Hopp til innhold

NSB vil ha sin del av kaka i Flåm

Dei lokale reiselivsaktørane har gjort Flåmsbana til millionbutikk. No vil NSB ha sin del av kaka.

Flåmsbana - Flåm stasjon

POPULÆR: Reiselivsnæringa i Aurland har tent svært gode pengar på Flåmsbanen, men no kan NSB kome til å stikke av med mesteparten av inntektene.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Flåmsbana har dei siste åra vore millionbutikk for reiselivsnæringa i Aurland, men det er NSB som sit med gode kort på hand når ein 15 år gamal avtale går ut ved nyttår.

Medan NSB skulle drifte Flåmsbana til kostpris, skulle Aurland Ressursutvikling stå for alle utgiftene til marknadsføring, mot at dei fekk alle inntektene.

– Det ville vere ei utruleg uklok handling frå NSB si side, i høve til deira isolert sett omdøme og forteneste, og det vil sjølvsagt vere totalt urimeleg, seier Ivar Bjarne Underdal, styreleiar i Aurland Ressursutvikling.

Rekord i fjor

Då avtalen vart gått inn i 1998 vart Flåmsbana den første privateigde jernbanestrekka i Norge. Dei investerte i nytt togsett med nostalgisk interiør og auka til ti daglege avgangar i sommarsesongen.

Sidan har Flåmsbana vore igjennom ei rivande utvikling. Med 475.033 reisande, var den 20,2 kilometer lange jernbanestrekka Norges femte best besøkte turistaksjon i 2005.

Noralv Distad (H)

ORDFØRAR: Noralv Distad (H).

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I fjor vart det ny passasjerrekord med 618.557 reisande, og eit resultat på 23 millionar kroner før skatt. Ordførar i Aurland, Noralv Distad, vedgår at avtalen med NSB har vore god for lokalsamfunnet.

– Det har vore ein god avtale for Aurland, men også ein avtale som har premiert innsats for å få auka trafikk slik at når du har formidabel trafikkvekst så har Flåm utvikling som har hatt ansvaret for salet også nytt godt av det, seier han.

– Nye tider no

Flåmsbana vart i 2010 kåra til ei av dei ti flottaste togreisene i Europa av The National Geographic Traveller Magazine. Året etter hamna den på The Society of International Railway Travellers si liste over verdas 25 flottaste togreiser .

I år er det venta at kring 650.000 passasjerar vil følgje toget mellom Myrdal og Flåm.

– Det er jo nye tider no, og vi ynskjer å sjå på moglegheita til å vidareutvikle produktet. Då dreier det seg om å investere i nytt materiell og det kostar pengar, seier Marianne B. Einarsen, direktør i NSB.

Har jobba sjølv

– Så då vil de ha ein del av kaka sjølve?

NSB-direktør Marianne B. Einarsen

DIREKTØR: Marianne B. Einarsen.

Foto: Picasa 2.7

– Då ser vi på andre former i den avtalen enn det vi har i dag, seier Einarsen og meiner forhandlingane går godt og at dei har ambisjon om å kome i hamn med ein avtale som er god for begge partar.

Underdal viser til at Flåmsbana går økonomisk godt fordi det i ei årrekkje har vore jobba godt lokalt. Han vil ikkje godta at NSB skal få mesteparten av overskotet.

Overtok underskot

– No skal vi lage ein balansert og god avtale med NSB, som begge har grunn til å vere nøgde med økonomisk sett, og som legg rammevilkår for å ta Flåmsbana inn i ei endå meir integrert tid enn ei regional nærings- og produktutvikling.

– Avtalen med NSB har vore veldig gullkanta for dykk, er det håp om å få ein like god avtale?

– Den var ikkje gullkanta då vi overtok. Då var det eit underskotsprosjekt og vi brukte tre år på å gå i pluss, men sidan har det gått berre ein veg, avsluttar Underdal.