Hopp til innhold

Her planlegg Vegvesenet for sjokk­auke i trafikken: – Helt feil om me skal nå klimamåla

Statens vegvesen vil byggje for at biltrafikken mellom Bergen og Stavanger vil skyta i vêret fram mot 2060. TØI-direktør og tidlegare vegtopp meiner det er feil veg å gå.

E39 Vestland, Sveio

I 1993 passerte det om lag 1.000 bilar i døgeret på E39 heilt nord i Rogaland. Det har auka til 4.500 i dag. Og Statens vegvesen ventar at talet vil auka til over 15.000 i 2060.

Foto: Olav Røli / NRK

Han kallar det eitt av dei største vegprosjekta i Noreg, Henry Damman i Statens vegvesen.

Sju mil med firefelts motorveg med ein fartsgrense på 110 km/t.

Gjennom kommunane Bokn og Tysvær i Rogaland, og vidare gjennom Sveio kommune i Vestland.

Alt ein del av den ferjefrie forbindelsen mellom Stavanger og Bergen på E39 på Vestlandet.

I den eine enden den fleire mil lange undersjøiske tunnelen Rogfast, som er under bygging og skal stå ferdig i 2033.

Den fjernar eitt av to ferjesamband mellom dei to byane.

I den andre enden det omstridde prosjektet Hordfast.

– Hordfast er gamechangeren. Og når du får Rogfast i tillegg vil det generera ekstremt mykje trafikk i framtida, meiner Damman.

Her sprenges første salve i verdens lengste undersjøiske tunnel.

Arbeidet med den lengste undersjøiske tunnelen i verda er allereie i gang. Det vil korta ned reisetida mellom Bergen og Stavanger, men samstundes auka trafikken.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Bygd får motorveg

For mange kryss, avkøyringar, og dårleg standard.

Det er dagens standard på store deler av E39 mellom Bergen og Stavanger.

Difor meiner Statens vegvesen at ein treng å oppgradera til firefelts motorveg mellom dei to byane.

Lik standard som nye E39 Svegatjørn-Rådal mellom Os og Bergen, som opna hausten 2022.

Nye E39 mellom Bergen og Os

Slik veg skal etter planen komma heile vegen mellom Bergen og Stavanger. Denne strekninga opna hausten 2022.

Foto: Varde Film/Statens vegvesen

– Dette handlar om trafikktryggleik, seier Damman, som er planleggingsleiar i Statens vegvesen.

Planane kan snu heilt om på kommunen Sveio, der det i dag passerer om lag fem tusen bilar i døgeret på E39 gjennom bygda Førde.

35 år fram i tid, nærmare bestemt i 2060, kan trafikkmengdene over tredobla seg.

Anslag tydar på ein trafikkmengd på mellom 15.000 og 18.000 bilar i døgeret gjennom den søvnige bygda.

E39 Sveio Vestland

Gjennom E39 i Førde i Sveio passerer det i dag om lag 5.000 bilar i døgeret. Det kan tredobla seg fram mot 2060.

Foto: Olav Røli / NRK

Legg fleire hus under asfalt

Det er like mange bilar som kvar dag passerer gjennom fleire teljepunkt på E18 i Vestfold.

– Dette er heilt enorme tal, seier ordførar i Sveio kommune, André Mundal Haukås (H).

Og det utløyser krav om firefeltsveg.

Berre planlegginga vil leggja band på store areal i mange kommunar.

Både bønder og grunneigarar er uroa over framtida.

– Ein vil ha tilflyttarar, men eg veit ikkje om dei får tilflyttarar om dei skal leggja asfalt over både mitt og mange andre sitt hus, seier Lars Andreassen.

Han bur i Middagshaugen i Sveio, midt i planlagt trase, og kan få huset til seg og familien lagt under asfalt.

– Tre barnefamiliar i same nabolag kan få vegen over huset, seier han.

Lars Andreassen, E39

Lars Andreassen er ein av mange som kan få huset sitt lagt under asfalt i framtida.

Foto: Olav Røli / NRK

Meiner tempoet må ned

Bjørne Grimsrud, administrerande direktør i Transportøkonomisk Institutt (TØI), meiner det er feil å planleggja slik Statens vegvesen no gjer mellom Bergen og Stavanger.

