Hopp til innhold

Denne ulven har lurt jegerane i to år

Ulven har blitt jakta på i snart to år. For fyrste gong er han fanga på kamera.

Ulven i Sogn og Fjordane

ULVEN: Denne hannulven har streifa i Sogn og Sunnfjord i to år, det er svært uvanleg med ulv på Vestlandskysten.

Foto: Odd Arild Dale

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er inga sjølvfølge å sjå bileta av ulv i Sogn og Fjordane, og i alle fall ikkje gode bilete, det seier Odd Arild Dale som fanga ulven med viltkameraet sitt.

Ulven i ytre Sogn og Sunnfjord har blitt jakta på i to år. Tilnamnet «Lucky» har den fått av jaktlaget som fleire gonger har vore nære, men ikkje nådd målet sitt.

Hannulven har vandra over frå Sverige, og prøver truleg å etablere eit revir. Men på Vestlandskysten finst det ingen ulvar å pare seg med, om ikkje ei tispe tilfeldigvis skulle dukke opp i området.

Dale er aktiv hjortejeger, og har oppe viltkamera for å sjekke kor hjorten streifar i jaktterrenget.

– Eg vart litt overraska då eg sjekka bileta i går, og såg ulven på eit bilete frå 17. mai. Det er jo ein slags viltsti der som bileta vart tatt, men det er mange viltstiar som går nær kvarandre, så eg gjorde eit val og var heldig, seier Dale.

Ulven som vandrar i Ytre Sogn og Sunnfjord

ULENDT: Ulven vandrar i eit svært krevjande terreng.

Foto: Odd Arild Dale

Har vore nær døden fleire gonger

Sidan ulven er langt vekke frå ulvesona på Austlandet, og har tatt store mengder med sau i området, har staten gitt fellingsløyve.

I fylgje Bergens Tidende har Fylkesmannen i Vestland dei siste to åra betalt ut kring 820 000 kroner i erstatning for tap av 358 lam og sauer etter ulven.

Leiar for jaktlaget Stein Mortensbakke seier bileta kan hjelpe dei med å finne ut korleis ulven oppfører seg. Kommunane Hyllestad, Fjaler og Høyanger har krevjande terreng, med mykje skog og kratt.

– Vi prøvar å finne eit mønster i korleis han bevegar seg. Vi har ikkje hatt teikn av han på den plassen der før, så kanskje streifar han annleis enn vi trudde.

Mortensbakke er ikkje overraska over at ulven er vanskeleg å få has på.

– Det er eit av dei flottaste og mest ekstreme dyra med godt utvikla sansar, og han ferdast åleine.

Men «Lucky» har vore svært nær ved å bli avliva.

– Vi har vore nær han, ein gong vart det løyst skot utan at jegeren trefte, seier Mortensbakke.

No er snøen vekke, og skadefellingsløyvet varer til 2. juni, men jegerane reknar med at løyvet blir forlenga.

– Snart skal sauene ut på utmarksbeite og det reknar vi med blir katastrofe for dei som har sauer, seier Mortensbakke.

Eit flott dyr

Odd Arild Dale seier det er spesielt at han som den fyrste har fått eit godt bilete av dyret.

– Det er klart at ulven er eit flott dyr, at den ikkje skal vere på Vestlandet er ei politisk avgjerd som eg ikkje vil gjere noko frå eller til med, men å få den på kamera i eit slikt terreng der den ikkje har vore sett før, er spesielt. Kanskje har den vore i dette terrenget i lengre tid utan at nokon har vore klar over det?

Biletet vart teke i Hernesmarka i Flekke i Fjaler kommune, om lag 320 meter over havet. Det er om lag 1,5 til 2 kilometer til nærmaste busetnad.

– Sidan dei vart tatt for ei veke sidan, så det er lite truleg at ulven er der akkurat i dag, trur Dale.

Odd Arild Dale

OVERRASKA: Odd Arild Dale fanga ulven med viltkameraet sitt.

Foto: Gro Ravnestad / NRK