Hopp til innhold

Har jakta på ulven i over to år – no er «Lucky» skoten

Ulven som skal ha tatt over 350 sau i Ytre Sogn og Sunnfjord er felt. Ordføraren i kommunen der «Lucky» vart felt, vil gjerne ha han utstoppa tilbake.

Lucky

SKOTEN: Ulven «Lucky» er skoten.

Foto: Privat

Det har vore intensiv jakt etter ulven den siste veka, der også Statens naturoppsyn har bidrege med helikopter.

Ulven i Ytre Sogn og Sunnfjord har blitt jakta på i over to år. Tilnamnet «Lucky» har den fått av jaktlaget som fleire gonger har vore nære, men ikkje nådd målet sitt.

Fredag ettermiddag lukkast dei.

– Vi har jakta på han kontinuerleg sidan tysdag, og for rundt 10 minutt sidan felte vi han, fortel jaktleiar Stein Mortensbakke.

«Lucky» vart skoten rundt klokka 15.20 i dag, ved Eidevatnet vest for Sørbøvågen.

– Vi har leita vest for Hellevika, over store område, fortel Mortensbakke.

Lucky og Mortensbakke

JAKTLEIAR: Stein Mortensbakke.

Foto: Privat

– Blanda kjensler

Sidan ulven er langt vekke frå ulvesona på Austlandet, og har tatt store mengder med sau i området, har staten gitt fellingsløyve.

I fylgje Bergens Tidende har Fylkesmannen i Vestland dei siste to åra betalt ut kring 820 000 kroner i erstatning for tap av 358 lam og sauer etter ulven.

I alt har det vore over 20 mann i aksjon kvar dag den siste veka, i tillegg til fleire hundar, snøscooterar og helikopter.

– Det er vel eigentleg hardt arbeid og sporing som gjer at vi no klarte å ta han, seier han.

Lucky

DELTE KJENSLER: At ulven no er skoten har jaktleiaren delte kjensler om. – Det er blanda kjensler, vi har jakta etter han lenge men det er eit flott dyr som ligg daudt.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Og trass i at dei har leita etter ulven lenge, er det ikkje berre gledesrus no.

– Det er blanda kjensler, vi har jakta etter han lenge men det er eit flott dyr som ligg daudt, seier jaktleiaren, og legg til at «Lucky» no blir sendt til Trondheim for vidare undersøkingar.

EINSAM ULV: Ulven har herja i området mellom Lavik og Hellevika dei siste åra. Den har opphalde seg langt utanfor ulvesona.

Vil ha han tilbake

Ordførar i Hyllestad, Kjell Eide (Ap), er nøgd med at ulven no er skoten.

– Det var heilt nødvendig. Me kan ikkje ha eit slikt dyr gåande mellom oss, seier han.

Han fortel at nokre av innbyggjarane i kommunen har vore redde for å gå ute om kvelden.

– Det er greitt at dette er ute av verda no, seier Eide.

Ordføraren vil likevel gjerne ha «Lucky» tilbake, utstoppa.

– Eg vil jobbe litt for det. Det er greitt at folk her i området kan få sjå korleis ein ulv ser ut.

Har reist langt

Hannulven vandra over frå Sverige, og prøvde truleg å etablere eit revir.

Men på Vestlandskysten finst det ingen ulvar å pare seg med, om ikkje ei tispe tilfeldigvis skulle dukke opp i området.

Ulven i Sogn og Fjordane

ETTERTRAKTA: Lucky har vore einsam ulv i fleire år.

Foto: Odd Arild Dale

Det har det ikkje gjort. I februar i fjor var jegerane nær å felle han. Men då bomma dei to gongar. Dermed er «Lucky» den som har overlevd lengst utanfor ulvesona.

Mortensbakke har tidlegare uttalt til NRK at han ikkje er sjokkert over at det er vanskeleg å få tak i ulven, som etter kvart fekk namnet «Lucky».

– Det er eit av dei flottaste og mest ekstreme dyra med godt utvikla sansar, og han ferdast åleine.