Hopp til innhold

Ørjan har aksjonert mot gruvedrift i 15 år – til lita nytte

Det har vore motstand og aksjonar mot sjødeponi og gruvedrift sidan 1990-talet. I dag vart det vedteke at grunnarbeidet til det omstridde anlegget ved Førdefjorden kan byrje.

Frakta vekk

AKSJONERTE: Fotoet er teke i Naustdal i 2016, då Ørjan Thingnes og andre aksjonistar vart fjerna av politiet.

Foto: Steinar Lote / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er ikkje veldig fornuftig å jamne hus og heimar med jorda før prosjektet har alle nødvendige løyve. Å blande fornuft og politikk burde vere eit krav i slike betente saker, seier Ørjan Thingnes.

Biletet over er teke i 2016, då han og andre aksjonistar ved grenda Vevring i Sunnfjord vart fjerna av politiet.

Prosjektet har vore omstridd heilt sidan rutilfunna og dei første idéane om gruvedrift vart presenterte i 1990-åra. Både miljøvernarar og statlege miljøfaglege instansar har vore negative.

Rutil

Engebøfjellet inneheld Noregs største førekomst av rutil. Det er eit mineral som blir brukt som kvitningsmiddel i tannkrem, mat og måling, og som metall i fly og sportsutstyr.

Nordic Mining søkte driftsløyve i 2008, og fekk det i 2020. Konsekvensutgreiingar, reguleringsprosessar og motstand frå miljøinteresser har bidrege til at prosjektet har dratt ut i tid. Altså i om lag 15 år.

Og framleis gjenstår fleire steg før alle løyve er på plass.

Det ligg klagesaker frå Naturvernforbundet og WWF på bordet hos Nærings- og fiskeridepartementet.

I tillegg til politisk motstand har Nordic Mining vore i rettsleg strid med konkurrenten Arctic Mineral Resources (AMR). Nordic Mining vann fyrste runde i Oslo tingrett, men AMR har varsla at dei ankar saka vidare.

Byggjeløyve

I dag ville fleire i kommunestyret i Sunnfjord utsette saka enda ein gong.

Dei viste til plan- og bygningslova. Den seier at kommunen kan vente med å avgjere saka viss «tiltaket er betinget av tillatelse eller samtykke frå annan myndighet».

Men utsettingsframlegget fall med 19 mot 26 stemmer.

Sunnfjord kommune vedtok å gi løyve til å starte bygging av vegar og industriområde på Engebø.

Selskapet ønskjer no å ha eit informasjonsmøte.

Vi tenker oppstart på bygging i løpet av ei veke, fortel driftssjef Kenneth Nakken Angedal.

Aksjon mot Engebø-prosjektet i Førde 16.02.22

DEMONSTRERTE: Onsdag kveld møtte kring 200 personar fram ved rådhuset i Førde for å krevje at kommunen ikkje gir Nordic Mining grønt lys.

Foto: Steinar Lote / NRK

Saka burde sjølvsagt blitt utsett. I lys av handsaming i departementet og rettigheitsspørsmålet i rettsvesenet, seier Ole Erik Thingnes i Naustdal SV.

Vil klage og aksjonere

Natur og ungdom vil klage på vedtaket, fortel leiar Gina Gylver. Ho har også eit håp om at næringsministeren vil stogge prosjektet.

Men Natur og Ungdom er også klare til å aksjonere i Vevring. Over 4000 personar både i og utanfor organisasjonen står på ei aksjonsliste.

– Eg dreg til Vevring alt på søndag. Det er det mange andre også som gjer og vi er klare til å halde vakt ved fjorden frå måndag morgon.

Gina Gylver i Natur og ungdom.

VILLIGE TIL Å AKSJONERE: Leiar Gina Gylver i Natur og Ungdom seier mange er klare til å aksjonere mot prosjektet.

Foto: Jonas Løken Estenstad / NRK