Hopp til innhold

Ny EØS-utgreiing går god for den europeiske kraftmarknaden

Den nye EØS-utgreiinga åtvarar mot å erstatte avtalen med eit lausare samband etter britisk eller sveitsisk modell.

Line Eldring

EØS: Utgreiinga gir ein omfattande gjennomgang av Noregs erfaringar med EØS-avtalen, og konsekvensane av tilknytinga til nye EU-byrå slik som ACER.

Foto: NTB

Torsdag formiddag overleverte Line Eldring, leiar for samfunnspolitisk avdeling i Fellesforbundet, den nye EØS-utgreiinga til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

EØS-avtalen gir Noreg tilgang til EUs indre marknad, i byte mot at Noreg godtar EUs lover og reglar på områda som avtalen omfattar.

– EØS-avtalen har tent Noreg godt i 30 år, sa Barth Eide då han tok i mot rapporten.

Han la til at utgreiinga «kjem på eit viktig tidspunkt».

Verda, Europa og Norden er i ei brytningstid, samtidig som utviklinga i EU går stadig raskare.

I regjeringa har utgreiinga vore Senterpartiet sitt «påfunn». Partiet ønsker ein annan handelsavtale med EU, og har ønskt å vite meir om korleis Sveits, Storbritannia og Canada «snakkar» med Brussel.

Konklusjonen er at EØS-avtalen gir Noreg, norsk næringsliv og norske borgarar fordelar som andre og mindre forpliktande avtalar ikkje kan matche.

Etter vår vurdering gir EØS eit breiare, djupare og meir føreseieleg samarbeid, som samla sett varetar fleire interesser og behov, heiter det i rapporten.

Sjå oppfordringane frå utvalet under.

602aO64AHlQ

Utvalsleiar Line Eldring har tidlegare sagt til NTB at ho vart overraska over nokre av funna.

Foto: NTB

EU vil vurdere nødvendige steg

Eit fleirtal i utvalet (men ikkje alle medlemmane) meiner Noreg bør føre vidare klimasamarbeidet med EU fram mot 2050, og at vi bør gjere noko med etterslepet som gjer at Noreg «ligg to rundar bak» det europeiske energiregelverket.

Anne Beathe Tvinnereim utviklingsminister
Amanda Iversen Orlich / n654171

Anne Beathe Tvinnereim, utviklingsminister og nestleiar i Senterpartiet

- Eg merkar meg at utvalet meiner meir kompetanse kan førebygge at kommunar lagar til ei vid tolking av EØS-reglane og at det er legitimt og viktig at norske myndigheiter forsvarer ei tolking av EØS-avtalen som varetar nasjonale politiske prioriteringar, også der denne blir utfordra i domstolane. Her er vi heilt på linje med utvalet.

Demonstrasjon ved UD
Beate Oma Dahle / NTB

Bjørnar Moxnes, utanrikspolitisk talsperson i Raudt

- Utvalet burde heller kartlagt korleis Noreg kan sikre nasjonal kontroll over sentrale samfunnsområde, enn å gjenta EUs krav om rask implementering av EØS-reglar. Denne utgreiinga gir oss ikkje svar på korleis Noreg skal få bukt med straumprissmitten frå Europa, stoppe privatisering av jernbanen eller verne om innleigeforbodet i byggebransjen.

u_bscAje7I4
NTB

Einar Frogner, Nei til EU-leiar

– Det vi ser er at 30 år med EØS-avtalen har svekt det norske folkestyret. Korleis EØS-avtalen har ført til dramatiske endringar både i norsk arbeidsliv og kraftmarknad er noko den ferske utgreiinga berre overflatisk behandlar. Utgreiinga tar ikkje på alvor den usikkerheita som mange bedrifter merkar på kroppen med dei historisk høge straumprisane.

Partileiar i MDG Arild Hermstad
Tom Nicolai Kolstad

Arild Hermstad, MDG-leiar

– EØS-utvalet bekreftar det MDG har sagt lenge. Regjeringa sleper beina etter seg i energipolitikken, noko somlinga med innføringa av fjerde energimarknadspakke er eit godt eksempel på. Det er useriøst å sette dette på vent av omsyn til det interne samarbeidsklimaet i regjeringa. Felles spelereglar er viktige for norsk næringsliv, for Europas klimaarbeid og samarbeidet med Europa.

Ole Erik Almlid
William Jobling / NRK

Ole Erik Almlid, administrerande direktør i NHO

– Det er positivt at EØS-utgreiinga peikar så tydeleg på verdien av EØS-avtalen. EØS-avtalen betyr føreseielegheit og moglegheiter for norske bedrifter, noko som sikrar arbeidsplassar og verdiskaping i bygd og by. Vi er også fornøgde med at EØS-utgreiinga viser fram korleis siste tiårs utviklingstrekk gir oss nye utfordringar i eit elles godt avtaleforhold. Prisen for norsk utanforskap aukar.

