Hopp til innhold

Noreg og USA styrkjer mineralsamarbeidet

Energiminister Terje Aasland og den amerikanske motparten Geoffrey R. Pyatt har signert ein avtale om å forsterke mineralsamarbeidet.

Nyleg har Kina stramma inn på USAs tilgang til grafitt, noko som aktualiserer behovet for å byggje robuste og sikre verdikjeder for mineral. Noreg er i dag ein stor eksportør av kobolt, nikkel, jern, titan og kvarts.

– På bakgrunn av dette er det viktig at vi forsterkar samarbeidet og byggjer på med gjensidige og gode forpliktingar, seier Aasland.

Med Engebøfjellet i Førdefjorden som kulisse lanserte Høgre fredag ein ny mineralstrategi for å setje fart på norsk bergverksdrift.

Kina skaper press på meir gruvedrift i Noreg

Kinesisk dominans gjer at Høgre vil få fart på den norske gruvedrifta. Andre åtvarar mot «mineralutvinning på speed».

NRK anbefaler