Hopp til innhold

Togeuntusiast vil frede Flåmsbana

Svein Flåm Kant reagerer mot planane om å modernisere Flåmsbana

Flåmsbanen
Foto: Thomas Ystrøm / NRK

LES MEIR OM FLÅMSBANA I FYLKESLEKSIKONET

Jernbaneverket vil byte ut den gamle flaggsignaliseringa med moderne lysvarsling. Dette meiner Flåm Kant vil øydelegge heileheitsinntrykket av banen for dei reisande.

- Ingeniørkunst

Han har no kontakta Riksantikvaren og bede han instendig om å frede med tanke på å få freda både jernbana og bygningsmassen.

- Det er ei jernbanestrekke som vart bygd då Noreg haddde verkeleg lite pengar. Likevel brukte dei 20 millionar kroner for å bygge den. Den må framstå mest mogleg som det den var. Den skal ikkje gjerast om til disneybane. Den skal vere slik at folk kan reise der og sjå verkeleg ingeniørkunst, korleis den var og få vite kvifor den vart bygt, seier han.

Tryggleik og effektivitet

Flåmsbana fraktar over ein halv million reisande i året. Hovudtyngda er utanlandske turistar. Det som provoserer Flåm Kant er at jernbaneverket no vil byte ut den gamle og tradisjonsrike flaggsignaliseringa med moderne lyssignal. Informasjonssjef i Jernbaneverket, Inge Hjertaas, seier at moderniseringa handlar om tryggleik og effektivitet.

- Med det nye systemet vil spare kanskje to-tre-fire minutt per kryssing, seier han.