Hopp til innhold

Økokrim åtvarar om «grov» og «systematisk kriminalitet» i strandsona

«Forsettleg og systematisk» kriminalitet i den norske strandsona har fått eit eige kapittel i den siste trusselvurderinga til Økokrim.

5Hjpd8uXljs

ULOVLEG: I dag seier plan- og bygningslova at kommunane har plikt til å forfølgje lovbrot uansett kor gamle dei er.

Foto: Thorfinn Bekkelund / Samfoto

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Måndag publiserte Økokrim si trusselvurdering for 2022.

Under overskrifta «ulovlege terrenginngrep truar naturen» skriv dei om «svært grove brot på regelverket» i den norske strandsona.

Dei konkluderer: «Kriminaliteten er forsettleg og systematisk (…) med svært negative konsekvensar for menneske og omkringliggjande natur og dyreliv. Inngrepa er ofte irreversible».

Den norske strandsona har vore på dagsorden etter at kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) signaliserte at han vil mjuke opp vernet.

I eit skriftleg svar til Stortinget stiller statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seg bak kollegen sitt ønske om «ein meir differensiert forvaltning av strandsona».

Sidan har Høgre fremja eit forslag til Stortinget om å fjerne plikta til å etterforske gamle overtramp i strandsona.

Partiet presiserte at det ikkje handlar om å gje «amnesti» for gamle synder. Politiske motstandarar har likevel omtala «amnesti-forslaget» som «håplaust» og «horribelt».

Hans Tore Høviskeland er førstestatsadvokat hos Økokrim, og var aktor i den såkalla tennisbanesaka som gjekk heile vegen til Høgsterett.

Eg fryktar at eit slikt amnesti vil sende eit signal om at saker som gjeld brot på plan- og bygningslova i strandsona ikkje er så viktige å følgje opp, seier han.

9FeqvNXoDww

TEK SEG TIL RETTE: – Om det blir kjent at kommunar ikkje følgjer opp, kan det føre til at fleire tek seg til rette, seier førstestatsadvokat hos Økokrim, Hans Tore Høviskeland.

Foto: Tore Meek / NTB

Vil svekkje det førebyggjande arbeidet

Tennisbanesaka enda med at Princess-arving Hanne Madsen vart dømd til 45 dagar i fengsel for å ha «utvist ein nærast total mangel på respekt for plan- og bygningslovgivinga».

Høviskeland understrekar at han uttaler seg på fagleg grunnlag.

Manglande administrativ oppfølging vil mest sannsynleg svekkje det førebyggjande arbeidet. Om det blir kjent at kommunar ikkje følgjer opp, kan det føre til at fleire tek seg til rette (sjå lengre svar i faktaboks).

Fredrik Holth er dosent i juridiske fag ved NMBU, med plan- og bygningsrett som sitt spesialområde. Han seier det er «tankevekkjande» at Økokrim har vorte garantisten for å følgje opp ulovleg bygging i den norske strandsona.

Etter mitt syn er det lite som tyder på at kommunane har teke signala frå Stortinget på same alvor som Økokrim. Forslaget fremja i Stortinget er truleg dårleg nytt for interessene byggjeforbodet i strandsona kviler på, seier han.

I dag seiar plan- og bygningslova at kommunane har plikt til å forfølgje lovbrot uansett kor gamle dei er.

Høgre sitt forslag om å mjuke opp loven vil auke problemet Økokrim løfter. Naturen har ikkje foreldingsfrist, seier Siri Gåsemyr Staalesen, som er bustadpolitisk talsperson i Arbeidarpartiet.

Ho legg til at Ap «er redd for at kommunane ikkje har nok plankapasitet til å hindre nedbygging av strandlinja vår» og at signala frå kommunalministeren berre gjeld «distriktsområde med lågare utbyggingspress» (sone 3).

Vi må også sjå på bruken av dispensasjonar i strandsona. Dispensasjonar skal vere ein unntaksregel, men vi ser frå enkelte kommunar at 85 prosent av søknadene vert innvilga. Det er ein ukultur.

Denne hytteeigedomen har skapt strid i Fjaler kommune i Vestland

OMSTRIDD HYTTE: Statsforvaltaren har vedteke at eigaren av denne hytta i Fjaler i Vestland må rive og reparere alt utanom hytta

Foto: Fjaler kommune

Ressurssterke menneske tek seg til rette

Ove Trellevik er blant Høgre-representantane som står bak forslaget om å fjerne plikta til å etterforske gamle overtramp i strandsona.

Han avviser at det er ein motsetnad mellom deira forslag og rapporten frå Økokrim.

Økokrim peikar på forhold som mange kommunar opplever som krevjande. Altså ressurssterke menneske som tek seg til rette, og som brukar advokatar i korrespondansen med kommunen. Dette har eg sjølv opplevd som ordførar.

Han legg til:

Om forslaget vårt blir vedtekne, så kan kommunane prioritere slike saker som Økokrim peikar på.

I eit innlegg i Bergens Tidende skriv Lars Selmar Alsaker i Sands advokatfirma at «det ikkje handlar om å gi amnesti» for gamle synder, men at arkivsituasjonen gjer at det ikkje er forsvarleg å gå etter alle gamle saker. Innlegget er skrive saman med Ingrid Sævold Moe og Olav Pedersen i advokatfirmaet Harris.

Det er klart at det er mange lovbrot som både skal og bør følgjast opp. Men poenget vi som advokatar prøver å få fram er at styresmaktene i lovbrotsoppfølginga si pliktar å vareta omsynet til grunnleggjande rettstryggleik. Det har vi i mange tilfelle sett at dei ikkje gjer, seier Alsaker til NRK.

Hanne Madsens hytt

GRIMSTAD: Tennisbanesaka starta då ein forbipasserande meldte frå til kommunen om et 500 kvadratmeter stort betongdekke på eigedommen som skulle bli til ein tennisbane.

Foto: Tom-Richard Hanssen Olsen / NRK

Glad for at Økokrim anerkjenner problemet

Truls Gulowsen i Naturvernforbundet seier at han er «veldig glad for at Økokrim anerkjenner problemet med ulovleg nedbygging». Han legg til:

Trusselvurderinga til Økokrim burde få «lov- og ordenspartia» Høgre og Senterpartiet til å rulle inn forslaga om amnesti for lovbrot i strandsona. Norsk natur treng sterkare vern, ikkje fleire unntak.

Ifølgje enkelte berekningar har Noreg den nest lengste kystlinja i heile verda, berre slått av Canada.

SV-representant Birgit Oline Kjerstad seier at det er ei utbreidd misforståing at vi difor har god plass.

Mange trur det er så strengt i Noreg og at vi har så mykje plass, men sanninga er strandsona er strengare forvalta i mange andre land, seier ho.

h3ywB8Qrdg4

GROVE BROT: «Forsettleg og systematisk» kriminalitet i den norske strandsona har fått eit eige kapittel i den siste trusselvurderinga til Økokrim.

Foto: Svein Grønvold / Samfoto