Hopp til innhold

600 000 blei med på togturen

573 000 personar såg programmet om Flåmsbana i går. Det gjer den spektakulære togturen til det fjerde mest sette programmet denne dagen.

Flåmsbana

POPULÆRT: Det som blir kalla verdas vakraste togtur vart sett av nesten 600 000 personar.

Foto: NRK

Etter sjåarsuksessen med Bergensbanen i fjor, vart også turen med Flåmsbana fjernsyn.

Publikum fekk vere med minutt for minutt, frå Myrdal stasjon på 886 meter over havet og ned til Flåm. Det som av mange blir rekna som verdas vakraste togreise, vart filma med seks kamera og det vart også filma frå helikopter.

Når toget køyrer inn i nokre av tunnelane, vert det mellom anna vist gamle filmsnuttar.

Sjå programmet i nett-TV

Det er framleis ein moglegheit til å sjå programmet dersom du gjekk glipp av det. Du kan nyte den ein time lange togturen i nett-TV til NRK.

Last ned 3D-versjonen

Turen er også filma i 3D og du kan laste ned togreisa på nrkbeta.no. Dette er den første 3D-produksjonen til NRK, og er gjort i samarbeid med produksjonsselskapet Bugg.