Hopp til innhold

NRK greidde nynorskkravet i 2021: – Det skulle berre mangla

For andre gong har NRK klart nynorskkravet. I 2021 var 25,4 prosent av innhaldet til NRK på nett, radio og TV på nynorsk.

Arianrhod Engebø

BIDREG: Nynorskbrukar Arianrhod Engebø i NRK P3 er ein av dei som har bidrege til at nynorskprosenten er rekordhøg.

Foto: LARS HAUGDAL ANDERSEN

I 2019 innfridde NRK nynorskkravet for første gong. Året etter gjekk det ikkje like bra.

– I 2020 sa eg at me måtte skjerpa oss, og det har me gjort. Eg er svært glad for at me no oppfyller kravet og dermed gjer ein god og viktig jobb for norsk språk, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.

Det er over femti år sidan styresmaktene kom med kravet som seier at 25 prosent av innhaldet skal vera på nynorsk.

Thor Gjermund Eriksen

GLAD: Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen er godt nøgd med at NRK klarer nynorskkravet for andre gang.

Foto: Anders Leines / NRK

Språksjefen i NRK, Karoline Riise Kristiansen, meiner dette er noko NRK bør klara.

– Eg er veldig godt nøgd med at me har klart nynorskkravet i 2021, men samtidig skulle det berre mangla. Det er ein del av samfunnsoppdraget vårt at me skal styrka, utvikla og bruka nynorsken.

Varierer mellom kanalane

Tv-kanalen NRK2 tronar på topp med ein nynorskdel på 32,2 prosent. Like bak følgjer NRK3, NRK Super og radiokanalen NRK P1.

NRK1, NRK.no, NRK P2 og NRK P3 ligg under 25 prosent.

Samla utgjer det 25,4 prosent. Dette er høgare enn i 2019, då talet var 25,2.

Mållaget: – Gledelege tal

Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag, tykkjer det er bra at målet er nådd.

– Det er absolutt gledelege tal, og det er kjekt med ein framgang, seier ho.

Sætre er ekstra positiv til tala frå NRK Super.

– Det er spesielt kjekt at dei delane av NRK som når ut til barn og unge er gode.

Synnøve Marie Sætre, leder i Noregs Mållag

VIKTIG: – Denne 25 prosenten er ein viktig måte å visa at nynorsk er eit minst like godt pressemål. Det er ei viktig rolle NRK har, seier Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag.

Mållaget er likevel ikkje heilt nøgde. Sætre understrekar at det er sentralt å nå ut med skriftleg nynorsk. På NRK.no var det 18,8 prosent nynorsk i 2021. Det er ein auke frå 17 prosent året før.

– Det er viktig å trekkja fram at det har vore ein framgang med nynorsk på nett, men der håpar eg ein når 25 prosent i framtida.

Kringkastingssjefen er samd.

– NRK.no er ikkje heilt i mål, men eg er nøgd med at framgangen på denne plattforma er så stor. Det er grunna strategiske mål og sterk vilje, seier han.

Sette i gang tiltak

Koronaviruset fekk mykje av skulda då nynorskprosenten enda på 24,2 i 2020. Ifølgje Eriksen har to år med pandemi gjort planlegging meir krevjande.

– Desto større grunn til å vera glade for at me løyser språkoppdraget på ein god måte.

Språksjef Kristiansen fortel at det vart sett i gang tiltak for å klara å nå målet att. Ho nemner nynorsk fadderordning, rekruttering av nynorskjournalistar og auka bruk av språkteknologi som døme.

Karoline Riise Kristiansen, språksjef i NRK smiler til kamera.

SER FRAMOVER: Språksjef i NRK, Karoline Riise Kristiansen, vil at målet framover skal vera å klara kravet kvart år.

Foto: Ole Kaland/NRK / NRK

I tillegg ønskjer ho at alle kanalar skal vera over 25 prosent.

– Målet for kvar kanal må vera 25 prosent, ikkje berre som eit overordna mål for NRK totalt, seier ho.

Språksjefen understrekar at kravet ikkje er eit tak.

– Det skal vera minst 25 prosent. Me kan gjerne ligga eit stykke over.