Hopp til innhold

Norske hamner kan bli sitjande att med miljøverstingane

Dersom regjeringa ikkje aukar satsinga på landstraum, kan norske hamner ende opp med gamle og utrangerte cruiseskip om få år. Det fryktar norsk ekspert.

Cruiseskipet Sinfonia i Flåm

FRYKTAR NORGE SAKKAR AKTERUT: Dei neste fem åra skal det byggjast rundt tretti nye cruiseskip. Å kunne tilby landstraum vil vere ein føresetnad for å lokke til seg desse nye og meir miljøvenlege skipa, trur norsk ekspert.

Foto: Halvor Farsund storvik / NRK

Som fagsjef i Norsk elektroteknisk komité var Ragnar Gjørven sentral i arbeidet med å få på plass ein internasjonal standard for landstraumtilkopling av cruiseskip. Skip som blir bygde i dag kan koplast til straum frå land etter denne standarden.

– Dei andre skipa, som etter kvart blir utrangert, vil forsvinne til hamner og land som ikkje kan tilby landstraum. Mellom anna Norge, som ikkje verkar å ville satse på dette, seier Gjørven.

Med over hundre anløp og opp mot 200 000 passasjerar kvart år, er Flåm i Aurland ein av dei store cruisedestinasjonane i Norge. Assisterande hamnesjef Jon Olav Stedje meiner strenge miljøkrav skånar dei frå dei verste forureinarane.

Hamnesjef Jon-Olav Stedje

STRENGE KRAV ALLEREIE: Assisterande hamnesjef i Aurland, John Olav Stedje, meiner miljøkrav hindrar dei verste forureinarane å kome til Norge.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Vestnorske fjordar har nokre av dei strengaste krava til utslepp, avfallshandtering og utslepp i verda. Dette gjer at vi ikkje på nokon måte kan ta imot miljøverstingane, seier han.

Større utslepp enn frå fly

Ifølge tal frå Bellona brukar eit cruiseskip 30 tonn drivstoff kvart døgn det ligg til kai. Det er det same som utsleppa til 13 000 bilar.

Faktisk viser ein rapport Ecofys har utarbeidd for EU-kommisjonen, at dei samla utsleppa frå skipstrafikken i Europa er større enn frå flytrafikken. Ifølgje den same rapporten kan landstraum redusere CO₂-utsleppa frå skipa sin straumproduksjon med 39%.

Difor tykkjer Gjørven det er rart at norske myndigheiter ikkje ser moglegheitene og satsar hardare.

– Eg tykkjer at det er litt flaut, spesielt for Norge som sjøfartsnasjon, at vi ikkje tek dette meir på alvor, seier han.

Landstraum i vinden internasjonalt

USA har teke ei leiande rolle i utbygginga av landstraum, spesielt på vestkysten. I California er reiarlaga pålagde å kople minst halvparten av skipsflåten til landstraum.

I Europa har har det kome eit EU-direktiv som forpliktar medlemslanda til å innføre landstraum innan 2025. Norge har enno ikkje gjort tilsvarande forpliktingar og utbygginga går sakte.

Landstrømanlegg

EIN AV TO: Hjortnes Kai i Oslo er ein av to hamner som tilbyr landstraum til passasjerskip, den andre ligg i Kristiansand. Førebels er det berre dei to kielferjene i Oslo og danskebåten i Kristiansand som kan nytte seg av tilbodet.

Foto: Simon Skjelbostad yset / NRK

I dag finst det berre tre anlegg som gjer det mogleg for skip å kople seg til straumnettet når dei ligg til kai. Oslo tilbyr dette til dei to kielfergene som går til Hjortnes kai, Kristiansand gjer det same med danskebåten, medan Skoltekaien i Bergen i sommar fekk på plass det første landstraumanlegget for offshoreskip i landet.

Ønskjer statleg støtte

Dei store cruisehamnene er førebels skeptiske til å ta på seg store investeringar. Dei etterlyser eit felles løft i heile den europeiske cruisenæringa og meiner det må statlege føringar og finansiering til.

John Erik Johnsen, hamnesjef i Aurland og varabrannsjef i Aurland

IKKJE UROA: Hamnesjef i Aurland, John Erik Johnsen, fryktar ikkje at Norge vil henge etter i utbygginga av landstraum.

Foto: Arne Veum/Aurlendingen

– Dersom styresmaktene kjem med pålegg, er eg ganske sikker på at det vil følgje med pengar. Då vil me sjølvsagt følgje opp og leggje til rette for landstraum på lik linje med alle andre, seier hamnesjef i Flåm, John Erik Johnsen.

Han deler ikkje uroa til standardiseringseksperten.

– Eg er heilt sikker på at Norge kjem til å følgje opp dette og vere i fremste linje når det gjeld landstraum.

Stortinget har bedt Samferdsledepartementet om å lage ein handlingsplan for landstraum. NRK har kontakta departementet, men dei vil ikkje avsløre innhaldet i planen før den er vedteke i neste års budsjett.