Heidi Nordby Lunde
Vidar Ruud / NTB scanpix

Heidi Nordby Lunde, leiar i Europabevegelsen

– Dette kan vanskeleg tolkast på annan måte enn at EØS-debatten er død. Det er ei utvikling vi ønsker velkomen.

Bård Standal
Benjamin Danielsen / NRK

Bård Standal, nestleiar i Fornybar Norge

– Vi er glade for at utvalet konkluderer med at EØS-avtalen har tent Noreg godt på energiområdet. Klima- og energipolitikk blir stadig viktigare i EU, og får ein stadig større plass i EØS-avtalen. Det vi bør bli flinkare på, er å delta meir aktivt i politikkutforminga i Europa på eit tidlegare stadium. Ein føresetnad for det er at vi må klargjere norske posisjonar raskt og på eit tidleg stadium

I eit brev til energiminister Terje Aasland (Ap), datert 13. mars, skriv EUs energikommissær Kadri Simson at Noreg må innføre Fornybardirektivet seinast innan fem månader.

Dersom dette ikkje skjer, vil EU «vurdere nødvendige steg», heiter det i brevet, som først blei omtalt av nyheitsnettstaden Montel News.

NRK har tidlegare skrive at europeiske lover hopar seg opp på norskegrensa, og at presset på å harmonisere lovverket aukar.

Utvalsleiar Line Eldring seier til NTB at ho vart overraska over nokre av funna.

– Kva har overraska deg mest?

– Det må vere erkjenninga av kor store endringar det har vore i EU det siste tiåret. Og kor djupt integrert Noreg er i den europeiske unionen – utan å vere medlem. Eg er overraska over den store breidda i samarbeidet.

Les også Acer-dommen skaper press på å ta inn fleire EU-reglar

Verdens lengste undersjøiske strømkabel, Nordlink.

Den som formelt sette ned utvalet i 2022 var tidlegare utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap).

Huitfeldt var ein profilert EU-motstandar på nittitalet, men fleire spekulerer i at ho – i selskap med Trine Skei Grande – har «bytta side».

Sjølv held ho korta tett til brystet:

– Det er heilt uinteressant kva eg meiner om norsk EU-medlemskap, seier ho til Klassekampen.

– Uforsvarleg at norsk EU-debatt til evig tid skal vere knebla

Onsdag la MDG fram eit forslag i Stortinget om å komme i gang med medlemskapsforhandlingar med EU.

Målet er at eit utkast til avtale deretter skal leggast fram for ein folkeavstemming.

Denne utgreiinga viser tydeleg at det er på tide at regjeringa nå startar prosessen med å diskutere forholdet vårt til EU på ein brei og sakleg måte med mål om å melde Noreg inn i EU. Vi treng å ta steget fullt ut, seier MDG-leiar Arild Hermstad.

Venstre-leiar Guri Melby kommenterte forslaget i Politisk kvarter torsdag morgon. Ho presiserte at ho var nesten heilt einig med MDG i sak, men at ho hadde innvendingar til framgangsmåten.

Samsending med P2.

Treng vi ein ny EU-debatt? Anne Beathe Tvinnereim (Sp), Marie Sneve Martinussen (R), Guri Melby (V) og Arild Hermstad (MDG) diskuterer.

Seks av ti nordmenn sluttar opp om EØS-avtalen

Torsdag morgon viser ei ny måling som Ipsos har gjort for NHO at det er stor oppslutning om EØS-avtalen

Meir enn seks av ti nordmenn – 63 prosent – sluttar opp om EØS-avtalen.

EØS-oppslutninga er den største som er målt sidan april i fjor. 37 prosent er heilt einige i at Noreg framleis bør delta i EØS-samarbeidet, mens 26 prosent er delvis einige.

17 prosent er heilt eller delvis einig i at Noreg bør ut av EØS. Like mange har ikkje har tatt stilling til saka.

NHO-direktør Ole Erik Almlid meiner undersøkinga viser at alt snakk om alternativ til EØS-avtalen er eit feilspor.

Det er kritisk å sikre eit tettast mogleg samarbeid med EU, også på område som ikkje er dekt av EØS, eller hamnar i gråsona av avtalen.

Les også Folk kjem ut av skapet som EU-tilhengarar

Agathe Waage

Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum

Utgreiinga har vore Senterpartiets «påfunn». Statsminister Jonas Gahr Støre har vore mindre gira.

Foto: NTB