Hopp til innhold

Turid mista 18.000 då ho fekk 11.000 i lønnstillegg: – Eg blei forbanna

Då ho fekk ein kraftig lønsauke frå Nav, gjekk ho mange tusen i minus. For dermed blei uføretrygda og uførepensjonen kutta med eit endå større beløp.

Turid Søfteland

ABSURD: Turid Søfteland er både oppgitt og sint. 11.000 kroner i lønnspålegg førte til at ho mista 18.000 kroner i uføretrygd og uførepensjon.

Foto: Camilla Næss / NRK

– Forstå det den som kan, seier Turid Søfteland og ler oppgitt.

Ho har jobba i Nav sidan 2006. Etter at ein ryggoperasjon øydela nervane til ein fot, og ho seinare brakk ryggen, fekk ho 50 prosent uføretrygd i 2013. Sidan då har ho vore tilbake i jobb i 50–80 prosent stilling ved Nav Sarpsborg.

Før jul 2021 fekk ho så eit hyggeleg lønnspålegg.

– Eg var så heldig at eg fekk tre ekstra lønnstrinn. Det har eg aldri fått før. Arbeidsgjevaren sette pris på meg og jobben eg gjer.

Men noko skurra kraftig då ho fekk tilbakebetalingskrav i slutten av 2022.

Eg tenkte: Kva er dette for noko? Så eg sette meg ned og rekna på det, og fekk litt bakoversveis.

Året før hadde ho fått 11.160 kroner i lønnsauke. No kravde Nav 11.500 kroner tilbake av uføretrygda hennar, og Statens pensjonskasse kravde litt over 6.500 kroner.

Absurd

Alle uføretrygda har ei grense for kva dei kan tena utanom, før det fører til trekk i trygda. I år er inntektsgrensa rundt 45.000 kroner. Trygda blir redusert med ein høg andel av alt ein tener over dette. Kuttet kan vera opptil 66 prosent, avhengig av uføregrad og inntekta ein hadde før ein blei ufør.

Også uførepensjon ein får frå offentlege pensjonskassar blir redusert på tilsvarande vis.

– Alle får jo kvart år ein liten lønnsauke, anten dei jobbar fullt eller deltid. Som uføretrygda er eg vane med at eg må betala tilbake.

– Men denne gongen blei eg forbanna, rett og slett, seier Søfteland.

Eg tapte faktisk 7000 kroner på å få meir i lønn.

Turid Søfteland
Turid Søfteland

Ryggproblem har gitt Turid Søfteland skadde nervar i ein fot og gjort henne 50 prosent ufør.

Foto: Camilla Næss / NRK

Ho er altså i den absurde situasjonen at Nav er arbeidsgjevaren hennar som både gav henne lønnspålegg og deretter måtte redusera uføretrygda hennar tilsvarande.

Ho klandrar ikkje arbeidsgjevaren sin.

– Det er politikarane, ikkje Nav, som har bestemt lovverket. Lova legg ikkje til rette for at uføretrygda får meir i løn.

Takka nei til lønnsauke

NRK har tidlegare fortald om Mats Bendiksen som meiner det lønner seg for lite for uføretrygda å jobba deltid. Også han har sett paradokset med at lønnstillegg ikkje lønner seg.

– Eg blei førespegla lønnsauke no i haust, men sa nei. Hadde eg takka ja, ville eg fått tilbakebetalingskrav på heile beløpet.

Derfor valde han å venta med lønnsauken til januar 2023.

– Men eg vil sitta igjen med veldig lite av den. Det kjennest frykteleg urettferdig. Eg ser også veldig lite til feriepengane kvart år.

Les også Raudt og Høgre krev betre kår for uføre i jobb: – Nedverdigande

Mats Bendiksen

Nav: «Slik er reglane»

På spørsmål om dei uføretrygda som får lønnsauke, svarer Nav at regelverket har utspring i lov og forskrift, altså er bestemt politisk:

  • All lønnsauke medfører redusert trygd når lønna er over inntektsgrensa.
  • Tilbakebetalingskravet kan bli høgare enn den faktiske lønnsauken, fordi etteroppgjeret blir berekna ut frå kor mykje du oppgav i forventa inntekt.
  • Avkortingsreglane gjeld også sluttpakke og all anna pensjonsgjevande inntekt.

At tilbakebetalingskrav frå Statens pensjonskasse kan komma i tillegg, forklarer Nav slik:

«Det er inga samordning med offentlege pensjonskassar, slik som det er ved alderspensjon. Dei enkelte offentlege pensjonsordningane kan ha eigne avkortingsreglar mot ytingar frå Nav.»

