Vegdirektoratet: Ferjefri E39 gjer at denne tunnelen må byggast ein gong til

Den venta trafikkveksten mellom Stavanger og Bergen utløyser behov for nok ein undersjøisk tunnel under Bømlafjorden. Prislappen blir på fleire milliardar.

Bømlafjordtunnelen på E 39

DJUP OG BRATT: Bømlafjordtunnelen på E39 er ein del av det sokalla Trekantsambandet, og erstatta tre fergesamband i 2000.

Foto: Roy Hilmar Svendsen

Draumen om ferjefri forbindelse på E39 mellom Stavanger og Bergen har fått nokre skot for baugen dei siste vekene.

På Rogfast avlyste Vegvesenet ein milliardkontrakt, då prisen skaut i vêret. Førre veke skreiv BT at regjeringa sitt eige vegselskap, Nye Veier, vil droppe gigantbrua på Hordfast og heller velje ei anna rute.

Dei to store vegprosjekta har ein prislapp på høvesvis kring 16 og 30 milliardar kroner, og begge stader har regjeringa kome med krav om å finne løysingar som senkar kostnadane.

Illustrasjon av Hordfast

BOMPENGEFRITT: Om gigantbrua på Hordfast blir realisert, vil mange år med bompengar gi lite auke i trafikken. Men når prosjektet er nedbetalt, vil trafikken ifølge utrekningane auke dramatisk.

Illustrasjon: AMC

– Må bygge ny undersjøisk tunnel

Men Rogfast og Hordfast kan utløysa behov for at det blir spytta inn endå fleire milliardar på europavegen mellom dei to vestlandsbyane.

For midt i mellom ligg Bømlafjordtunnelen. Den nesten åtte kilometer lange undersjøiske tunnelen erstatta tre ferjesamband mellom Stord, Sveio og Bømlo allereie i 2000.

I eit ferskt brev frå Vegdirektoratet til Samferdsledepartementet kjem det fram at tunnelen ikkje vil takla trafikkauken når Rogfast og Hordfast ein gong i framtida blir bompengefri.

«Vi bør difor legge opp eit planløp slik at vi har ein oppgradert Bømlafjordtunnel samtidig som Hordfast blir bompengefri» skriv direktoratet i brevet.

Det betyr at det må byggast eit nytt parallelt tunnelløp, eller to heilt nye tunnelar, under Bømlafjorden.

– Ein eller anna gang må det skje. Anten når trafikkauken eller tryggleiksnivået krev det, seier avdelingsdirektør Gyda Grendstad i Vegdirektoratet.

Laster kart, vennligst vent...

MIDT MELLOM: Bømlafjordtunnelen sikra ferjefri forbindelse omtrent midtvegs mellom Bergen og Stavanger. No kan Rogfast og Hordfast gjera at det må byggast ein tunnel til.

For bratt for EU-reglane

Bømlafjordtunnelen har tre køyrefelt; eitt nedover og to oppover. Den går ned til 262 meter under havnivå og har heile 8,5 prosent stigning på det meste.

Dermed er tunnelen eigentleg for bratt til å bli godkjend av EU sitt kontrollorgan, ESA. I dag manglar også tunnelen rømmingsveg.

– Kapasitet, trafikktryggleik og manglande rømmingsveg blir eit problem når trafikken aukar, seier Grendstad.

Vegdirektoratet har rekna på ulike tunnelalternativ for Bømlafjorden. Prislappen vil bli på fleire milliardar og naturleg nok vera endå høgare om ein må bygga to nye tunnelløp.

– Om vi ønskjer å berre bygge eitt løp til, parallelt med dagens tunnel, så må det godkjennast hjå ESA, forklarer Grendstad.

Brann i varebil i Bømlafjordtunnelen

BRANN: I oktober 2018 tok ein varebil fyr inne i Bømlafjordtunnelen. Med auka trafikk gjennom tunnelen, må også tryggingstiltak som rømningsveg på plass.

Foto: Stord brann og redning

Langt fram

Heile prosjektet med fjordkryssingar, frå Kristiansand til Trondheim, har ein venta pris på 340 milliardar kroner. I førre veke gjekk Vegvesenet ut og «avlyste» heile planen (ekstern lenke).

Kostnaden med å oppgradere Bømlafjordtunnelen til to løp har hittil ikkje vore konkretisert i totalkalkylane for ferjefri E39.

– Då ferjefri E39 vart utgreia, låg problemstillinga med Bømlafjordtunnelen for langt fram i tid til at ein tok stilling til det, seier Grendstad.

Ho viser til at i veldig mange år vil bompengar sørge for at trafikken ikkje aukar dramatisk.

Hordfast er venta å ha ein bompengeperiode på 15 år. Når Rogfast og Hordfast står ferdig er meir i det blå. For Hordfast sin del er det eit mål om å klare byggestart i 2022.