Hopp til innhold

No er ukrainarar den nest største gruppa utlendingar – Nina (32) og fleire ser for seg å bli

Nye tal frå SSB viser at ukrainarar er no den nest største utlendinggruppa i Noreg, og no ser fleire av dei for seg å bli verande.

Nina Isaieva og sonen

VIL BLI: Nina Isaieva (32) seier det er vanskeleg å byrja livet på nytt tilbake i Ukraina og fortel at sin tre år gamle son, som har budd to år i Noreg, ikkje kjenner til noko anna liv enn det som er på vestlandet.

Foto: Sondre Dalaker

Nye tal frå SSB viser at ukrainarar no er den nest største gruppa utlendingar i Noreg.

Den største gruppa er framleis polakkane med 111.000, men på to år har talet på ukrainarar i Noreg auka frå 3600 til 65.800.

Ein av dei er 32 år gamle Nina Isaieva som har busett seg i Årdal kommune på Vestlandet.

– Jo lengre eg jobbar og bur her, jo mindre vil eg reise tilbake, seier ho.

– Det er så vanskeleg å begynne livet på nytt.

Isaieva kom til Noreg mars 2022 saman med sonen på 1 år. Sidan har ho fått fast jobb som miljøterapeut og sonen er blitt 3 år.

Førre veke gjorde regjeringa det klart at ukrainarar med mellombels kollektivt vern får forlenge opphaldet med ytterlegare eitt år.

Fleire ønsker å bli verande

Sjølv om fleire ukrainarar som Isaieva ønskjer å bli Noreg, er det ukjent kor lenge dei må vente før dei kan søke om permanent opphaldsløyve.

Kor mange av dei 65.000 som blir fastbuande i Noreg, er vanskeleg å spå.

Forfattar av rapporten «Ukrainske flyktningars erfaringar med integrering og offentlege tenester i Noreg», Vilde Hernes ved Oslo Met, seier det kjem an på to punkt:

  1. Om ukrainarane i det heile tatt får å lov til å bli verande. Regjeringa har vore tydeleg på at dei i utgangspunktet skal heim.
  2. Kor lenge krigen varer.

– Jo lengre krigen varer, jo større sannsyn er det for at dei blir, seier Hernes.

Den nye rapporten frå Oslo Met syner at stadig fleire ønsker å bli verande i Noreg.

Kronprinsen på vestlandsbesøk

Kronprins Haakon helsar på flyktningar frå Ukraina under eit besøk i Vestland i fjor haust.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå 2022 til 2023 har talet på dei som svarar at dei har bestemt seg for å reise tilbake til Ukraina gått ned frå 26 prosent til 13 prosent.

– Barn blir trekt fram som ein grunn til at fleire ønsker å bli, seier Hernes.

Ingen planar om permanent opphaldsløyve

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt eit forslag om å utvide det kollektivet vernet for ukrainarar frå tre til maksimalt fem år.

– Det er ikkje planar om å gi ukrainarar som gruppe løyve som dannar grunnlag for permanent opphald, seier Merete Romestrand i departementet.

I dager seier reglementet at dei som har behov for vern etter det kollektivet vernet har gått ut, kan du søke om ny mellombels løyve.

Då vil UDI vurdere søknaden på individuelt grunnlag.

Får ein ny løyve etter tre år med kollektivt vern, vil den nye løyva gi grunnlag for at du seinare kan søke om permanent opphaldsløyve.

Dette er vegen for ukrainarar som ser for seg ei framtid som fastbuande i Noreg.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, IMDi, har bedt norske kommunar om å ta imot fleire flyktningar i 2024, men fleire kommunar opplever at tenestetilboda er sprengt.

Les også Vil få ned talet på ankomstar frå Ukraina: Slik endrar Noreg goda for ukrainarar

uZV88TODgjY

– Press om vende tilbake

I rapporten til Oslo Met går det fram at halvparten av ukrainarane i Noreg er usikre på om dei vil bli i Noreg eller reise tilbake.

– Eg trur at mange ukrainarar vil reise tilbake til Ukraina fordi ektemenn, søner, fedrar og brør framleis er der, seier Natalia Mamonova som er frå Ukraina og er seniorforskar hos Ruralis.

At ingen har svaret på kor lenge krigen vil vare, gjer at mange ukrainarar i Noreg må sette livet sitt på vent.

Massive ødeleggelser ved Konstytutsii (Constitution) Square i Kharkiv. Det ligger igjen rester av murstein og metall i gatene.

Massive øydeleggingar i den ukrainske byen Kharkiv.

Foto: SERGEY BOBOK / AFP

Forskingsleiar for integrering ved Institutt for samfunnsforsking, Jan-Paul Brekke, trur at fleire ukrainarar vil oppleve eit press frå heimlandet når krigen er over.

– Når det blir fred, og gitt at Ukraina står sterkt, så må ein forvente at ukrainske myndigheiter vil ønske at flyktningane i andre land skal vende heim og bidra til oppbygging av landet, seier Brekke.

Talet på ukrainske flyktningar i Noreg har også reist spørsmål om Noreg er for attraktiv samanlikna med våre naboland.

Les også Vil redde innbyggertallene i Finnmark med å ta inn flere flyktninger

Honningsvåg, oktober 2020.