Hopp til innhold

Eventyrleg suksess i Flåm

Flåm Utvikling hadde økonomisk suksess i fjor. Rekordmange reisande på Flåmsbana er hovudgrunnen.

Flåm stasjon
Foto: Merete Høidal / NRK

Firmaet hadde eit resultat før skatt på 16,9 millionar kroner i fjor, eller dobbelt så mykje som året før.

- Vi har hatt ei stadig aukande tilstrøyming av turistar, og 2006 var eit rekordår med over 50.000 fleire reisande enn tidlegare år, seier styremedlem Johannes Dalsbotten.

Over ein halv million reisande

Heilt sidan Flåm utvikling for ti år sidan tok over mesteparten av ansvaret for Flåmsbana, har dei opplevd auke i talet på reisande frå år til år.

I fjor hadde bana 536.000 passasjerar. I år kjem truleg fleire enn 550.000 til å reisa den vidgjetne jernbanestrekninga.

- I juli er det dei ein auke på 12 prosent i høve til i fjor. Verdsarvstatusen har nok litt å seie, men det har også vore ei massiv marknadsføring over tid, seier han.

Gondolbane

Men etter kvart vil Flåmsbana nå eit metningspunkt.

- Det er jo ei grense på kor mange passasjerar Flåmsbana kan ta med seg kvar dag. Når toget er fullt, så er det fullt.

For å sikra vidare utvikling, er det godt å ha pengar på bok.  Planane om ei gondolbane frå fjord til fjell, som skal avlasta Flåmsbana, kan snart bli realiserte.

Flåm
Foto: Merete Høidal / NRK