Turid Søfteland

Vond rygg gjer at Søfteland jobbar halvt. Eit hyggeleg lønnspålegg i 2021 førte til eit endå større trygdekutt året etter.

Foto: Camilla Næss / NRK

Arbeidsministeren: – Skal sjå på det

Søfteland meiner det er urimeleg at lønnsauken enda i minus, når både uføregraden og stillingsprosenten hennar var uendra.

– Eg jobba ikkje fleire timar, men fekk meir løn for same jobben. Lovverket må forandrast slik at uføre får behalda lønnsauken sin.

Uføretrygd bør vera avhengig av kor mykje ein jobbar, ikkje kor mykje ein tener. Lønnsauke bør ikkje gi avkorting av trygda.

Turid Søfteland

Arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap) svarer slik:

– Det er trygda, ikkje lønna, som blir avkorta.

Ho gjentar det ho har sagt mange gonger før:

– Det viktige er at det skal lønna seg å jobba. Ein blir ikkje trekt like mykje i trygd som det ein tener på å jobba.

– Men i dette tilfellet forsvann jo alt og meir til, så det lønte seg ikkje å få lønnstillegg?

– Dersom det er tilfelle som svekker insentiva til å arbeida skal me sjølvsagt sjå på det. Me går no gjennom desse eksempla, seier Persen.

Men ho held fast ved hovudprinsippet om at trygda skal ned viss lønna går opp.

– Lønn over inntektsgrensa blir avkorta basert på tidlegare lønnsinntekt.

Andre tilfelle av trygdeavkorting for uføre har Persen tidlegare kalla «urimeleg», og ho har varsla endringar.

Les også Arbeidsministeren om tilbakebetaling av uføretrygd: – Urettferdig og urimeleg

Marte Mjøs Persen

Øydelagd helse

Turid Søfteland fortel at året før lønnsauken byrja ho å jobba 80 prosent, fordi politiske avgjerder gjorde at ho ikkje klarte seg økonomisk med halv stilling.

– Først tapte eg 15.000 kroner årleg då Arbeidarpartiet tok vekk høvet til å trekka store sjukdomsutgifter på skatten. Så avgjorde Høgre at uføretrygd skulle skattleggast som vanleg inntekt. Sjølv om dei auka uføretrygda litt, tapte eg årleg nye 12.000 kroner netto.

– Summen av dette gjorde at eg måtte pressa meg til å arbeida meir, rett og slett, for eg er einsleg og det gjekk ikkje opp økonomisk.

Men i 2023 er ho likevel tilbake til 50 prosent stilling.

– For eg har jo øydelagt helsa mi meir. Eg stortrivst i jobben, men vart jo forbanna når eg taper 7.000 kroner på å få meir i lønn. Dette rimar ikkje.

Turid Søfteland

– Det er ikkje Nav si skuld når politikarane har bestemt lovverket som ikkje legg til rette for lønnsauke for uføre, meiner Turid Søfteland.

Foto: Camilla Næss / NRK

Pensjonskassen: «Lønn avgjer, ikkje stillingsprosent»

– Eg forstår jo at det kan verka veldig urimeleg.

Det seier fagsjef Hilde Wærness Jensen i Statens pensjonskasse.

– Uføretrygd og uførepensjon er to frittståande ordningar med to ulike regelverk og er ikkje samordna. Politikarane på Stortinget vedtar begge regelverka.

Ordninga for uførepensjon skal dekka for inntektstap i tilfelle sjukdom.

– Generelt vil det seia at dersom lønna aukar, blir pensjonen redusert.

Men ho seier at folk på uføretrygd kan søka om å få auka inntektsgrensa si dersom lønna aukar meir enn den årlege generelle lønnsveksten i samfunnet.

– Trygd og pensjon er avhengig av kva ein tener. Burde det heller vore avhengig av kor mykje ein jobbar?

– Det meiner vi ikkje noko om. Vi må halda oss til regelverket som seier vi skal ta omsyn til pensjonsgivande inntekt og ikkje stillingsprosent, svarar Jensen.

Søfteland seier ho faktisk har søkt Nav og pensjonskassen om å få auka inntektsgrense.

- Eg søkte med dokumentasjon av at eg hadde auka i lønn og ikkje arbeidstid. Eg fekk avslag fordi lønna ikkje hadde auka nok. Ifølge regelverket tener eg altså både for mykje og for lite, sukkar ho.

Les også Krever endring etter at Guri Anne (40) måtte betale tilbake uføretrygd

Guri Anne fikk fast jobb.

Les også Flere flyktninger står uten rett til uføretrygd

montaha