– Me kan ikkje leggja for stor vekst til grunn om me skal nå klimamåla. Statens vegvesen legg til grunn ein historisk framskriving av biltrafikken, seier han.

Grimsrud, som tidlegare jobba i Statens vegvesen, ynskjer ikkje kommentera einskildprosjekt.

Men han meiner at vegprosjekt, som ferjefri veg mellom Bergen og Stavanger, må sjåast på med nye auge i tråd med klimamålsettingane.

– Prosjekt som Hordfast vil bidra til mykje ny trafikk, meiner Grimsrud.

E39 Sveio Vestland

I framtida er det planlagt ferjefri veg mellom Bergen og Stavanger. Det vil auka trafikkmengdene veldig i kommunane som ligg imellom.

Foto: Olav Røli

Dei siste 30 åra har biltrafikken i Noreg auka med over 60 prosent, ifølgje Kjell Werner Johansen, forskar i TØI.

Dette heng saman med økonomisk vekst og aukande velstand, og befolkningsauke.

Gjekk tomt for stolar på folkemøte

Og trafikkveksten ser ikkje ut til å stoppa.

– På den eine sida så byggjer ein ut motorveg, på den andre sida ynskjer ein å avgrensa biltrafikken. I sum vert det lite hensiktsmessig, meiner han.

– Kva skal til for at fleire sett ifrå seg bilen?

– I byer har restriktiv parkering og auke i bompengar hatt ein effekt. Men ein har også sett at økonomiske nedgangstider, slik me hadde på starten av 90-talet, gjorde at me fekk nedgang i biltrafikken. Dette er neppe noko me ynskjer oss, seier forskaren ved TØI.

På eit folkemøte om ny E39 på Førde samfunnshus tysdag denne veka, kom det så mange innbyggjarar at dei gjekk tom for stolar.

Mange var uroa over berekrafta i prosjektet.

– Det største problemet med denne vegen er at han kjem i det heile. Statens vegvesen driv med framskriving av historiske tal. No er det nye tider, og det meste er øydelagt på denne kloden, seier Roald Østensjø i Naturvernforbundet på Haugalandet.

Folkemøte E39 Sveio

Samfunnshuset i bygda Førde i Sveio var fullt då Statens vegvesen hadde informasjonsmøte om ny E39. Mange vil få vegen gjennom tunet.

Foto: Olav Røli / NRK

Vegvesenet: Siste vegen me byggjer her

Henry Damman i Vegvesenet meiner ein må sjå på føresetnadene for vegen, og leggja inn kva samfunnsnytte han skal ha, mellom anna for arbeidsmarknad og næringsliv på Vestlandet.

– Me har lagt konservative berekningar til grunn for trafikkutviklinga. Det er ingenting i våre analysar som seier at biltrafikken vil gå ned, seier han.

Han viste mellom anna til E6 nord for Trondheim, der ein no planlegg storstilt utbygging av ein 30 år gammal veg.

Årsaka: Vegen har for liten kapasitet, ifølgje Damman på folkemøtet.

– Dette vil me unngå. No byggjer me den siste vegen her som skal ta høgde for trafikkutviklinga, seier han.

På ein parkeringsplass på kommunegrensa mellom Rogaland og Vestland har Ragnar Bøe ein liten stopp på turen mellom Bergen og Jæren.

Ragnar Bø, køyrer Semi

Ein treng ikkje ny motorveg mellom Bergen og Stavanger, meiner Ragnar Bø, som køyrer semitrailer.

Foto: Olav Røli / NRK

Ein strekning som i dag tar over fem timar, og har to ferjer.

I framtida kan tida komma ned i under tre timar.

– Planane er veldige. Ein treng ikkje ny firefeltsveg i alle fall. Ikkje med dei trafikkmengdene som er her, meiner han.

Les også Vestlendingane har talt: Nesten ingen vil prioritere prestisjeprosjektet til 46 milliardar

Gisle Fotland, sjåfør på ferja Halhjem-Sandvikvåg

Hei!

Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post.