Først i verda med landstraum

Verdas første anlegg med internasjonal standard for landstraum er opna i Bergen. Dermed kan skip skru av luftforureinande dieselaggregat når dei ligg ved kai.

Landstrøm

GÅR PÅ STRAUM: Supplyskipet «Skandi Vega» frå reiarlaget DOF er det første som koplar seg til straumforsyninga i hamna i Bergen.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Skip som ligg ved kai brukar dieselaggregat for å laga straum til eige forbruk. Det gjer store klimagassutslepp og eksos med svevestøv.

Når eit supplyskip ligg med dieselmotoren i gang, svarar til det forureining frå 4800 bilar. På det meste ligg det 40 supplyskip i hamna i Bergen.

Etter mange års planlegging opna altså i dag det første anlegget for landstraum i Bergen. Det vil sei at supplyskip i offshorenæringane kan skru av dieselmotorane og heller få elektrisk straum via ein kabel frå land.

Skal utvida tilbodet

No er éin stikkontakt klar og supplyskipet «Skandi Vega» frå reiarlaget DOF er klar med eit system som kan koplast på. Even Husby er miljøprosjektleiar i Bergen og omland hamnestell. Han er stolt over å kunna presentera det nye anlegget.

Even Husby

Miljøprosjektleiar i Bergen og Omland Hamnestell, Even Husby.

Foto: DAG HARALD KVAMMEN ANDERSEN / NRK

– Dette her er det første anlegget med lågspenning i samsvar med den nye standaren for offshorefartøy i heile verda. Me er veldig fornøgd med å kunna tilby dette.

– Er det nok med eit anlegg?

– Det er ein start. I Bergen og Omland havnevesen har vi ein plan om 14 tilkoplingspunkt for offshorefartøy, og også eit punkt for cruise. Me har ein visjon om at me skal bygga ut heile hamna med straum.

Landstraum gjev også andre fordelar enn mindre forureining.

– Først og fremst vil dei nok dei som bur i nærområdet merka at det blir mindre støy. Men det er summen av utsleppa som gjer at ein vil få redusert forureininga og klimautsleppa på sikt, seier Husby.

– Eit bra tiltak

Sondre Båtstrand i Miljøpartiet De Grønne i Bergen helsar landstraumanlegget velkommen.

Sondre Båtstrand

Sondre Båtstrand i Miljøpartiet De Grønne, er glad for at Bergen er først ute med å tilby landstraum til skip som legg til kai.

Foto: DAG HARALD KVAMMEN ANDERSEN / NRK

– Det er veldig positivt og gode nyheiter for bylufta vår.

– Per i dag er det berre eit supplyskip som kan kopla seg på landstraum. Er det godt nok?

– Me lyt bygga vidare. Dette er starten på ei hamn kor skip hovudsakleg tek i mot straum når dei kjem hit. På sikt ser eg for meg at ein kan nekta skip som ikkje kan ta i mot landstraum å legga til kai.