Fredag vart det observert heilt ferske spor av ulv på kommunegrensa mellom Hyllestad og Fjaler.
Sidan 1. desember har det vore lisensjakt på ulven som truleg har herja i området i lang tid.
Laurdag fekk eine jegeren ei heilt unik oppleving då ulven plutseleg stod framfor han.
– Ulven vart observert på ein avstand på 100–140 meter, fortel jaktleiar Stein Mortensbakke.
Bomma
Det vart losna skot mot ulven, men det lukkast ikkje jegeren å setje skotet i dyret.
– Once in a lifetime, seier Mortensbakke om oppleving jegeren fekk med å sjå ulven på nært hald.
Til sommaren er det to år sidan det vart gjeve fellingsløyve for ulv i Naustdal i Sunnfjord, etter at det vart funne drepne og skadde lam.
– Vart ikkje skadeskoten
Då jakta starta opp att søndag tok ikkje lang tid før jegerane skulle få ein ny sjanse til å ta det ettersøkte dyret.
Også då vart det losna mot ulven, men heller ikkje denne gongen skulle dei lukkast.
Statens naturoppsyn har vore på begge plassane det vart losna skot, for å sjekke om dyret kan ha bli skada etter skota.
– Vi har ingen grunn til å tru at ulven vart treft, eller vart skada, seier Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn.
Han er oppteken av at jegerane er forsiktige, og berre skyt på det han kallar «gode situasjonar».
- LES MEIR:
Treng snø
Jaktleiar Stein Mortensbakke seier det var snøfallet som kom før helga som gjorde jakta mogleg. Mildvêret dei siste dagane har gjort at den snøen no er vekke.
– Då slit vi, men vi håpar vi får snø, slik at vi får gjort noko.
Han beskriv jaktterrenget som utfordrande med knausar, tett skog og myr.
Både jaktlaget og Statens naturoppsyn er ikkje i tvil om kva som gjer at ulven trivst i området. Det er funne fleire hjortekadaver i området dei jaktar i.
– Hjorten er det viktigaste byttedyret for ulven no, så den er nok der hjorten har vinterbeite, seier Golf som er rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn.
HJORT: I november fann Statens naturoppsyn denne hjortekalven som mest truleg vart drepe av ulven.
Foto: Statens naturoppsyn, rovviltseksjonen