.

– Årsaka til at vi er i denne situasjonen, trass stor budsjettvekst, knyter seg først og fremst til at veksten i budsjettet er knytt til øyremerkte tiltak som gjer det vanskeleg å omprioritere til andre føremål, seier Hermansen.

Kor mykje pengar trengst?

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Det er like mykje eit spørsmål om kva ambisjonar politikarane har for norsk politi.