Hopp til innhold

Aprilrekord på Flåmsbana

I april reiste 16 000 med Flåmsbana , det er ny rekord for april månad.

Flåmsbana-turist

TIDLEGE TURISTAR: 16 000 med Flåmsbana i april.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Driftsleiar Sivert Bakk seier til Sogn Avis at turistverksemdene i Flåm må innstille seg på at sesongen blir forlenga i begge endar.

– Frå 2005 til i år har passasjertalet i april auka frå vel 5000 til 16 000. Alt må vere på stell tidlegare.

(Artikkelen held fram under biletet).

Flåm med cruiseskip

MANGE CRUISESKIP TIL FLÅM: Det er venta 80 000 passasjerar med Flåmsbana i mai.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Store cruiseskip på tidleg besøk

Også mai i år blir det venta storinnrykk av tidlege turistar. Onsdag klappa cruiseskipet "Azura" med 4319 menneske om bord til kai i Flåm. Aldri før har Flåm hatt eit så stort cruiseskip til kai så tidleg på året. Bakk reknar med rundt 80 000 reisande med Flåmsbana i mai.

Og i 2013 kjem det eit like stort cruiseskip alt i slutten av april.

I dag kom cruiseskipet "Azura" til Olden.

Cruiseskipet Azura i Olden

FRÅ FLÅM TIL OLDEN: Cruiseskipet 'Azura'.

Foto: Magne Gunnar Holen