Hopp til innhold

OL-vinnaren hadde sjølv korona: – Vi kan ikkje sleppe opp

Skøytestjerna Håvard Lorentzen blei så sjuk av korona at han frykta for karrieren. No går han hardt ut i debatten om kor strenge smitteverntiltaka bør vera.

Håvard Lorentzen

ÅTVARAR: Skøytestjerne og OL-vinnar Håvard Lorentzen er kritisk til dei som vil lette på koronatiltaka.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Eg synest ein må følge råda frå styresmaktene om å vere forsiktige med å vere i store grupper, seier Håvard Lorentzen (28).

OL-vinnaren og verdsmeisteren på skøyter var sjølv så koronasjuk i mars at han frykta for karrieren.

– Eg hadde veldig vondt i kroppen. Det var som å ha ein tennisball midt i brystet. Han var der to-tre veker, fortel han.

– Det hjelper heller ikkje på sjukdomen at eg har hatt astma heile livet. Eg blei veldig bekymra og redd for at eg skulle få varige mein.

Han fortalde først om dette til Fanaposten.

Åtvarar mot Italia-scener

No går Lorentzen ut mot kritikarane av dei strenge restriksjonane som er innført i Bergen og sju nabokommunar.

Han meiner dei bør lytte meir og klage mindre.

– Vi vil jo ikkje ha scenene vi ser i Italia, Spania og Belgia, der dei må fly pasientar til andre land. Eg trur det er lurt at vi er litt ekstra forsiktige i denne perioden no, seier han.

– Land som New Zealand har no store idrettsarrangement med fullt publikum fordi dei har vore flinke. Då ser ein at det er fullt mogleg å opne opp att samfunnet utan vaksine, seier han.

Skøytestjerne Håvard Lorentzen trenar.

FRYKTA FOR KARRIEREN: Skøytestjerne Håvard Lorentzen er i dag ved god helse, men då han fekk koronasmitta, blei han bekymra.

Foto: Thomas Thorsen / NRK

Kritiserer eigne lagmedlemar

Med den andre koronabølga kom også svært strenge og inngripande smitteverntiltak i Bergen og sju nabokommunar i starten av november.

Og med det kom også sterk kritikk, særleg av fempersonsregelen som forbyr fleire enn fem personar under private hustak. Regelen er blitt noko moderert den siste veka.

Ein jussprofessor kalla regelen ulovleg då den kom. Byrådet har fått kritikk frå opposisjonspartia for dårleg handtering og dokumentasjon av vurderingar.

21. november demonstrerte kritikarar mot restriksjonane på Torgallmenningen. Dei meinte at tiltaka strir med menneskerettane og grunnlova, følgje BT.

Overfor Fanaposten er skøyteesset forsiktig med å kommentere at medlemar av hans eige idrettslag i Fana har vore med på demonstrasjonar mot koronareglane i Bergen sentrum og framfor Stortinget.

Til NRK seier Lorentzen at det no er lurt å vere forsiktig. Verdsmeisteren unner ingen å gå gjennom det same han opplevde som covid-19-sjuk og meiner dei lokale koronareglane er gull verdt.

– Så får vi høvet til å opna opp at raskare når det blir mindre smitte, seier han.

Skøytemeisteren vedgår at det ikkje er alle tiltak som gir like mykje meining.

– Folk kunne gå på IKEA og kjøpesenter overalt, medan vi ikkje kunne arrangere kretsmeisterskap her med 30 deltakarar. Men eg trur det er lurt at ein no er forsiktige, seier han.

Han har tillit til at kommunen innfører dei nødvendige tiltaka.

– Eg er ikkje ekspert på virussjukdom. Eg overlèt dette til ekspertane.

Også unge blir smitta

28-åringen er eit døme på at det ikkje berre er eldre som blir smitta. Også dei unge må passe seg, påpeiker han. Om dei trur dei ikkje kan bli ramma, er dei langt utpå glattisen og køyrar, meiner Lorentzen.

– Laget til veslebror min, Åsane, der er halve gjengen ute med korona. Det smittar utruleg fort. Kan ein unngå store folkemengder, hjelper det veldig.

Smittetala er no på veg nedover. Noreg ligg framfor skjema i forhold til andre sterkt ramma nasjonar, men regjeringa vil ikkje sleppe alt for mykje opp til julefeiringa.

Dei strenge tiltaka i Bergen og omland skal førebels vare ut denne veka.

– Det er klart vi må vere forsiktige. Vi kan ikkje sleppe opp. Eg har lyst på ein tilnærma normal jul og håper at smittetala går såpass mykje ned at alle kan få komme heim til jul, seier Lorentzen.