Hopp til innhold

– I år skal NRK klare nynorskmålet

NRK har eit oppdrag om at minst 25 prosent av alt innhald skal vere på nynorsk. Kringkastingssjefen lovar at 2019 er året vi skal nå målet.

Thor Gjermund Eriksen

LOVNAD: Med hjelp frå Nynorsk mediesenter skal han få opp nynorskbruken i NRK til 25 prosent.

Foto: Hans Cosson-Eide / NRK

På Nynorsk mediesenter i Førde har fem ferske nynorskpraktikantar akkurat kome på plass.

Kvart år utdannar Nynorsk mediesenter ti personar som skal vere med å styrke nynorskbruken i NRK. Praktikantane har ulike bakgrunnar, men felles for dei er at dei har eit hjarte for nynorsk og eit ønskje om å arbeide med journalistikk.

Nynorskpraktikantar kull 30

PÅ PLASS: Kull 30 med nynorskpraktikantar er på plass i Førde. Dei skal hjelpe kringkastingssjefen å nå målet om 25 prosent nynorsk i NRK.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Nynorsk er det eg har vakse opp med og det er min identitet. Samstundes er eg nysgjerrig og glad i gode historier, seier praktikant Magnus Urup Helle, som kjem frå Vinje i Telemark.

Aldri nådd målet

Minst 25 prosent av alt innhaldet som NRK produserer skal vere på nynorsk. Det har ein framleis ikkje klart å oppfylle.

– Eg synest det er litt flautt at vi ikkje har klart det. Vi har ikkje vore langt unna med 23 og 24 prosent. No har eg lova at vi skal få til 25 prosent nynorsk i inneverande år, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.

For å klare dette treng han hjelp frå nynorskpraktikantane.

– Det er heilt avgjerande faktisk. Vi har eit ansvar for å spegle heile landet og skal vi klare det må vi ha folk som kan lage innhald og journalistikk på nynorsk, seier Eriksen.

15 år med praktikantar

I 15 år har Nynorsk mediesenter lært opp journalistar. Til saman har 150 praktikantar gått gjennom dørene på kontoret i Førde. No er kull nummer 30 på plass og det tykkjer leiaren for mediesenteret er stort.

– Det er utruleg stas. Det er ein merkedag at vi no har tilsett 30 kull, seier Magni Øvrebotten.

Ho meiner som kringkastingssjefen at nynorskpraktikantane er viktige for nynorskbruken i NRK.

– Eg trur nynorskprosenten hadde vore endå dårlegare utan oss. Vi har vore med å halde den på eit nokolunde nivå, men eg tykkjer det burde vore endå fleire nynorskbrukarar i NRK.

Å ta vare på og fremje nynorsk er nemleg ein av oppgåvene NRK har som allmennkringkastar.

– Gjennom oss får folk nynorsk i naturleg bruk, ein får høyre det og ikkje berre lese det. På den måten er NRK er uvurderleg, seier Øvrebotten.

Magni Øvrebotten

TRUR PÅ MEIR NYNORSK: Magni Øvrebotten er leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Ho trur at målet om 25 prosent nynorskbruk i NRK vil lukkast.

Foto: Ahmad Dean / NRK