Hopp til innhold

Fleire bedrifter vil ha fastpris på straum

Fastprisavtalane på straum vert skulda for å vere «dyre», «stivbeinte» og «ein fiasko». Men deler av næringslivet vil ha dei likevel.

Kviknes hotel

BALESTRAND: Leiar for Kviknes hotell, Sigurd Kvikne, kan godt tenke seg ein fastprisavtale. – Men så langt har eg ikkje fått eit einaste tilbod, seier han.

Foto: Kviknes hotel

I byrjinga av desember vart dei første fastpriskontraktane for næringslivet lansert.

Målet med ordninga er å gi bedrifter høve til å sikre seg føreseielege prisar på ei avtalt mengd straum frå og med 1. januar.

Det er same dato som energitilskotsordninga går ut.

– Eg forventar at fastprismarknaden vil vere godt i gang før jul, sa næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) ved framlegginga.

Sidan har fastpriskontraktane stort sett fått kjeft, og tidlegare i månaden melde Nettavisen at berre to bedrifter har takka ja til næringsministerens «straumfiasko».

Samanfatta har fastpriskontraktane vorte kritisert for å vere:

  • For få
  • For dyre
  • Ikkje tilpassa verksemder med sesongvariasjonar og ujamn straumbruk
  • Geografisk avgrensa (til Sørvest-Noreg)
  • Ikkje fleksible nok
  • Ikkje «faste» nok. Tilboda frå straumleverandørane gjeld 70 prosent av totalen. For dei resterande 30 prosentane må bedriftene ut med spotpris.
Pressekonferanse om strømstøtte til næringslivet

I eit debattinnlegg i Finansavisen skriv næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) at det nye fastprismarknaden for næringslivet «er ein realitet, ikkje ein illusjon» og at «konkurransen begynner å virke».

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Fastpristilbodet har vore populært

Ein ringerunde til leverandørane i bedriftsmarknaden teiknar eit meir nyansert bilete.

Ifølgje Fjordkraft har 40 bedriftskundar teikna fastprisavtale hos dei.

Lyse tilbyr fastpriskontraktar for prisområdet NO2, som dekkjer Sørvest-Noreg.

Fastpristilbodet har vore populært og vi har hatt stor interesse, seier Atle Simonsen i Lyse.

Han vil ikkje røpe på kor mange kontraktar det dreier seg om:

Vi ønskjer ikkje å gå ut med tal, men kan seie at det er betydeleg fleire enn Fjordkraft, seier han.

I dei to siste selskapa som leverer fastprisavtaler – Entelios og Fortum – har responsen vore meir avmålt.

Vi er i dialog med nokre titals bedriftskundar, men foreløpig er det færre enn ti som har signert fastprisavtaler, seier Kristian Myrseth i Fortum.

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Hotell vil gjerne ha fastprisavtale

Tysdag denne veka sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at han reknar med at eit vanleg hushald (med forbruk på 20.000 kWh) vil få om lag 33.000 kroner i straumstøtte neste år.

Omrekna betyr det at regjeringa legg til grunn ein straumpris på 3,25 kroner per kilowattime i NO2 neste år (inkludert avgifter og nettleige).

Tidlegare i år såg Kviknes hotell i Balestrand seg nøydd til å skru opp prisane for å finansiere straumutgiftene.

Om det er mogleg, og om prisen er til å leve med, så vil eg gjerne binde meg til ein fastprisavtale, seier hotell-direktør Sigurd Kvikne.

Problemet er at straumselskapet der han er kunde ikkje har ein slik avtale å freiste med.

Så langt har eg ikkje fått eit einaste tilbod, seier Kvikne.

Sigurd Kvikne

– Om prisen er til å leve med, så vil eg gjerne binde meg til ein fastprisavtale, seier hotelldirektør Sigurd Kvikne.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Uvisst kva som skjer etter nyttår

Næringspolitisk sjef i NHO Reiseliv, Ole Michael Bjørndal, seier «store delar av reiselivsnæringa er i uvisse om tida etter nyttår».

Vi har vore i kontakt med mange medlemmer som ikkje har funne det gunstig å søkje seg til ein fastprisavtale, fordi desse ikkje er gode nok.

Inntil vidare ber han om at energitilskotsordninga blir vidareført ut mars.

Sama appell kom frå Nikolai Astrup (H) i Dagsnytt Atten onsdag ettermiddag.

Vi ser at marknaden ikkje er moden og at det er krevjande for bedriftene å inngå desse avtalane. Vestre treng ikkje høyre på meg, men han bør lytte til næringslivet, sa Høgre-representanten.

Til svar erkjende næringsministeren at dei første avtalane har vore «litt stivbeinte», men at Astrup bør ha større tillit til marknadskreftene.

Han la til at han var forundra over at det var nødvendig å fortelje ein Høgre-representant om marknaden si evne til å ordne opp.

Dagens viktigste debatter, intervjuer og kommentarer direkte fra radiostudio.

Bommar for den store majoriteten i næringslivet

KrF-representant Kjell Ingolf Ropstad seier at avtalane som er tilgjengelege er betre tilpassa typiske kjeledress-bedrifter «som har produksjon til alle tider på døgnet».

Dei passar sikkert til store aluminiumsverk, men for den store majoriteten i næringslivet bommar dei.

Han viser til at straumen som ikkje vert nytta (på natta og i helgane) blir seld attande til nettet for spotpris. Om spotprisen er lågare enn den avtalte fastprisen, blir det i praksis opp til bedriftene å gjere opp for mellomlegget.

Slik sett er det stor risiko for at dette blir eit tapsprosjekt for bedrifter som berre driv på dagtid på kvardagar. Altså dei fleste bedrifter, seier han.

Til skuldinga om at avtalane er for rigide, svarer næringsministeren:

– Har du produksjon måndag til fredag, åtte til fire, så er det mogleg å inngå ein fastprisavtale måndag til fredag. Det har ikkje regjeringa lagt avgrensingar på, seier han.

– Så det er klart: Det er kraftselskapa si skuld at bedrifter i dag ikkje får tilbod om kontraktar som er tilpassa når dei faktisk bruker kraft?

– Kraftselskapa har stort sett fått det som dei vil for at denne fastprismarknaden skal fungere. No har dei høve til å tilby meir fleksible avtaler.

Les også Så mye må bedriftene betale for fastpris på strøm

Kraft, strøm

7 . desmber varsla Statkraft, som er heileigd av staten, at dei stiller opp med faste prisar på straum for vidaresal til næringslivet, og at dei tek sikte på å inngå avtale med fleire sluttbrukarselskap (så langt berre Fjordkraft og Fortum).

Pressetalsmann Lars Magnus Günther seier til NRK at dei «ser på moglegheita for å tilby meir fleksible avtalar».

Men då vert prisen stivare, presiserer han:

– Viss du etterspør meir kraft på tider der det normalt er høge prisar, så vil du måtte betale litt meir for ein sånn avtale.