Hopp til innhold

Hurtigruta ut av Flåmsbana

Hurtigruten vil ikkje lenger sitje med sine aksjar i reiselivsverksemda Aurland Ressursutvikling.

flåmsbana ved Vatnahalsen

VIL UT: Aurland Ressursutvikling er ei pengemaskin, men Hurtigruten ASA vil selje seg ut.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Reiselivsaktøren i Aurland er ei av dei mest lønsame reiselivsverksemder i landet, og har Flåmsbana som si viktigaste inntektskjelder.

Ragnar Norum

SJEF: Ragnar Norum er kommunikasjonssjef i Hurtigruten ASA.

Foto: Hurtigruten

I 2009–2010 gjekk verksemda med nær 50 millionar kroner i overskot, noko som gav eigarane eit samla utbyte på 20 millionar kroner. Likevel vil Hurtigruten selje sin eigarpost på 12,49 prosent, skriv Bergens Tidende.

– Det er ikkje den type verksemd vi skal drive. Vår del er til sals, seier kommunikasjonssjef Ragnar Norum i Hurtigruten ASA.

Ynskjer ny eigar

Både ordførar Noralv Distad og banksjef Gunnar J. Sulen seier til avisa at dei helst ynskjer ein ny medeigar med erfaring, kunnskap og vilje til å vere med å utvikle reiselivsverksemda.

Leif Øverland

FOR LITE: Leif Øverland i Fjord1 meiner aksjeposten er for liten til å vekkje Fjord1 si interesse.

Foto: Art Rent AS

Ifølgje avisa kan aksjeposten vere for liten for ein eventuell ny eigar. Noko konserndirektør Leif Øverland i Fjord1, som mellom anna driv turistbåttrafikk mellom Gudvangen og Flåm og Kaupanger, stadfestar.

– Vi er kjent med at denne posten er til sals, men det skal større postar til enn 12,5 prosent for at vi er interessert. Dersom det hadde vore ein større del, og det var fleire partnarar som ville vere med, så ville vi ikkje ha sagt nei til å kome til eit møte, seier han til avisa.