Hopp til innhold

Slik er verdas lengste vegtunnel - sett på 2:45 minutt

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Reiselivsjournalisten Andrew Evans blei så imponert over Lærdalstunnelen at han la køyreturen ut på bloggen sin – speeda opp med 800 prosent.

Amerikanaren Andrew Evans jobbar som reisejournalist i National Geographics og har nettopp vore på ein tre vekers tur til Sør-Norge på oppdrag for reisemagasinet National Geographic Traveler.

Evans er også kjend som Digital Nomad og har tvitra ivrig frå Norgesturen sin - «I heile mitt liv har eg sett idylliske reklamar for Norge, men i dag står eg her og det er 100 prosent ekte.»

På Norgesturneen sin besøkte han mange kjende attraksjonar, mellom anna Flåmsbana. Men det er ikkje berre flott natur og fjordar som imponerer amerikanaren.

– Ingen byggjer tunnelar som nordmenn gjer. Er det eit fjell dei kan grave gjennom, gjer dei det. Eg fann ut at eg køyrde gjennom 39 tunnelar på 90 minutt ved dei vestlege fjordane, skriv han på bloggen sin.

Lang tunnel på kort tid

Ein av dei som har imponert han er Lærdalstunnelen. Normalt tek det om lag 20 minutt å køyre gjennom verdas lengste vegtunnel som er heile 24,5 kilometer lang.

Evans seier han fekk ei spesiell kjensle då han suste gjennom massivt fjell. Han skryt av dei tre fjellhallane med det spesielle lyset og av tryggleiken inne i tunnelen.

Evans sette på videokameraet for å filme heile turen. Men på grunn av lengda på filmen, speeda han den opp med 800 prosent. Dermed blei over 20 minutt redusert til 2:45.

– På den måten kan du oppleve den lengste tunnelen i verda i det lengste landet i Europa på kortast mogleg tid.

Andrew Evans

FILMA HEILE TUREN: Andrew Evans er imponert over Lærdalstunnelen.

Foto: Privat

Verdt millionar av kroner

Når ein mann som Andrew Evans skryt av Norge for eit stort publikum, er det verdt mykje pengar.

Reiselivsdirektør Per Arne Tuftin i Innovasjon Norge seier at besøket til National Geographic-journalisten er verdt millionar.

– Han har blitt en opinionsdannar, spesielt i USA der han nærmast er ein bloggkjendis. Og National Geographic er midt i målgruppa for oss, seier Tuftin til VG Nett.

Vil tilbake til Norge

Og Evans har ikkje blitt lei Norge, han vil tilbake på ferie. Han seier til VG Nett at også andre vil komme hit etter å lest bloggen hans.

– Eg har aldri fått så mykje respons frå lesarane som på denne turen til Norge. Det er en god sjanse for også eg kjem tilbake hit. Det er eit land som fortener eit heilt liv, seier han.