Hopp til innhold

Frykta jordbærsjukdom har drepe nær heile avlinga til John Elling

Bærsjukdomen har spreidd seg til heile landet og drep nær alt av jordbærplantar.

John Elling Vereide med sjuke bær sommaren 2022.

TOMT: I fjor sommar kom dei første spora av plantesjukdomen hos John Elling Vereide. I staden for ein åker full av bær, er det berre visne plantar å spore.

Foto: Jan Nik. Hansen / Firda Tidend

– Det er fortvilande, seier bærbonde John Elling Vereide.

Kvar sommar plar det bogne av jordbær i åkrane hans i Gloppen i Vestland.

I desse dagar skulle han køyrd rundt og seld dei søte og friske bæra i bøtter og spann.

Men denne sommaren har han knapt noko å selje.

Årsaka er plantesjukdomen raud marg.

Så langt har sjukdomen teke knekken på 90 prosent av jordbærplantane hans.

Les også Frykter spredning av plantesjukdom

Jordbærplanter

Vanlegvis plar han selje bær for fleire millionar frå dei 30 måla han har med jordbæråkrar.

– Men i år blir det dårleg, seier Vereide.

Det finst ingen erstatningsordingar for bønder som blir råka, fortel han.

Sjukdomen har fått bønder til å slutte med bærproduksjon.

Har spreidd seg til heile landet

Plantesjukdommen raud marg blei oppdaga i Noreg i 1995 og angrip røtene i planten og drep den.

– Dette er ein frykta sjukdom som kan øydelegge store delar av jordbærplantane, seier Brita Toppe i Mattilsynet.

Raud marg har spreidd seg til heile landet, fortel ho.

Raud marg har angripe jordbæråkeren til John Elling Vereide i Gloppen

Slik ser det ut i størstedelen av jordbæråkrane til John Elling Vereide i Gloppen.

Foto: John Elling Vereide

Tidlegare måtte bønder destruere sjuke plantar, men dette slutta Mattilsynet å gi pålegg om i 2013.

I 2012 hadde 22 produksjonsstader denne sjukdommen.

Årsaka til at raud marg ikkje blir følgt opp på same måte som før 2013, var at sjukdomen hadde spreidd seg i eit for stort område i landet, forklarar Toppe.

Jordbærprodusentar som får sjukdomen på bæra sine må melde det til Mattilsynet.

Men trass i meldeplikt, så veit ikkje Mattilsynet kor mange bærbønder som har meldt ifrå.

Les også Mener de har knekt «jordbærkoden»: – Flere må satse

Sondre Austein står i drivhus der han dyrker jordbær i høyden.

Ifølge seniorrådgjevar Helén Ihlebekk Hauger har dei ikkje prioritert å følge opp meldeplikta.

Dei prioriterer heller å sikre at plantematerialet som blir omsett er friskt. Det inkluderer kontroll med sertifisert produksjon av jordbærplanter, fortel Ihlebekk Hauger.

I dag er det forbode å spreie raud marg, og det er strenge krav til importert materiale og norsk produksjon.

Mest alvorlege sjukdomen

Sjukdomen smittar gjennom jord. Den kan bli verande opp mot 15 år.

– Raud marg er den mest alvorlege sjukdomen ein kan få i jordbær, seier Synneve Øien Frøyen, rådgjevar frukt og bær i Norsk Landbruksrådgiving.

– Då er få tiltak mot den. Den kan vere vanskeleg å handtere og bli kvitt når ein først har fått den i eit felt, seier ho.

Sjukdomen er ikkje ny i Noreg, men det var fjor den først blei påvist i Nordfjord.

Øien Frøyen seier sjukdommen ikkje spreier seg raskt, og at det er nokre nye tilfelle kvart år.

jordbær

Den største trusselen mot norske bær er ikkje Raud marg, men auka kostnader og dårlegare lønnsemd. Det fører til færre jordbærprodusentar, meiner Norsk Landbruksrådgiving.

Foto: Mette Vollan

For bærbonden i Gloppen betyr det at han må dyrke opp nye bærfelt på garden sin. Det kan ta eit par år før det bognar av bær att.

John Elling Vereide er usikker på kvar sjukdomen har kome frå.

No er han varsam slik at han ikkje spreier den vidare.

Også ein anna bærbonde i Gloppen har fått raud marg på jordbæra sine.

Ikkje bekymra for jordbærmangel

Gartnerhallen SA er landets største leverandør av norsk frukt, bær, grønsaker og poteter.

Organisasjonssjef Gunn Jorunn Sørum meiner det bør kome ei kompensasjonsordningar for bøndene som blir råka.

Les også Jordbærene er her – kan bli tidenes lengste sesong

Hans Olav Moskvil plukker jordbær

Men sjølv om konsekvensane kan bli store for kvar enkelt produsent, fryktar ikkje Gartnerhallen at sjukdomen kan føre til mangel på norske bær.

Så vidt vi kjenner til er det påvist få nye tilfelle dei siste åra. Vi oppfattar totalt sett at det er kontroll, med tilgjengelege tiltak som kan bidra til å redusere risikoen for spreiing.