Hopp til innhold

Her får du billig straum, om du har orden i økonomien

Kraftkommunen Lærdal sponsar innbyggjarane med billig straum. Med mindre dei har ein betalingsmerknad.

Lærdal

LÆRDALSØYRI: Foreininga for auka levestandard er skuffa over at arbeidarpartikommunen Lærdal har gått god for ei ordning som «skvisar dei mest sårbare gruppene».

Foto: NTB

Lærdal inst i Sogn har tilgang på rikelege mengder konsesjonskraft, og før jul vedtok kommunen at krafta skal kome deira eigne innbyggjarar til gode.

Heilt konkret ved at dei får tilbod om å teikne fastpriskontraktar på straum til 62 øre per kWh.

Ordførar Audun Mo (Ap) seier til NRK at avtalen spring ut av «ein sosialdemokratisk ide om å dele goda og jamne ut forskjellar».

Men ikkje alle i kommunen får tilgang til den nye avtalen.

Forklaringa er at kraftleverandøren først gjer ein kredittsjekk på kundane. Dei som ikkje består testen vert vist til «den vanlege marknaden», der snittprisen dei siste dagane har vore den dobbelte av fastprisen.

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

I Sogn Avis erkjenner ordføraren at det er eit paradoks at dei som treng det mest fell utanfor sponsinga, og at kommunen ikkje tok høgde for dette utfallet då dei vedtok at konsesjonskrafta skulle komme innbyggjarane til gode.

Dette er dessverre endå eit døme på at det er dyrt å vere fattig. Men eg ser ikkje heilt kva vi kunne gjort annleis, seier han til NRK.

Han legg til:

Det er ikkje sånn at vi kan instruere kraftselskapet til å inngå avtalar dei ikkje ønskjer.

Eller kunne kommunen gjort nettopp det?

NRK har vore i kontakt med fleire som meiner at kommunen burde og kunne stilt som vilkår at alle innbyggjarar, uansett betalingsevne, må få tilgang til ordninga.

Audun Mo

Ordførar Audun Mo (Ap) seier til NRK at det «etter alt å døme er relativt få» som er ekskludert frå ordninga, og at dei vil prøve å finne ei løysing på problemet.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Førsteamanuensis i rettsvitskap, Morten Walløe Tvedt, seier til NRK at «instruksjonsretten» gjer at kommunen kunne pålagt kraftselskapet å tilby avtalen til alle.

Og vidare at leveringsplikta for straum etter Energilova «er eit argument for at kraftselskapet må tilby den same avtalen til alle innanfor det same geografiske området».

– Det er stor forskjell på kredittsjekk ved nye lån og det å teikne ein avtale om eit livsnødvendig gode som straum, seier han.

Forbrukarrådet uttaler at kommunen «bør sjå på løysingar» for å utvide fastprisavtalen til å omfatte alle innbyggjarane.

Det blei gjort ein oppdatering av vedtak frå kommunestyremøtet den 16. mai, kor dei ber administrasjonen finna ei løysing som ikkje ekskluderer nokon av innbyggjarane i Lærdal kommune frå tilbodet om fastpris.

«Når kundeforholdet er etablert skal dette følgje normale kommersielle vilkår slik Kraftriket normalt ville gitt for denne type avtale», står det vidare i vedtaket.

– Vi kan ikkje lukka augo for dei som kanskje treng det mest

Kommunen burde sikra at alle innbyggjarane fekk ta del i dette tilbodet, seier seniorrådgivar i Forbrukarrådet, Thomas Iversen.

Det kunne til dømes vore løyst ved at kommunen stiller garanti for dei som fell utanfor på grunn av betalingsmerknader, legg han til.

Sæmund Stokstad er kommunestyrerepresentant for Lærdal SV.

Vi må prøve å få denne døra på gløtt igjen, seier han.

Han viser til at formålet med ordninga var å gi innbyggjarane «ei hjelpande hand i det som for mange er ei økonomisk utfordrande tid».

