Senterpartiet aukar presset på kommunane i Sogn og Nordfjord som vurderer byta fylke:
– Me er redde for kva det vil bety for kommunane som blir att, seier Aleksander Øren Heen.
Øren Heen har leia eit kommunereformutval i fylkespartiet, som i helga fekk fylkesårsmøtet med på å krevja at følgjene for eit fylke av å mista kommunar må greiast ut før Stortinget skal vedta eventuelle kommunesamanslåingar neste år.
- Les òg:
Sju kommunar trivst i nabopraten
Stryn, Hornindal, Vågsøy, Selje, Gulen Vik og Aurland er kommunar som har – eller skal – forhandla fram intensjonsavtalar med kommunar i Hordaland og Møre og Romsdal. Det kan innebera at fylket mister om lag 27 000 innbyggar.
– Fer kommunar nord for Nordfjorden og sør for Sognefjorden, blir det krevjande å halda oppe viktige institusjonar i Sogn og Fjordane, som dei vidaregåande skulane, seier Øren Heen.
– Dette er ein utilsikta effekt, seier partifelle og ordførar i Vik, Olav Turvoll. Han er ein av ordførarane i Sogn og Fjordane som har gått over fylkesgrensa for å skriva intensjonsavtale – i Vik sitt tilfelle – med Voss og Aurland.
- Les meir om avtalen her:
– Lettast å snu seg sørover
– Utgangspunktet mitt er kva som er best for innbyggjarane i Vik. Difor har me forhandla fram to alternativ, eitt i Sogn og eitt i Hordaland. Det er sjølvsagt ikkje noko mål for oss å demontera fylket, men samstundes er det å ikkje vera med, ein sjanse å ta, seier Turvoll.
Gulen-ordførar Hallvard Oppedal (Sp) står i det same dilemmaet som ordførarkollegaen i Vik. Kommunestyret har pålagt han å forhandla fram to avtalar, og i Gulen sitt tilfelle er begge med kommunar i Hordaland.
– Med den infrastrukturen som er komen mot sør, er det lettast å samarbeida mot Hordalandskommunane, og det er der me har mesteparten av samarbeidet i dag, seier Oppedal.
- Les òg:
Lojaliteten til fylket
– Fylkesårsmøte sitt vedtak om å krevja utgreiing er avgjerande for å få kunnskap om konsekvensane dette vil få for Sogn og Fjordane, og det er viktig med kunnskap før Stortinget skal ta si avgjerd, seier Øren Heen.
– Men ein kommune som Vik til dømes, som kvart år pløyer mange kraftmillionar inn i fylkeskommunen, og som får ein halv tannlege tilbake i fylkeskommunal arbeidsplass – det er ikkje sikkert fylkeslojaliteten blir den største av slikt?
– Det kan godt henda. Men òg vikjene brukar fylkeskommunale vegar, bussar, båtar og vidaregåande skular, så den framstillinga er ikkje heilt dekkande. Men dette handlar om å sjå heilskapen for heile Sogn og Fjordane, seier Øren Heen.
- Les òg: