Hopp til innhold

Vil få ned talet på ankomstar frå Ukraina: Slik endrar Noreg goda for ukrainarar

Regjeringa tek fleire grep for å gjere tilstrøyminga av ukrainske flyktningar meir handterleg.

uZV88TODgjY

TEK GREP: Dei siste vekene har rundt 60 prosent av alle ukrainarar som kjem til eit nordisk land, komme til Noreg. – Regjeringa set i verk tiltak som vi i sum håpar vil jamna ut innkomstnivået med nabolanda våre, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Foto: NTB

Noreg strammar inn grepet overfor ukrainske flyktningar.

Innstrammingane skjer langs fem spor:

  • Opplysa om krav om butid
  • Nye krav til innkvartering
  • Hotell-innstramming
  • Kutt i barnetrygda
  • Kutt i tilgang til heimreiser

Bakgrunnen er den massive tilstrøyminga og spørsmål om Noreg har for rause ordningar samanlikna med nabolanda våre.

Som moglegheit til å bu på hotell når ein kjem til Noreg, i staden for å melda seg til mottakssenteret i Råde.

– Vi skal framleis ha rause ordningar, men vi går bort frå å bruka dei dyraste og finaste hotella, slik at det ikkje skal vera eit trekkplaster, seier Emilie Enger Mehl (Sp), justis og beredskapsminister.

I dag kan ukrainske flyktningar med barn få etterbetalt eitt år med barnetrygd når dei har vore i Noreg i 12 månader.

No stoppar dette, om forslaga frå regjeringa går igjennom.

– Etterbetalinga vert erstatta med løpande barnetrygd frå år to, seier arbeids- og inkluderingsminister, Tonje Brenna (Ap).

Pressekonferanse om fordrevne fra Ukraina.

– Regjeringa har som mål at innkomstane til Noreg skal komma meir på nivå med innkomstane til nabolanda våre, seier arbeids- og inkluderingsminister, Tonje Brenna (Ap).

Foto: Emilie Holtet / NTB

Dei siste to månadene har Noreg teke imot 50 prosent fleire ukrainarar enn det Danmark, Sverige og Finland har teke imot til saman.

Konsekvensen av den norske «pull-faktoren» er stort press på tenestetilbodet rundt omkring i landet.

Blant dei som har åtvara om situasjonen er landsstyret i KS og ordførarar over heile landet.

Osterøy-ordførar Lars Fjeldstad (Sp) seier til NRK at kommunen «skal ta sitt ansvar og busetja dei vi maktar».

– Men då er vi avhengig av ei ordning som er berekraftig over tid. Det kan ikkje halda fram i dette tempoet.

Enn så lenge er innbyggjarane i kommunen positive til innvandringa, men om kvaliteten på dei kommunale tenestene går ned, og ventetidene går opp, fryktar ordføraren for konsekvensane.

– Då er eg redd for at fleire endrar haldning og bli meir kritisk innstilte. Det ønskjer vi ikkje.

Ordfører i Osterøy, Lars Fjeldstad (Sp)

– Over tid greier vi ikkje å bere denne børa, seier Osterøy-ordførar Lars Fjeldstad.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

NRK er kjend med at det internt i regjeringa har vore stigande uro for at kommunane rett og slett ikkje maktar å følgja opp den siste bestillinga frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi).

Birgit Oline Kjerstad, flyktningpolitisk talsperson for SV, seier det er ein dårleg ide å kutta i barnetrygda:

– Det er eit stort innslag av flyktningar frå Ukraina i matkøane landet rundt. Vi betrar ikkje deira situasjon ved å fjerna dette viktige bidraget. I stedenfor å kutta i rettane til ukrainske flyktningar bør dei heller få like gode rettigheiter.

Nasjonalt Ankomstsenter i Råde åpnet 16 oktober 2015 i perioden da det kom mange flyktninger fra Syria.

Det nasjonale mottakssenteret i Råde.

Foto: Jil Yngland / NTB

Ukrainar i Noreg: – Dette gjer det vanskelegare

I Tromsø sit Kateryna Kurdiuk frå Ukraina.

– Det er tøft nok å leva utan å ha ein fast stad å bu. At det vert hardare krav, gjer det ikkje lettare, seier ho.

Ukrainarar har kollektiv vern.

– Eg veit ikkje korleis dette vil påverka meg, og korleis det vil slå ut på talet på flyktningar frå Ukraina til Noreg, seier ho.

Kateryna Kurdiuk

Kateryna Kurdiuk er usikker på om dette vil gjera at færre kjem til Noreg.

Foto: Hans L. Andreassen / NRK

– Nivået må vere berekraftig over tid

Desember-innstrammingane kjem på toppen av tidlegare grep.

Vi skal halde fram med å stilla opp og ta vår del av ansvaret, men nivået på innkomstane må vere berekraftig over tid, sa arbeids- og inkluderingsminister, Tonje Brenna (Ap), til NRK 27. november.

I oktober sende departementet på høyring eit forslag om å påleggja kommunar å etablera og drifta eit mellombels innkvarteringstilbod til asylsøkjarar dersom det er nødvendig.

Same månad varsla regjeringa at ho ville «spissa» introduksjonsprogrammet for å stimulera fleire av ukrainarane til å komma raskare ut i arbeidslivet.

I Danmark er 56 prosent av dei ukrainske flyktningane i arbeid.

I Noreg er talet falle frå 19,3 prosent (august) til 18,1 prosent (oktober).

Sverige har ikkje samanliknbare tal, men ligg nærare Danmark enn Noreg.

Thon hotel Stavanger midt i sentrum blir mottak for flyktninger fra Ukraina.

Dette hotellet i Stavanger vart i 2022 brukt som mottakssenter for ukrainske flyktningar.

Foto: Øystein Otterdal / Øystein Otterdal

Utfordringane kan ikkje løysast med pengar åleine

Framstegspartiet kallar dagens grep «ein god start», men meiner det må gjerast meir.

– Skilnadene mellom Noreg og våre naboland er ekstremt store. Spesielt talet på flyktningar, men også når vi ser på ytingane og kor mange flyktningar frå Ukraina som har komme i jobb, seier Hans Andreas Limi, nestleiar i Frp.

Les også Noreg har dobbelt så rause ordningar som Sverige og Danmark

pJAv0f2IqP4

I august viste Fafo-rapporten Different policies, different outcomes at introduksjonsstønaden er nesten ni gonger høgare i Noreg enn i Sverige.

Det høyrer med at ukrainarar i Sverige får andre ytingar som utliknar forskjellen noko.

Konklusjonen var likevel at ytingane – per august 2023 – var 2–4 gonger høgare i Noreg enn i Sverige.

Samanlikna med Danmark var det norske stønadsnivået omtrent dobbelt så stort.

Ukrainsk flagg i et vindu i Nordfjord, der ukrainske flyktninger feirer jul for første gong i Noreg.

Ukrainsk flagg i eit vindauge i Nordfjord. Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) gjorde greie for Ukraina-flyktningane i Stortinget for ein månads tid sidan. Då hadde Noreg allereie busett 50.000 ukrainarar. – Desse kapasitetsutfordringane kan ikkje løysast med pengar aleine, tenestetilbodet er lite elastisk på kort sikt, sa ho.

Foto: arne stubhaug / nrk