Då seier det seg sjølv at vi ikkje kan lukka augo for dei som kanskje treng det mest.

Les også Høgare rop om makspris på straum

Zakariasdammen er en demning som demmer opp Zakariasvatnet i Tafjord Møre og Romsdal. Overløp juli 2022

Gruppeleiar for SV i Vestland Fylkesting, Marthe Hammer, karakteriserer avtalen som «heilt urimeleg».

Det som er viktig her er at universelle ordningar faktisk gjeld alle. Dette blir litt som barnetrygd, som også er ei universell ordning. Mange kommunar har avkorta denne for dei som lever på sosialtrygd, medan andre får barnetrygda i tillegg. Då blir dei som har minst ramma.

Marthe Hammer i Vestland SV

– Intensjonen med ordninga var jo at ho skulle gjelde alle innbyggjarane i Lærdal, og når ein får vite at det ikkje er tilfelle, så får ein gå gjennom å sjå kva som må til for å sørgje for at ho gjeld alle, seier gruppeleiar for SV i Vestland Fylkesting, Marthe Hammer.

Foto: Nikita Solenov/SV

Det er heilt urimeleg

Resonnementet om at det er «dyrt å vere fattig» byggjar på at folk med betalingsmerknader fort hamnar i spiralar der dei må velje løysingar som kan vere rimelegare på kort sikt – men dyrare på lang sikt.

Døme på denne «knappleikens psykologi» er bilar med høge verkstads-utgifter og bustader med større oppvarmingsbehov.

Det er heilt urimeleg at folk med økonomiske problem ikkje får same tilbod som andre, seier Sofie Marhaug i Raudt.

Ho seier bråket rundt straumavtalane i Lærdal er symbolsk for kva som skjer «når vi gjer straum til ein vare, og ikkje eit felles gode som vi eig saman».

Her har kommunen innført ei god ordning for innbyggjarane, men som slår ut feil. Sjølvsagt kan politikarane bestemme at kommunen ikkje skal bruke eit kraftselskap som stiller så strenge krav.

Fastprisavtalen i Lærdal fekk også merksemd i vinter då kommunestyret vart orientert om at fastpris-kundane brukte dobbelt så mykje straum som dei utanfor ordninga.

Les også Her bruker fastpris-kundar dobbelt så mykje straum som dei andre

Lærdal

– Fleire saker enn tidlegare går til inkasso

Det siste året har dei høgste ropa om makspris på straum kome frå Frp, Raudt – og KrF.

Dette er svært uheldig. Lærdal har store kraftinntekter, og når dei lagar ei slik løysing må dei passe på at dei med dårleg økonomi også blir inkluderte, seier Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Han legg til at dette uansett ikkje ville vore ei sak om fleire vart med på deira modell om 100 prosent kompensasjon kvar gong straumprisen går over 50 øre.

Anita Lesteberg er leiar i FØL Noreg (Foreininga for auka levestandard).

Ho er skuffa over at arbeidarpartikommunen Lærdal har gått god for ei ordning som «skvisar dei mest sårbare gruppene».

Prisane har auka på alle varer og tenester, og fleire hamner i klemme. Det er fleire som får betalingsmerknader, og mange fleire saker enn tidlegare går til inkasso. Då verkar ei ordning som dette feil, og ikkje minst diskriminerande.

Ho legg til:

Det er nettopp dei som slit økonomisk som treng denne ordninga mest.

Borgund kraftstasjon Lærdal

Kraftkommunen Lærdal sponsar innbyggjarane med billig straum. Med mindre dei har ein betalingsmerknad.

Foto: Østfold Energi

NRK rettar: I den opphavlege artikkelen var det ikkje nemnt at det blei gjort ei oppdatering av kommunestyret i Lærdal sitt vedtak den 16. mai, om å finna ei løysing som ikkje ekskluderer nokon av innbyggjarane i kommunen frå tilbodet om fastpris. Artikkelen er nå oppdatert med desse. Dette vart gjort 18.05.2023 kl. 19.23.