Hopp til innhold

Pensjonert vegekspert vil fjerna to felt frå gigantprosjektet E39

Ein av dei mest røynde vegbyggjarane i landet meiner milliardprosjektet Hordfast og ferjefri E39 kan byggast raskare og rimelegare. – Kutt to felt og spar pengar og miljø!

Illustrasjon av Hordfast

VIL KUTTA: Fire felt frå Bergen til Stavanger kan bli for dyrt, meiner tidlegare vegbyggjar. Slik ser planleggjarane for seg at brua over Bjørnafjorden skal sjå ut.

Illustrasjon: AMC

Han er ingen kven-som-helst på adelskalenderen til norske vegbyggjarar.

Øivind L. Søvik

VEGNESTOR: Øyvind L. Søvik.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Øyvind L. Søvik hadde ansvaret for Nordhordlandsbrua, den nest lengste brua i Noreg og eit pionerprosjekt som den første flytebrua utan sideforankring. Han hadde ansvar for Trekantsambandet i Sunnhordland, med Noregs til då lengste undersjøiske tunnel. Og han hadde ansvaret for å byggja Noregs lengste hengebru, Hardangerbrua, i jobben som plansjef i Vegvesenet.

No har pensjonisten klare meiningar om eitt av dei aller største vegprosjekta i Noreg: Hordfast, ein viktig bit i ferjefri E39-forbindelse mellom Bergen og Stavanger.

– Mitt prinsipp som tidlegare prosjektleiar er at eg alltid har ønskja å ha moglege kutt i eit prosjekt slik at du kan komma innanfor ein kostnadsramme i første omgang, og heller byggja fullt ut på eit seinare tidspunkt, seier Søvik til NRK.

Prosjektleder Øyvind Søvik på Hardangerbrua

ERFAREN: Øyvind Søvik har vore med på mykje. Her som prosjektleiar for Hardangerbrua på riksveg 7.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Byrja med to felt

Hordfast er kostnadsrekna til rundt 35 milliardar kroner og er i Nasjonal transportplan rekna som landets tredje mest lønsame vegprosjekt (ekstern lenke).

Søvik meiner vegen frå Stord til Os bør kunna byggjast med to i staden for fire felt, iallefall i første byggetrinn.

Då kan ein oppnå fleire ting:

  • Billegare veg.
  • Mindre naturinngrep.
  • Raskare ferdigstilling.

Spesielt over kuperte Tysnes og Reksteren vil ein firefeltsveg krevja store naturinngrep.

– Fire felt er målet. Men når du skal byggja fire felt mellom Bergen og Stavanger, veit vi at store delar vil uansett vera tofeltsveg i mange år framover, seier Søvik.

Som NRK tidlegare har omtalt, gjeld ein av desse delane Trekantsambandet. Der har Vegdirektoratet tatt til orde for å bygga eitt løp til i den undersjøiske Bømlafjordtunnelen.

Den mykje omtalte brua over Bjørnafjorden er planlagd som firefelts motorveg. Søvik sitt forslag går ut på å kutta ned til to felt på begge sider av fjorden, men ikkje på sjølve brua.

Hordfast trase F

STORE INNGREP: Ein firefelts veg gjennom Tysnes vil tyde store naturinngrep. Dette er den føretrekte traseen til regjeringa.

Foto: Statens Vegvesen

Møtte motbør

Den tidlegare prosjektleiar lufta meiningane sine på eit møte om ferjefri E39 i Bergen denne veka.

På same møte kom det fram at det statlege selskapet Nye Veier har tatt ein u-sving om det omdiskuterte trasévalet.

Søvik sitt forslag om å kutta til to felt møtte motbør på møtet, mellom anna frå stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H).

– Dette er eit ikkje-tema. Vi er nøydde til å byggja firefeltsveg no for å få samfunnseffektane og få ned talet på trafikkulukker, seier den tidlegare Stord-ordføraren.

Eskeland trur heller ikkje det er mykje å spara på å kutta til to felt.

– Antakeleg er det mykje meir å spara på å dra med næringslivet tidleg i byggjefasen, slik Nye Veier har presentert. Eg trur vi skal greie å finna andre innsparingar for å gjennomføre prosjektet. seier ho.

– Tofeltsveg er også trygt

Eskeland viser til at Nye Veier under møtet måndag bekrefta at dei skulle greie å halda seg innanfor dei kostnadsrammene som allereie er, og det er det dei tek utgangspunkt i på Stortinget når dei løyver pengar.

Søvik avviser tryggleiksargumentet.

– Det er mange tofeltsvegar som er bygd i regionen dag og som er ganske trygge, svarer han.