Hopp til innhold

Oppdrettsmilliardær opnar spektakulært «senter for fakta om havbruk»

Lakselusproblem gjer at styremaktene nektar auke i fiskeoppdrett i Hardangerfjorden. Men nettopp der har Eide Fjordbruk lagt sitt unike formidlingssenter om berekraftig sjømat.

Salmon Eye

FLYTANDE FORMIDLING: I det fire etasjar store «Salmon Eye» vil Eide Fjordbruk bidra til faktabasert diskusjon om fiskeoppdrett.

Foto: Olav Røli / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

På Hardangerfjorden, utanfor Rosendal, ligg det: Eit merkeleg, unikt og flytande bygg forma som eit gigantisk, sølvglinsande lakseauge. Det er nærare 30 meter i diameter, veg 1256 tonn og har fire etasjar innvendig.

Bygget har fått namnet «Salmon Eye», og det er Eide Fjordbruk som står bak.

Dei kallar «lakseauget» både «kunstinstallasjon» og «formidlings- og visingssenter» for læring om framtidas fiskeoppdrett.

– Målet med senteret er å informera verda om berekraftig sjømatproduksjon. Tanken er å ha ein faktabasert diskusjon om fiskeoppdrett, har dagleg leiar Sondre Eide tidlegare uttalt.

Inne på Salmon Eye

FISH TECH: Fiskeriministeren kallar «Salmon Eye» spektakulær høgteknologi i praksis. Nokon vil kanskje tenka på sci-fi og Star Trek?

Foto: Kvorning design & kommunikation

Slo på stortromma

Fredag vart bygget høgtideleg avduka. Sola skein frå skyfri himmel, og midt i «pupillen» stod artisten Sigrid med bandet sitt og kasta glans over «Salmon Eye».

Seinare på ettermiddagen var det folkefest i Rosendal. D.D.E. og Kjartan Lauritzen var hyra inn. Eide Fjordbruk spanderte maten, og det gjekk vel mest i laks.

Drikkevarene måtte publikum derimot kjøpa sjølve. Men uansett:

The Salmon Eye
Laksemilliardærar er kort sagt ikkje som andre milliardærar.

Lakselus og rømming

Verdien av norsk sjømateksport sette ny rekord første halvår i år.

Himmelen er likevel ikkje akkurat skyfri over norsk havbruksnæring. Heller ikkje på den solglitrande Hardangerfjorden.

«Salmon Eye» ligg i området som norske styremakter tidlegare i sommar nok ein gong definerte som «raud sone».

Det vil seie at problema med lakselus og rømt oppdrettsfisk er så store at oppdrettsselskapa her er pålagde å redusera produksjonen sin med seks prosent.

Restriksjonane gjeld inntil næringa får kontroll på desse utfordringane.

Høgsterett avviste sist veke anken frå næringa som hadde saksøkt staten.

Artisten Sigrid opptrer midt i Salmon Eye

Sigrid song midt i «laksens auge»

Artisten Sigrid opptrer midt i Salmon Eye

Ei særeiga scene

Lakseauge med kritisk blikk

På Facebook lovar selskapet bak «Salmon Eye» eit objektivt og sjølvkritisk blikk på si eiga næring:

«Målet er å fremja faktabasert kunnskap om norsk havbruksnæring på ein open og engasjerande måte. Lokale utfordringar, løysningar og innovasjonar skal sjåast i eit globalt perspektiv. Senteret skal vere ein arena for formidling og diskusjon med særleg fokus på fotavtrykket til matproduksjon i sjø.»

– Som kjent er det positive sider og utfordringar i næringa, og ein løyser ikkje problema utan å sjå fakta rundt saka, meiner Sondre Eide.

Søstera hans, 16 år gamle Bjørg Marit Eide, stod for sjølve avdukinga.

Eg vonar dette senteret vil bidra til at fleire får innblikk i næringa, sjå kva framtida for næringa vil bli, og ikkje minst miljø, seier ho til NRK.

Bjørg Marit Eide opna kunstinstallasjonen Salmon Eye i Rosendal

«GUDMORA»: Bjørg Marit Eide (16), søstera til dagleg leiar i Eide Fjordbruk, fekk stå for avdukinga.

Foto: Olav Røli / NRK

Fiskeriministeren: – Næringa kan veksa

Med på opningsseremonien til Eide Fjordbruk var også fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

Dette er spektakulært, rett og slett. Her kan ein sjå korleis høgteknologi verkar i praksis, seier han.

Skjæran understrekar at sjømat er den nest største eksportnæringa i Noreg.

– Den kan halda fram å veksa inn i framtida. Den er heilt avgjerande for at det er lys i husa og sterke lokalsamfunn langs kysten.

– Kva tenker du om at «lakseauget» er plassert i Hardangerfjorden, i ein region med store lakselus- og rømmingsproblem?

– Næringa har ein jobb å gjera med å auka berekrafta, men det er også viktig at dei viser fram historia om kva havbruk faktisk er og kva dei jobbar med for å auka berekrafta. Det er kjempeviktig for næringa sitt omdøme på heimebane.

Salmon Eye med fjellet Melderskin i bakgrunnen

NY TURISTATTRAKSJON: «Salmon Eye» ligg i Hardangerfjorden, med fjellet Melderskin ragande i bakgrunnen.

Foto: Olav Røli / NRK