Hopp til innhold

NRK har greidd nynorskkravet

For første gong har NRK innfridd nynorskkravet. I 2019 var 25,2 prosent av innhaldet til NRK på nett, radio og tv på nynorsk.

Thor Gjermund Eriksen

LITT FLAUT: Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen synest det er litt flaut at NRK ikkje har klart kravet om nynorsk før no.

Foto: Hans Cosson-Eide / NRK

For eitt år sidan lova kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen at ein skulle klare nynorskkravet i 2019. Det lukkast han med.

– Dette er utruleg viktig. Eg tykkjer faktisk det er litt flaut at vi ikkje har fått det til før.

Han legg til at den auka nynorskbruken har gjort medarbeidarane meir bevisste på språk i heile NRK, også når det gjeld dialektar, samisk og kvensk.

– Det har betydd mykje at Ingvild Bryn og Språkstyret har vore så oppmuntrande og skapt sjølvtillit hos medarbeidarane, slik at mange er blitt tryggare på å bruke nynorsk.

Det er i år 50 år sidan styresmaktene stilte krav om at 25 prosent av innhaldet skal vere på nynorsk i NRK, men først i fjor blei målet nådd på radio, TV og nrk.no.

Ingvild Bryn, Thor Gjermund Eriksen og Vibeke Fürst Haugen

FEIRAR: Fungerande språksjef Ingvild Bryn, kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen og vikarierande kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen gler seg over at NRK har klart nynorskkravet.

Foto: Øyvind Werner Øfsti / NRK

P1 på topp

Det er radiokanalen NRK P1 som tronar på toppen. Kanalen har ein nynorskdel på heile 30,5 prosent i 2019. På dei to følgjande plassane kjem NRK P3 og NRK Super.

– Det er gledeleg at NRK har nådd målet om 25 prosent nynorsk. Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen har vore tydeleg på at vi skulle prøve å nå dette målet i 2019, og det har vore ei viktig drivkraft, seier fungerande språksjef Ingvild Bryn.

All dialekt på radio og TV vert delt i to, der 50 prosent går til nynorsk og 50 prosent til bokmålsstatistikken.

Mållaget gratulerer

Nestleiar i Noregs Mållag, Peder Lofsnes Hauge, seier det var på tide at NRK klarte å oppfylla kravet dei har hatt over seg i 50 år.

– Dette er ein historisk dag og veldig viktig. Dette handlar om at nordmenn skal få møta meir nynorsk i kvardagen. Vi blir overfløymde av bokmål i kvardagen. Då er det viktig å visa at nynorsk er eit minst like godt pressemål, seier Hauge.