No snakkar dei for alvor saman over fylkesgrensa

Stig Olav Lødemel tok måndag i mot ordførarkollegaane frå Volda og Stryn til ekteskapssamtale på kommunehuset i Hornindal. Ein fjerde ordførar melde seg uventa på som tilhøyrar.

Storkommunekart, Ørsta, Volda, Hornindal og Stryn

TRE, KANSKJE FIRE SKAL FORHANDLE: Skal to bli til ein i Nordfjord, skal Ørsta og Volda slå seg saman, eller bør alle fire finne saman over grensa. Spørsmåla er mange rundt Kvivsvegen denne våren.

Foto: NRK

– Diskusjonen var veldig konstruktiv og løysingsorientert på alle måtar. Vi er alle samde om at vi saman står mykje sterkare enn vi gjer kvar for oss, summerer Lødemel opp til NRK etter møtet.

Les også: Sp krev utgreiing før ein kommune får skifte fylke

Kan bli ein rikhaldig kommune

Høgre-ordføraren var vertskap då Nordfjord-kommunane Hornindal og Stryn inviterte Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap) til naboprat over fylkesgrensa til kommunehuset Smia på Grodås.

Resultatet vart at forhandlingsutvala i kommunane skal møtast alt neste onsdag. Då skal dei forhandle fram ein intensjonsavtale om samanslåing mellom dei tre kommunane som i dag høyrer til ulike fylke.

– Ein skal reise langt for å finne ein stad som har både flyplass, utdanning, sjukehus, reiseliv, landbruk og eit breitt spekter av tenestetilbod innanfor same kommune. Slik sett vil vi kunne stå fram som sterke, trur Lødemel.

Les også: Dei vurderer om «graset er grønare på andre sida»

Ørsta- Volda lufthamn, Hovden.

GODT UTRUSTA: Ørsta Volda lufthamn Hovden, Høgskulen i Volda, to vidaregåande skular, sjukehus og reiseliv med cruisehamna i Olden er noko av det ein vil finne i ein eventuell storkommune på fylkesgrensa.

Foto: Ørsta-Volda lufthamn

Volda: – Ørsta er viktigast

Saman med strynekollega Sven Flo (H) var han sjølv på tilhøyrarbenken då sunnmørskommunane Ørsta og Volda tidlegare i vinter hadde felles kommunestyremøte på Hotel Alexandra – i nettopp Nordfjord. Etter dagens møte i Hornindal, held Volda-ordførar Jørgen Amdam døra vidopen.

– Vi hadde eit greitt sonderingsmøte der vi såg på moglegheitene for å gå vidare. Vi er opptekne av å gjere kvarandre betre og sterkare, seier han til NRK.

Amdam som har bakgrunn som professor i nettopp samfunnsplanlegging, er klar på at eit Volda med 9000 fastbuande i framtida blir i minste laget. Neste tysdag underteiknar kommunen intensjonsavtale med Ørsta om kommunesamanslåing, men Ap-ordføraren ser gjerne at nordfjordingane kastar seg på.

– Det er opp til dei. Eg trur ikkje det skal stå på Volda. Primærvalet vårt er sjølvsagt Ørsta, men vi skulle svært gjerne hatt med Hornindal og Stryn. Det handlar om å bygge ei motmakt til sentralmakta i Oslo, seier Amdam.

Stein Aam og Jørgen Amdam

JA OG TJA: Ørsta-ordførar Stein Aam vil gå ein ny runde på om dei skal vere med på forhandlingane med Nordfjord-kommunane som Jørgen Amdam i Volda no er ein del av. Dei to skriv neste tysdag ein eigen intensjonsavtale for kommunane Ørsta og Volda.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det meste er uavklart

Volda-ordføraren vedgår likevel at det ikkje er heilt utan nervøsitet ein no på ny freistar å få Volda og Ørsta til å finne saman.

– Vi har baska om dette i 10–12 år no. Det er tredje forsøk, og framleis usikkert.

Dei folkevalde i Volda har bestemt at det skal haldast folkeavrøysting om spørsmålet. Amdam reknar med at ein truleg også tingar ein innbyggjar-gallup.

Går ein over fylkesgrensa møter ein også andre skjer i sjøen. Dei mange regiongrensene, til dømes helseføretak, Vegvesen, NVE med fleire. Amdam reknar likevel med at ein vil finne tenlege løysingar.

– Når kommunikasjonane blir endra, må også regionane endre seg, og vi veit at det kjem ei regionreform. Men vi på Sunnmøre må finne ut om vi er vestlendingar eller om vi er høyrer til Midt-Norge, erkjenner Amdam.

Stig Olav Lødemel og Sven Flo

Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel (t.v.) og ordførar Sven Flo i Stryn har alt skrive intensjonsavtale med kvarandre om samanslåing. No blir det forhandlingar også med Volda.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ørsta går ny runde om firkløver

Nye kommunikasjonar, i dette tilfellet E39 Kvivsvegen, gjorde det også mogleg for ein fjerde ordførar, Stein Aam frå Ørsta, å dukke opp på møtet i Hornindal måndag. Det skjedde sjølv om Ørsta tidlegare har vedteke at dei berre skal snakke med Volda.

– Det var ei positiv overrasking. Stein Aam trappa opp og spurde om å få vere tilhøyrar på sonderingsmøtet. Dei har gjort eit vedtak der dei berre ønskjer å greie ut samarbeid med Volda. No ville Aam gå tilbake til sitt formannskap med spørsmål om dei skal hekte seg på arbeidet med ein intensjonsavtale for alle fire kommunane, fortel Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel.