Hopp til innhold

Uroa for langvarig vekst i oppdrettsnæringa etter villaksen vart raudlista

Rømt oppdrettslaks og lakselus blir peika på som ein av dei største truslane til villaksen. Næringa og regjeringa vil likevel auka produksjonen av oppdrettslaks, trass i raudlistinga.

Nova Sea på Lovund

OPPDRETT: Noreg har over 1200 oppdrettsanlegg. Her frå Lovund i Nordland.

Foto: Nova Sea

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Fleire av trugslane gjeld òg for andre trua og sårbare artar; for eksempel klimaendringar og arealinngrep. Men kanskje den største trusselen er oppdrettsindustrien med lakselus og rømt oppdrettslaks, seier Frode Pleym, leiar i Greenpeace Noreg.

Denne veka kom Artsbanken ut med ein oppdatering av lista over truga dyreartar i Noreg. Av dei over 2500 dyra på lista, ligg mellom anna villaksen.

Norsk raudliste for artar er ein oversikt over artar som er vurdert å ha ein risiko for å døy ut i Noreg.

Jonas Gahr Støre og Frode Pleym før Støre skal i debatt i TV 2 08.09.2021.

ETTERLYSER TILTAK: Leiar i Greenpeace Noreg, Frode Pleym.

Foto: Eivind Molde / NRK

Leiar i Greenpeace Noreg, Frode Pleym, seier raudlistinga er nitrist.

Greenpeace-leiaren seier at sjølv om det er trist at laksen har kome inn på lista, kan det hjelpa å setja fokus på problemet.

– Rypa var raudlista ei stund, og det førte til ein tiltaksplan. Synd at villaksen har kome på raudlista, no må me ha tiltak for at den kjem ut, seier Pleym.

Ynskjer berekraftig vekst

Sjølv om miljøvernarar meiner oppdrettsnæringa er ein for stor trussel for villaksen at dei må minske produksjonen, er det ikkje politisk vilje for dette.

Snarare tvert i mot.

I regjeringsplattforma kjem det fram at dei ynskjer ein auke i oppdrettsnæringa, men med eit meir berekraftig fokus.

Fiskeriminister Bjørn Skjæran frå Arbeidarpartiet seier til NRK at oppdrett og villaks kan gå hand i hand.

– Villaksen er viktig for Noreg, og for verda. Me må klara begge deler, og det krev mykje av regjeringa og av næringa.

Ap-nestleder Bjørnar Skjæran

BEREKRAFTIG AUKE: Fiskeriminister Bjørnar Skjæran meiner oppdrett og villaks kan gå hand i hand.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Greenpeace-leiaren tek ikkje utvidinga for god fisk.

– Oppdrettsindustrien er allereie i stor i dag. Det er galskap å auke produksjonen no som villaksen er raudlista, seier Pleym.

Skjæran understrekar at næringa må veksa innanfor berekraftige rammer, og viser til trafikklyssystemet som eit tiltak som hindrar lus og rømming.

– Må ha to tankar i hovudet samtidig

Oppdrettsindustrien har som mål å femdobla produksjonsvolumet, viss dei kan gjera det berekraftig.

Sjømat Noreg er ein næringspolitisk arbeidsgivarorganisasjon som organiserer rundt 16 000 tilsette innan norsk fiskeindustri og havbruksnæring.

Kommunikasjonssjef i Sjømat Noreg, Øyvind Andre Haram, meiner næringa må anerkjenna problema dei har.

– Det er alvorleg at villaksen er raudlista, og vi som næring utgjer ein av desse trusselfaktorane. Då må me openbert jobba meir med å redusera vår påverknad, seier Haram til NRK.

Kommunikasjonssjef i Sjømat Norge, Øyvind Andre Haram

GLADLAKS: Kommunikasjonssjef i Sjømat Noreg, Øyvind Andre Haram, meiner teknologiutviklinga kjem til å utvikla næringa i ein meir berekraftig retning.

Foto: Sjømat Norge /

– Er det mogleg å auka produksjonen så mykje, og framleis vera berekraftig?

– Det er mogleg å ha to tankar i hovudet samtidig. Det er ei enorm utvikling på gang, og ein må ha moglegheita til å tenka på sikt og skapa meir.

Fortvilande for elvefiskarar

– For ein som er elveeigar og har sin hovudinntekt av sportsfiske, er det fortvilande at laksen har kome i ein sånn posisjon. Det er ikkje noko draumesituasjon, seier Knut Munthe Olsen.

Han er grunneigar rundt Årøyelva i Sogndal, og er uroa for villaksen si framtid.

Knut Munthe Olsen

FISKAR: Knut Munthe Olsen er elveeigar i Sogndal, og fryktar framtida for villaksen.

Foto: Privat

– På Vestlandet har me høg tettleik med oppdrettsanlegg, med massar av oppdrettslaks og store mengder lakselus, seier Munthe Olsen.

Han håpar at næringa går over til lukka anlegg, i staden for opne, som er vanleg i dag. Munthe Olsen meiner det er til fordel for både villaksen og for næringa, som på den måten kan bli kvitt lakselus og rømming.

Haram i Sjømat Noreg seier lukka anlegg er både dyrt, og langt frå problemfritt.

– Når ein har alt i eit lukka system, er det høgare risiko for at andre blir smitta. På same måte som det er større sjanse å bli smitta av nokon i eit rom med vindauga att, enn viss alle er opne, seier Haram.