– Her må vi ta rev i segla og skjerpe oss, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.
2019 vart det skrive språkleg historie i NRK. For første gong på 50 år nådde NRK kravet om 25 prosent nynorsk.
Men marginen var med knappe 0,2 prosent. I 2020 er det tilbake til gamle synder.
Den endelege utrekninga for året viser at totalt 24,2 prosent av innhaldet til NRK var på nynorsk.
Skuldar på korona
Ifølge Eriksen er det koronaviruset som har vore med å sett kjeppar i hjula på vegen mot å nå nynorskkravet på nytt.
Kringkastingssjefen fortel at satsinga på direktesendingar med nyhende då landet stengde ned i mars har vore med på å dra ned nynorskprosenten.
– Vi hadde ikkje tilstrekkeleg mange nynorsktalande programleiarar på nyheiter på dei nasjonale flatene, forklarer Eriksen.
Samstundes gjorde pandemien at mykje planlagd innhald ikkje vart noko av.
NYNORSK: Ingvild Bryn er ein av programleiarane som nyttar nynorsk. Kringkastingssjefen seier mangel på nynorsktalande programleiarar har dratt ned prosenten under mange direktesendingar.
Foto: Terje Pedersen / NTBLågast på nett
Det er NRK.no som i 2020 hadde lågast prosentdel nynorsk. Berre 17 prosent av det skriftlege innhaldet til NRK var på nynorsk.
– Vi har gått ned frå i fjor og det er ekstra ille. Det handlar jo om at nynorskbrukarane skal få sjå språket sitt og ikkje berre høyre det på TV eller radio, seier språksjef i NRK, Karoline Riise Kristiansen.
Språksjefen er klar på at NRK rett og slett må bruke meir nynorsk og vekkje dei med nynorskkompetanse som ikkje er flinke nok til å bruke den.
I tillegg må ein vere skodd for å bli betre på nynorsk, også når ein står oppe i ei krise eller andre uventa ting.
MOTIVERT: Språksjef i NRK, Karoline Riise Kristiansen, har mål om å nå kravet i åra framover.
Foto: Thomas Brun / Thomas BrunFrå jubel til skuffelse
Magni Øvrebotten, leiar ved Nynorsk mediesenter, er skuffa. Sidan 2004 har ho sendt frå seg 165 nynorskbrukande journalistar frå mediesenteret i Førde.
– Vi sola oss kanskje for lenge i glansen av å ha klart 25 prosent etter 50 år, seier Øvrebotten.
– Om alle tek ansvar, slepp vi desse skippertaka. Å oppfylle nynorskprosenten er eit leiaransvar frå topp til botn og ikkje noko vi kan sette vekk til språksjefen åleine, legg ho til.
FORVENTAR BETRE 2021: Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.
Foto: Elise ÅrdalMållaget: – Leit
– Vi hadde jo ei forventning om at det var eit lovkrav som vi skulle sett blei innfridd i alle år framover, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
Hauge fortel at mållaget synest det er leit og skuffande at NRK ikkje klarte kravet.
– Eg kan til ei viss grad akseptere at ting nok var litt ekstraordinært i dette koronaåret, men språk er alt for viktig til å bli gløymt i ei krisetid, seier Hauge.
Mållaget har tett samarbeid med leiinga i NRK og veit at det blir jobba godt med nynorskprosenten. Han forventar at kravet blir nådd i 2021.
Det er han ikkje åleine om. Kringkastingssjefen forsikrar at det allereie er lagt planar for korleis ein skal nå målet i år.
Dei stiller språksjefen i NRK seg bak.
– At vi greidde det i 2019 kan ikkje bli ståande som eit eingongstilfelle, seier språksjef Kristiansen.