Hopp til innhold

Her renn deler av fossen forbi – slik at dei slepp å betale skatt

Dette kraftverket går for «halv maskin», fordi det løner seg. – Eit paradoks i ei tid der vi treng meir straum, seier ordføraren i same kommune.

Gloppen

PARADOKS: Dette kraftverket går for «halv maskin» for å sleppe å betale grunnrenteskatt. – Eit paradoks, seier ordføraren.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Ved Eidsfossen i Gloppeelva kunne dette kommunalt eigde kraftverket ha forsynt 1500 husstandar i kommunen med kortreist straum.

I staden har kraftverket valt å skalere ned drifta.

Grunnen er enkel: Om dei sniker seg under grenseverdien på 10 megawatt, så slepp dei å betale grunnrenteskatt.

– Om vi ville, kunne vi produsert 20 gigawattimar (GWh) meir, seier Per Jarle Myklebust, som er styreleiar i Gloppen energi.

Men då ville reknestykket til kraftverket ikkje lenger ha gått opp.

– Det ville ikkje vore lønnsamt, seier han.

– Eit paradoks når vi treng meir straum

Ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) i Gloppen meiner innslagspunktet for grunnrenteskatt får «paradoksale følgjer i ei tid der vi treng meir straum».

– Vi debatterer vindkraft og det grøne skiftet, og då kan vi ikkje på same tid legge avgrensingar på den krafta vi kan produsere!

Sidan grunnrenteskatten vart innført i 1997 har innslagspunktet vorte justert fleire gonger. Sist i 2015, då grensa vart løfta frå 5,5 til 10 megawatt.

I 2019 peika Kraftskatteutvalet på at innslagspunktet kunne gjere det freistande å skalere ned drifta.

Leidulf Gloppestad er ordfører i Gloppen kommune

ORDFØRAR: Leidulf Gloppestad (Sp) meiner innslagspunktet for grunnrenteskatt får «paradoksale følgjer i ei tid der vi treng meir straum».

Foto: Aleksander Åsnes

– Tilpassingar som ikkje er optimale

Leiar Torfinn Opheim i Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) meiner at når det setjast slike tersklar, så vil ein alltid få tilpassingar.

– Vårt prinsipielle syn er at slike tersklar i skattesamanheng gir uheldige insentiv til skattetilpasning.

Det same seier Aslak Øverås hos Energi Noreg.

– Konsekvensen av dagens system er at vi får skattetilpasningar som ikkje er samfunnsøkonomisk optimale.

Øverås trur løysinga er eit botnfrådrag der alle kraftverk «får fritak frå grunnrenteskatt for eit definert volum av kraftproduksjonen».

– Fleire måtar å løyse dette på

Professor Leif Lia i vasskraft ved NTNU har føreslått ein fritaksperiode ved oppgraderingar eller nyinvesteringar i gamle kraftanlegg, slik at skattetrykket blir lågare.

Administrerande direktør Rein Husebø i Forte vasskraft, skrev Småkraftforeininga sitt fråsegn til Kraftskatteutvalet i 2019.

– Bransjen har foreslått fleire måtar å løyse dette på, og ei trinnvis ordning kan vere ein måte, eller ein botnfrådragsordning eller tidsavgrensing. Men kor stort dette problemet er, vil avhenge av kven du spør, seier han.

– Ikkje mange som presser seg under

Ansvarleg redaktør Anders Lie Brenna hos Enerwe.no viser til at det i dag er 16 vasskraftverk med ei yting på mellom 9,0 og 9,9 megawatt (MW). Til saman produserer dei 597,5 GWh.

– Det er altså teoretisk sett snakk om 0,6 TWh. Eg trur derfor vi kan slå fast at det er eit lite omfang.

Til samanlikning oppgir Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) at den samla kraftproduksjonen frå 36 vindkraftverk er 5,5 TWh.

Lie Brenna legg til:

– Sjølv om eg ikkje trur det er mange som pressar seg under, så kan det vere utslagsgivande for kor mange som bygger ut.

LES OGSÅ: Høgt skattetrykk bremser vasskraftutbygging

– Dårleg ressursutnytting

– Vi har vurdert vasskraftverkbeskatninga i fleire omgangar, og har frå og med i år fått på plass eit nytt skattesystem som det er brei einigheit om, seier statssekretær Magnus Thue (H) i Finansdepartementet.

Han legg til:

– Vi legg stor vekt på føreseielegheit, og det ligg ikkje planar om ytterlegare endringar no.

Attende ved Eidsfossen klager Per Jarle Myklebust over at det er skattemessige omsyn og ikkje faglege omsyn som styrer kor mykje straum som vert produsert:

– Då vert det dårleg ressursutnytting.

Per Jarle Myklebust er styreleiar i Gloppen Energi

HALV MASKIN: – Om vi ville, kunne vi produsert 20 GWh meir, seier Per Jarle Myklebust, som er styreleiar i Gloppen energi. Men det løner seg ikkje.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK