– Dette er hårreisande. Vi er ein part i saka, og skulle fått høve til å klage på vedtaket, seier Jørund Nygård.
Han er fylkessekretær i Naturvernforbundet i Vestland, og reagerer på at Nordic Rutile AS har fått løyve til å rive 23 bygningar langs Førdefjorden.
Og det utan at Naturvernforbundet har vore konferert.
Løyvet er gitt medan to klagesaker mot gruveselskapet framleis er til behandling i høvesvis Næring- og fiskeridepartementet og i Klima- og miljødepartementet.
Forstår at det kan sjå rart ut
Nordic Rutile AS er dotterselskapet til Nordic Mining.
Administrerande direktør i selskapet, Ivar Fossum, «forstår at det kan sjå rart ut» at gruveselskapet har fått løyve før dei formelt sett har overteke eigedomane.
Men slik er saksgangen, forklarar han.
– Driftskonsesjonen dreier seg om produksjonen og har ingenting med reguleringsplan, byggeløyve eller riveløyve å gjere.
Odd Harry Strømsli er einingsleiar for areal og byggesaker i Sunnfjord kommune.
– Vi har gitt løyve etter vedteke reguleringsplan og i samsvar med plan- og bygningslov. Vi har ikkje nødvendigvis knytt det til verksemda dei skal ha på staden, seier han.
Minst to av bygga som kommunen har gitt riveløyve til, ligg på Sefrak-registeret til Riksantikvaren.
Registeret fungerer som eit varsku om at kommunen bør ta ei vurdering av verneverdien før det eventuelt blir gitt løyve til å endre, flytte eller rive bygninga.
Nordic Mining-direktøren trur ikkje alle 23 bygningar vil bli jamna med jorda.
– Det får vi sjå når den tid kjem, seier han.
Omstridt gruveprosjekt
Riveløyve-saka går inn i ein strid om Engebøfjellet som går attende til 2006.
Det var året Nordic Mining fyrst meldte at dei vil vinne ut minerala rutil og granat på fjellet ved Førdefjorden.
I 2015 skrev fleire enn tusen personar under på at dei vil lenkje seg fast i protest mot eit fjorddeponi.
Direktoratet for mineralforvaltning gav i juni i fjor driftskonsensjon for prosjektet.
13 organisasjonar, deriblant Naturvernforbundet og WWF, klaga på vedtaket og saka blei oversendt til Nærings- og fiskeridepartementet 9. november 2020.
Departementet skriv i ein e-post til NRK at saka har prioritet i departementet, men at saksbehandlinga har vore råka av koronapandemien.
«Denne saka er omfattande og samansett og krev grundige vurderingar og undersøking, noko som gir utslag på saksbehandlingstida», skriv departementet til NRK.
Gruveselskapet har også slite med å finansiere prosjektet.
På toppen av det heile går det føre seg ein strid vest for Engebøfjellet. Her har Arctic Mineral Resources (AMR), eit anna selskap som mellom anna består av grunneigarar, gått til sak mot Nordic Mining. AMR hevdar å ha særrettar knytt til mineralet granat.
Saka var oppe i Oslo tingrett i august, men dommen er enno ikkje klar.