Hopp til innhold

Noreg har dobbelt så rause ordningar som Sverige og Danmark

Talet på ukrainske flyktningar til Skandinavia reiser spørsmål om Noreg er for attraktiv samanlikna med våre naboar.

pJAv0f2IqP4

SÅNN JA: Dronning Sonja vitja ukrainske flyktningar hos Oslo Sanitetsforening tidlegare i år.

Foto: NTB

Nye tal frå UDI viser at Noreg har teke imot 50 prosent fleire ukrainarar dei siste 13 vekene enn det Danmark, Sverige og Finland har teke imot til saman.

  • Danmark: 3265
  • Finland: 3226
  • Sverige: 2310
  • Noreg: 13.217

Framstegspartiet koplar tala til «altfor romslege velferdsytingar» som skaper ein uheldig og særnorsk «pull-effekt».

Vi kan ikkje ha høgare ytingar enn nabolanda våre. Her er det openbert at vi må stramme mykje inn, seier Erlend Wiborg, innvandringspolitisk talsperson i Frp.

Fafo-rapporten Different policies, different outcomes viser at introduksjonsstønaden er nesten ni gonger høgare i Noreg enn i Sverige.

Det høyrer med at ukrainarar i Sverige får andre ytingar som utliknar forskjellen noko. Konklusjonen er likevel at ytingane totalt sett er 2–4 gonger høgare i Noreg enn i Sverige.

Samanlikna med Danmark er det norske stønadsnivået omtrent dobbelt så stort.

Danmark: 56 prosent i arbeid. Noreg: 19 prosent.

Etter sommaren har talet på flyktningar frå Ukraina til Noreg dobla seg, og fleire kommunar rapporterer at dei slit med å gi bustad, skule og helsehjelp til alle.

Landsstyret i KS vedtok i november ei fråsegn om at det var «nødvendig med ein open og ærleg offentleg samtale» om det dei karakteriserte som «store utfordringar».

Eit anna problem er sysselsetjing.

  • I Danmark er 56 prosent av dei ukrainske flyktningane i arbeid.
  • I Noreg er talet 19 prosent.
  • Sverige har ikkje samanliknbare tal, men ligg nærare Danmark enn Noreg.

I oktober varsla derfor regjeringa at ho ville «spisse» (altså stramme inn) introduksjonsprogrammet for å stimulere fleire av ukrainarane til å komme raskare ut i arbeidslivet.

Tiltaket kom etter at ei «hurtigarbeidande gruppe» fekk i oppdrag å kome opp med tiltak for auka arbeidsmarknadsintegrering.

– Arbeidsplassen er den viktigaste og beste integreringsarenaen, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

SSB har varsla at dei vil publisere oppdaterte sysselsetjingstal for ukrainarar i Noreg seinare i veka.

Ukraina Flyktninger

– Ukrainarar både ønsker og må bli ein ressurs i samfunnet, og det er viktig å bidra dette, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Foto: William Jobling / NRK

Ulike scenario for talet på flyktningar

På spørsmål om kva som forklarer dei store variasjonane i flyktningstraumen til Skandinavia, seier Brenna til NRK at det er «samansette grunnar».

Neste år er variasjonane enda større.

  • Noreg planlegg å ta imot og busetje 37.000 flyktningar i 2024.
  • I Sverige er planen å busetje 10.000 ukrainarar.

Svenskane legg på same tid til grunn at 8000 vil returnere til Ukraina, altså ei nettobusetjing på 2000 flyktningar.

Førebelse undersøkingar i Minerva viser at 72 prosent av ukrainarane ikkje ser for seg å bli verande i landet dei har flykta til.

Så langt har Noreg busett nesten 65.000 ukrainske flyktningar. Statsminister Jonas Gahr Støre sa i fjor regjeringa førebur seg på å handtere «ein ekstraordinær situasjon med opp mot 100.000 flyktningar».

UDI har tidlegare laga tre ulike scenario for talet på flyktningar frå Ukraina. Det høgste seier at det kan kome opp mot 120.000 flyktningar.

Les også Planlegg for mottak av 60.000 flyktningar

Den ukrainske familien Vyshniak registrerte seg tysdag på politistasjonen på Bryne. Dei kom klokka ni om morgonen, NRK reiste klokka 11. Då var dei framleis ikkje ferdige med registreringa.

NRK har tidlegare fortald om norske kommunar som vil «redde innbyggartala» ved å ta imot flyktningar.

KS-direktør Helge Eide sa då at resonnementet kan byggje på sviktande føresetnader:

– Eg trur vi må vente litt med å fastslå at dette kan bli ein viktig del av den permanente auken av folketalet.

I sitt alternative statsbudsjettet for 2024 foreslår Framstegspartiet å kutte utgiftene til innvandring og integrering med 5,2 milliardar kroner, inkludert driftsmidla til Integreringsdirektoratet.

Totalt er dei norske utgiftene til innvandring og integrering berekna til 34,1 milliardar kroner i 2024.

Les også Anna og Yuliia trengte å lære norsk: Nå er de journalister

To unge kvinner smiler.