Hopp til innhold

Oppdrettsnæringa beklagar feilinformasjon om lusemiddel

Sjømat Norge sa at forskarane meiner hydrogenperoksid er den mest miljøvennlege behandlinga mot lakselus. Det fekk forskarane til å reagere.

Olav Endre Drønen

TOM TRÅL: På mange av rekefelta har Olav Endre Drønen ikkje fått ei einaste reke på fleire år. Han er ein av dei som no gjer seg som rekefiskar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Kvar tredje kystrekefiskar i Noreg har slutta dei siste femten åra. Fleire av fiskarane legg skulda på at oppdrettsnæringa slepp lakselusemiddelet hydrogenperoksid ut i havet.

Den forklaringa protesterer næringa sjølv på.

Interesseorganisasjonen Sjømat Norge sa tidlegare denne veka til NRK at «fleire forskingsinstitusjonar, deriblant Havforskingsinstituttet, har peika på at hydrogenperoksid er blant dei mest miljøvennlege midla mot lakselus».

Men den påstanden får no forskarane til å reagere.

– Me har ikkje konkludert om hydrogenperoksid i høve til andre lusemiddel. I vår rapport har me berre forska på effektar av hydrogenperoksid, seier Gro Harlaug Refseth i Akvaplan-niva.

Reker i et forskningsforsøk ved IRIS i Stavanger

FØLSAM: – Hydrogenperoksid har dødeleg effekt på rekene i laboratorieforsøk, seier forskar Guldborg Søvik ved Havforskingsinstituttet.

Foto: IRIS / International Research Institiute of Stavanger

Har ikkje samanlikna

I 2016 var Refseth prosjektleiar for rapporten «Miljørisiko ved bruk av hydrogenperoksid (H₂O₂) i oppdrett», som blei laga på oppdrag frå det næringsfinansierte forskingsfondet FHF.

På heimesida si startar FHF omtalen av rapporten med at hydrogenperoksid «vurderes som det mest miljøvennlige alternativet blant kjemikaliene som brukes til lusebekjempelse». Det var dette Sjømat Norge viste til.

Gro Harlaug Refseth, Akvaplan-niva AS

Gro Harlaug Refseth i Akvaplan-niva

Foto: Akvaplan-niva

Men Refseth seier altså at dei aldri samanlikna hydrogenperoksid med andre lakseluskjemikaliar.

– Fordi hydrogenperoksid blir brote ned til oksygen og vatn, vil det potensielt vera meir miljøvennleg enn andre lusemiddel. Men det har me ikkje studert i vår rapport, seier ho.

Havforskingsinstituttet samarbeida med Akvaplan-niva om rapporten. Dei har heller ikkje konkludert med at hydrogenperoksid er meir miljøvennleg enn andre lakseluskjemikaliar, seier forskar Guldborg Søvik.

– Denne kjemikalien har dødeleg effekt på rekene i laboratorieforsøk. Me veit mindre om effekten av hydrogenperoksid ute i naturen, seier Søvik.

Ketil Rykhus

BEKLAGAR: – Eg var ganske sikker på at eg hadde forstått dette riktig, seier fagsjef Ketil Rykhus i Sjømat Norge.

Foto: Sjømat Norge

– Trudde eg hadde forstått det rett

FHF understrekar overfor NRK at setningen på heimesida deira «står som bakgrunn for hvorfor prosjektet ble satt i gang og er ikke en konklusjon av resultatene i prosjektet.»

No beklagar fagsjef Ketil Rykhus i Sjømat Norge, som kom med påstanden.

– Viss forskarane seier dette ikkje er dekkande, må eg ta det til etterretning. Og viss det igjen har ført til at eg har tillagt Havforskingsinstituttet eller Akvaplan-niva noko som er feil, må eg sjølvsagt beklage det.

Han seier han «var ganske sikker på at han hadde forstått dette riktig», og avviser at han bevisst feilsiterte forskinga for å forsvare bruk av hydrogenperoksid.

Behandling med hydrogenperoksid

AVLUSING: Ein metode mot lakselus er at oppdrettsfisken blir pumpa over i brønnbåt, bada i hydrogenperoksid der, og pumpa tilbake i merden (arkivfoto).

Foto: Øystein Lunde Ingvaldsen / Lunde Images AS

Reagerer på beklaginga

Men så følgjer han opp med ein påstand som på ny får forskarane til å reagere.

– Men dette endrar ikkje det faktum at Havforskingsinstituttet har sagt at hydrogenperoksid neppe skadar fjordreker, seier Rykhus.

Når NRK spør kva han byggjer den utsegna på, viser Rykhus til tittelen på ein kyst.no-artikkel frå 2016, om Havforskingsinstituttet si risikovurdering av fiskeoppdrett.

I risikovurderinga står det generelt om avlusingskjemikaliar at «muligheten for at arter som oppholder seg på dypere vann skal bli eksponert for lusemidler, er mindre».

Men det betyr ikkje – som Rykhus altså hevdar – at Havforskingsinstituttet meiner hydrogenperoksid neppe skadar fjordreker, ifølgje forskar Søvik.

– Me ville ikkje sagt det slik no. Dessutan skreiv me samstundes at det er «larvestadier av ulike krepsdyr som kan bli mest eksponert for avlusningsmidlene etter et utslipp», seier ho.

Havforskingsinstituttet seier dei no skal undersøke om dei konsentrasjonane som drap reker i laboratorium, også vil finnast ute i fjordane etter hydrogenperoksidbehandling.