Hopp til innhold

No startar laksefisket – i elvane som ikkje er «tomme»

I natt går startskotet for laksefiskesesongen, men den norske villaksen er i krise.

Tolgafiske

TIL LAKS ÅT ALLE: I fjor vart den atlantiske villaksen teke inn på Norsk raudliste. – Det er dramatisk, seier Alf Olsen Jr. i Nasjonalt Villakssenter.

Foto: Geir Olav Slåen/NRK

I fjor vart det fanga rett over 76.000 laks i alle norske elvar. Det betyr om lag éin laks per sportsfiskar.

Det betyr også at laksesesongen 2021 var den dårlegaste nokosinne.

Ikkje sidan 1956 vart det fanga mindre laks, sjøaure og sjørøye, og den gongen rapporterte berre ein tredel av elvane som rapporterer i dag.

I tillegg er mange elvar stengt for fiske fordi bestanden er så liten. Blant dei favorittelva til Hans Majestet Kongen – Lærdalselva i Sogn.

I staden for å kutte det heilt ut, burde det heller vore strenge restriksjonar, seier Per S. Hjermann i Lærdal elveeigarlag.

Kong Harald får laks i Lærdal

HELT KONGE: Her får Hans Majestet Kongen laks i si favorittelv – Lærdalselva i Sogn.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Også i Finnmark er innsiget av laks lågare enn det som har vore regelen.

Terje Falsen (51) har fiska i Altaelva sidan han var 5–6 år gammal. Kvart år tek han seg ei veke fri frå lærarjobben for å delta i laksefisket, og frå 1. juni til sankthans går det «meir eller mindre i eitt».

Men trykket på elva gjer han uroleg.

– Eg er usikker på om den oppveksande generasjon får oppleve det same som eg har gjort, seier han.

I Altaelva er det i år innført kvote på to laks per person før sankthans.

Terje Falsen

IVRIG FISKAR: Terje Falsen (51) tek seg fri frå lærarjobben for å delta i laksefisket.

Foto: Privat

Villaksen er i ein veldig vanskeleg situasjon

I november 2021 vart den atlantiske villaksen teke inn på Norsk raudliste, som tyder at arten er nært trua.

Det er dramatisk. Villaksen er i ein veldig vanskeleg situasjon, seier Alf Olsen Jr., som er dagleg leiar i Nasjonalt Villakssenter.

Generalsekretær i Norske Lakseelver, Torfinn Evensen, kallar raudlistinga «eit tydeleg signal om at dei menneskeskapte påverknadene på bestandane må reduserast».

Villaksen treng ambassadørar for å komme ut av raudlista, og ansvarlege laksefiskarar er deira beste venn, seier han.

Solberg-regjeringa la i fjor haust fram ein handlingsplan for å berge den truga villaksen (sjå faktaboks).

Tradisjonelt samisk fiske

STENGT ELV: Tanavassdraget har vore stengt i to år. Nå vil Karasjok-ordføraren stenge den i fem år til.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Vanskeleg å seie korleis sesongen blir

Lokale forvaltningslag og Vitskapeleg råd for lakseforvaltning overvaker bestandane i norske elvar.

Det er vanskeleg å seie noko sikkert om kor god eller dårleg fiskesesongen blir, seier leiar av Vitskapeleg råd for lakseforvaltning, Torbjørn Forseth

Han forklarer den dårlege 2021-sesongen med «ein tørr og varm sommar både i sør og vest».

Dette gjorde at mykje av laksen i små og mellomstore elvar ikkje vandra opp i elvane før haustregnet kom, ofte etter at fiskesesongen var slutt.

På den andre sida var det brukbart med mellomstore laks (3-7 kilo) i 2021 og det kan gi eit bra innsig av storlaks i 2022. Fordi dei største laksane ofte kjem tidleg, kan dette bety ein god start på sesongen, særleg i dei større elvane.

Ein god nyhende er at kalenderen viser at vi er i eit partalsår, seier han.

– Det er oddetalsbestanden av pukkellaks som har stått for den store invasjonen. Noko pukkellaks kjem det nok i 2022, men neppe som i oddetalsåra.

Fiskekonsulent i Norges Jeger- og Fiskerforbund, Øyvind Fjeldseth, har låge forventningar til sesongen.

Fjorårssesongen gir ikkje gir grunnlag for optimisme. Nedgangen var stor i alle dei tre oppgitte storleiksgruppene og størst for smålaks, seier han.

Vassdraget har vært et av de viktigste gyteområdene for atlanterhavslaksen.
Nå står vassdraget i fare for å gå tom for laks, sier Somby.
Garnfiske i Tanaelva
Laksebestanden er på et historisk lavt nivå, og i de viktigste sideelvene er bestanden nesten halvert siden 2018.
Bård Johnny Nilsen ser på pukkellaksen som de har fått i Tanaelva
Overfisking får deler av skylden. Derfor har norske og finske myndigheter bestemt at laksefiske skal stanses for andre år på rad.