Hopp til innhold

Opposisjonen vil forby all dumping i sjøen

SV, Rødt, MDG og Venstre fremjar felles forslag til Stortinget om å forby all dumping av gruveavfall i sjøen.

Førdefjorden ved Vevring

FØRDEFJORDEN: Engebøfjellet (til venstre i biletet) ved Førdefjorden inneheld Noregs største førekomst av mineralet rutil. Her har selskapet Nordic Rutile fått konsesjon til eit sjødeponi.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Dumping av gruveavfall i sjødeponi er ikkje noko vi kan drive med i 2022. Det er ein håplaust gammaldags og lite berekraftig måte å drive mineralnæring på, seier Venstre-representant Alfred Bjørlo.

I selskap med partia SV, Rødt og MDG har han fremja eit forslag til Stortinget om at regjeringa må «trekke tilbake løyve til gruvedrift med sjødeponi» og at all sjødumping vert forbode.

Mineralnæringa vil bli svært viktig for Noreg i framtida. Men skal vi unngå at det blir same folkelege motstand mot mineralnæringa som det har blitt mot vindkraft på land, så må vi stille strenge miljøkrav frå dag éin, seier Bjørlo.

I 2016 var Verdens naturvernunion samla på Hawaii. 53 statar støtta et vedtak om å stoppe dumping av gruveavfall i sjø. Berre Noreg og Tyrkia stemte imot.

– Det finst ikkje fagleg grunnlag for å hevde at deponi på land generelt er betre enn deponi i sjø, forklarte Vidar Helgesen (H), som den gongen var klima- og miljøminister.

Natur og ungdom på Engebøfjellet

OMSTRIDD: Gruveprosjektet på Engebøfjellet har vore omstridd, her frå då aksjonistar frå Natur og Ungdom lenka seg fast under prøveboringa.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Openbert at det skal vere forbode

Av 2500 industrielle gruver i verda er det i dag elleve som dumpar avfallet i sjøen. Fem av dei er i Noreg.

– Vi er blant få land i verda som framleis dumpar avfall i sårbare fjordar. Det burde vere openbert at det skal vere forbode, seier Birgit Oline Kjerstad i SV.

I eit brev til Klima- og miljødepartementet skriv Esa at den norske praksisen med sjødeponi bryt med mineralavfallsdirektivet.

Esa er Eftas overvakingsorgan, som fører tilsyn med at EØS-avtalen vert følgd.

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, kvitterte med at ein «naturleg konsekvens» av Esa-uttalen må vere at dei omstridde planane om sjødeponi i Førdefjorden og Repparfjord vert skrinlagt.

I Førdefjorden har selskapet Nordic Rutile fått konsesjon til eit sjødeponi.

I Finnmark har gruveselskapet Nussir løyve til å bruke Repparfjorden som deponi.

Ein katastrofe for naturmangfald

Søknadene for avfallshandtering i Førdefjorden og Repparfjord vart sendt til Miljødirektoratet i 2009 og 2011 – altså før mineralavfallsdirektivet vart innlemma i norsk lov i 2012.

Dagens politikk er ein katastrofe for naturmangfaldet, og det er nesten ingen andre statar som tillèt denne forma for forsøpling, seier Rødt-representant Sofie Marhaug.

Forskarar ved Framsenteret i Tromsø har gått gjennom resultata frå sju norske gruver der gruveavfall har blitt lagra under havoverflata.

Rapporten konkluder med at «problemstillingane rundt det å deponere avfall frå gruveverksemd i fjorden er komplekse og sjeldan vurdert saman».

Øystein Rushfeldt på Nussir-fjellet

NUSSIR-FJELLET: Direktør i gruveselskapet Nussir, Øystein Rushfeldt, meiner demonstrantane burde valt seg ut eit anna prosjekt.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Ubegripeleg kvifor Noreg skal skilje seg ut

Rasmus Hansson er stortingsrepresentant og næringspolitisk talsperson i MDG.

Vi er ikkje mot gruvedrift, vi er for miljøvennleg gruvedrift. Gruveselskap i alle andre land i verda med unntak av Noreg, Tyrkia og Papua Ny Guinea evner å drive gruvedrift utan å dumpe avfallet i sjøen.

Han legg til:

Det er ubegripeleg for meg kvifor Noreg skal skilje seg ut her, når vi attpåtil har bedrifter som seier dei har løysingar kor dumping er unødvendig.

NRK har vore i kontakt med departementet, men har førebels ikkje fått svar.